GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

23. august 2015

T-skjortepadling rundt Giske

Eg har lokka og lurt Odddvin i lange tider no og skrytt over kor gildt det er å padle på Sunnmøre, så når det endeleg klaffar med jobb og gode meldingar- jau då er det berre å glede seg! Rundt Giske er min absolutte favoritt når eg skal plukke ein nærtur til å vise fram kor flott det er her. Vi er ikkje før kommen utpå før gliset til Oddvin nesten går rundt. Og breidare blir det jo meir vi får sjå ut i havet. Speilblankt vatn, sol og flott natur uansett kor du snur deg. Eg gliser litt eg og, og tenker eg er jaggu heldig som har kort veg både til fjordane og havet....Det er berre å nyte det. Sol, speilblankt hav og flott natur. Spørsmålet er korleis i all verden toppar eg dette til neste gong han kjem på (jobb)besøk?


 Dreamteam klare for tur!

På veg nordover th. Vi runder nordenden og får første gløtt av Erkna

Erkna i det fjene, ca 5 km, th, og langs land på nordvestsida th

Mot moloen ved Storevika og nordvest

Kikk inn mot musikkstudio tv, langs Makkevika på sørenden th

Glimt av Ålesund på veg nordover igjen, og Giskebrua og snart tilbake til start th

Dagens Alnes må med




21. august 2015

Kortkort rullerapport

Nå er det himla lenge siden det har vært tullet i greenlanderen, Mildrid og jeg verker etter litt rulletrening. Ettersom vi ikke er på Stokkøya i år, må vi nesten ta ei økt når det likevel er NM i rulling. Som sagt så gjort. Håndrulla satt som et skudd- tilogmed på vranga. Rulle med knytta neve fikk jeg til også!! Spineroll bør være innen rekkevidde med litt yoga, likeens paddle held behind neck. Alt i alt ei vellykka økt- særlig tatt i betraktning at jeg nesten ikke har rullet i sommer.



10. august 2015

Langtur på Søre Sunnmøre: Voksa- Larsnes

Eg vaknar like tørr og fin til sol og finever. Men gnagsåra er ikkje gode og migrene er på veg og gnagsåra vonde. Riste ligg nokså langt til havs og er for flott til ikkje å kunne nytast ordentleg så vi bestemmer oss for å ha det til gode. Det vert føling i fjæra rundt Voksa i staden, på leit etter ein meir eigna teltplass til ein annan gong. Vi startar med T-skjortepadling. Mykje fint å sjå blandt holmar og skjer her ute, men ingen gode teltplassar. Etter ein runde konkluderer vi med at den beste teltplassen her ute nok er den vi allereide har nytta, og at middag på ferjeleiet no skal smake godt. Kylling og ris vert laga til medan regnvêret truar i det fjerne. Skal vi ta ferga tilbake til Larsnes, eller padle? Eg kjenner på migrena at ingen av delene er optimalt, ettersom det å ta ferge inneber å fly fram og tilbake med tunge kolli og kajakkar i både endar. Stress og migrene er ingen god kombo. Det er drøyt 5 km til Larsnes. Ingen vind og ikkje noko bølger å snakke om. Ikkje er det meldt ruskevêr heller. Men vi må bestemme oss no- ferga går om 30 minutt og det er to timar til neste. Nei, eg stemmer for padling- vi skal jo inn i smulare farvatn og eg veit eg vil halde heile vegen inn.

Som vanleg på denne turen kjem det regn og vind ikkje lenge etter at vi har lagt ut frå land. Mykje regn. Og artige bølger. Det er ikkje alltid eg synes at regn er så veldig artig , men no er det det. Kryssingar er generelt kjedelige, men regn og bølger gir litt variasjon. Vi kjem inn til Larsnes eit kvarter/20 minutt etter ferga. Veldig fornøgd og passe sliten.

Vi sosar rundt i berre T-skjorte- luksus!

Mykje fine holmar og veldig få teltplassar. Ingen det går å komme til med fullasta kajakk jaffal.

Frå Hestholmen set vi kursen mot fergeleiet på Voksa tv. Vel utnytta båtbord på naust th.

Larsnes i det fjerne tv. Framme på Larsnes th.


Ingen skal seie at vi ikkje har testa ut Skim Differ skikkelig. Vi har totalt tilbakelagt  67 km og foretatt 3 brukbart lange kryssingar. Vêret har stort sett vore greitt, men litt bølger og vind har vi smakt på. Og det har vore mykje straum i sjøen på denne turen. Så kva er konklusjonen? Eg sitt godt i han, også etter fleire timar på sjøen. Det er god kontakt mellom skrog og kne/lår, og eg vil tru han er nokså lettrulla. Lårstøttene kjem litt langt ned mot knea på meg, men ellers er dei greie. Einaste er at eg ikkje får jobbe så godt med beina, men det er kanhende prisen å betale for å ha god kontakt med skroget. Kajakken går utruleg mjukt i vatnet og er veldig forutsigbar, stødig og lett å kontrollere i bølger. Dette likar eg veldig godt- kanskje det beste eg har opplevd i kajakk så langt? Romanyen er stødig i bølger, men både dansar og stampar litt. KSViking og Valley Avocet går silkemjukt i bølger, men dei dansar og er litt meir nervøse. Pga forma på skroget ville eg trudd Skim Differ skulle stampe, men det gjer den altså ikkje! Derimot så fomla eg litt med å få den retningsstabil og måtte bruke skegen heile tida. No hadde vi rett nok mykje av det, men eg opplevde han følsom for straum. Eg reknar igjen med at dette er ting som går seg til etter kvart som ein lærer båten å kjenne. Derimot er han lite vindpåverka og det er ein god ting på tur! Han opplevdes og som litt rank, og gir ingen ting gratis, så skal ein svinge må du kante- her held det ikkje berre med årebruk. Men då svinga han såpass godt at eg sleit litt med å stoppe svingen. Igjen vil eg tru at dette kjem seg med betre teknikk. Vi hadde ikkje med oss GPS til å måle farta undervegs, men i teorien bør han gå fortare enn Romanyen jaffal. Den opplevdes i allefall som raskare, men kor mykje veit eg ikkje. Ellers var det litt unødvendig smårusk, som at lukene ikkje heilt passar, deksrigginga kunne vore noke betre og personleg likte  eg ikkje opplegget for feste av åre på bakdekk, men akkurat dette er eit tilvalg ein kan droppe. Men bortsett frå det: alt i alt ein kajakk eg godt kan lære meg å like.

Takk for flott tur Mildrid og tusen takk for lån av kajakk til Kristin og May-Elin. Og takk til Jon Oli som plukka oss opp att på Larsnes. Strålendes!






9. august 2015

Langtur på Søre Sunnmøre: Borgarøya-Voksa (Sande)

Vi vaknar til småregn og knottm men sola skin etterkvart. Skrotten er i overraskande bra form, men gnagsår under armane gjer grunn til bekymring. Kor langt kan eg padle før det vert eit problem? Vi legg plan for dagen med mogleg retrett fleire stader langs strekket mot Sandsøy, og droppar derfor å fare innom Flåvær. På Herøy lunsjar vi og kjenner på form og gnagsår. Førebels går det greitt, og eg trur eg skal klare meg heilt til Sandsøy. Vi stilar mot Moltustranda, gjennom Langholmsundet, og vidare til Hidsneset på Gurskøya. Her må vi velge. Krysse over mot Sandsøy eller ta kvelden? Vêret ser fint ut og gnagsåra kjennes greie så vi går for kryssing. Det er 4 km kortaste vegen over mot Kleiveneset og 5 km til Sandshamn. Skal vi ta nord- og vestsida av Sandsøy eller den meir skjerma aust- og sørsida?

Eit lite stykke utpå bles det opp og mørke skyer dreg seg til i horisonten. Vêrmeldingane har vore upålitelig i heile sommar så vi tør ikkje stole på vindmeldinga på 3-4 m/s, og tek ei kjapp avgjerd om Sandshamn, sørsida og leir på Voksa. Framme i Sandshamn handlar vi litt på den lokale coopen som har alt du treng, og tek ein skikkeleg pause. Eg byrjar å kjenne det i skrotten, men no er det ikkje lange biten att. Ved Voksa startar leitinga etter ein høveleg teltplass. Det er lettare sagt enn gjort. Uvanleg låg fjære gjer det vanskeleg både å få oversikt og å få fullasta kajakkar på land.

Vi finn ein grøn flekk det går å komme seg til etter ein times leiting. Litt i tvil- kor lang opp går eigentleg floa her? Eg slår til slutt opp teltet i trygg forvissing om at dette er trygt- det veks trass alt gras her! Kl. 03.00 på natta må eg opp eit ærend. Då står flomålet  20 cm unna teltet. Eg reknar på det. Ut frå tidspunktet sjøen var på det lågaste er det maks flo no. Det er vindstilt og ingen dønningar. Så eg legg meg att og vonar på det beste. 27 km unnagjort og eg treng kvile til neste dag. Og kanskje fer vi ut til Riste.


Så vart det jaggu finever likevel. Borgarøya

Mildrid i godt driv tv. Herøy bru th. Uvanleg mykje straum i dag, men det synes sjølsagt ikkje på bilde.

Inn mot Herøy Gard og pause tv. Vidare mot Moltustranda th. Langholmen i horisonten.

I Langholmsundet. Vakkert.

Skorpa (midt i bildet) og Nerlandsøy tv. Mot Sandshamn th.

Sandshamn betyr fisk tv. Under Hønebrua (!) ved Trettholmane th.

Mildrid ser lengselsfullt ut mot Riste. Kanskje i morgon?

Frå teltplassen på Voksa. Vi fann ein til slutt.


8. august 2015

Langtur på Søre Sunnmøre: Ålesund- Borgarøy (Ulsteinvik)


Melding frå Kristin: "Du, vi skal til Sverige ei veke og gidd ikkje ha med oss kajakkane. Vil du og Mildrid låne?" Vi er ikkje vanskjelege  å be, og brått står eg der med to stykk Skim Differ på taket, og kjenner at dette kan bli gøy! To kajakkar med fartspotensiale må testast skikkeleg, og eg legg ut åte til Mildrid:Kva med å padle frå Ålesund til Sandsøy eller deromkring? Og før eg veit ordet av det har vi ein turplan A, B, C osv. med utgangspunkt i Ålesund og avslutning ein stad på vegen i retning Sandsøy/Kvamsøya. Vi ser an vêr og form undervegs, og planlegg tur deretter.

Mandag legg vi utpå kl.15.15. Mål for dagen: Borgarøy i Ulsteinvik, med moglegheit for å hoppe av på Flø. Det er dørge stilt utpå, men vi skal krysse eit drygt stykke på 6 km frå Hessa mot Kvitneset (Hareidlandet), med ein liten sveip innom Eltraneset på Sula. Over det berykta Breisundet mao - eit stykke vêrutsett norsk natur. Men er det ein dag eg er trygg på at dette skal gå greitt, er det i dag. Vi sett inn transport- og meditasjonsmodus med ein gong. Skrår over mot Sula slik at kryssinga vert endå lengre. På Eltraneset glitrar svaberga i gull. Og sjøl om det er stilt utpå, er det bra med svell i sjøen. Her kan eg godt forestille meg det kan verte røft.

Over på Kvitneset på Hareidlandet er det tid for påfyll. Kvitneset vart nytta som fort av Tyskarane under krigen for å sikre fri veg til Atlanteren og vidare nordover for åtak på Russland. Det ligg fortsatt restar etter fortet der, og er eit populært og spennande turmål for folk i området. Vi legg minnene om krigen bak oss og mediterer oss vidare mot Flø. Bratte fjell og ellers ingen ting etter vi forlot Hessa, og eg kjenner det skal bli godt med litt meir variasjon i landskapet.

Når vi kjem til Flø er det blitt kveld, men vi har framleis krefter att og siktar oss inn mot Borgarøya. Vi pausar litt hos Dag der han og katten puslar på med kvart sitt, og eg kjenner det gjorde godt. Armane er lange, og gnagsår er på veg både her og der. Dei siste kilometrane er seige. Vel i hamn på Borgarøya er klokka 21.15 og 31 km er unnagjort. Middag, knott og telting og vonleg ei god natts søvn før neste etappe mot Sandsøy. Men det vert i morgon.


Housewives strikes again tv. Ålesund by og Slinningsbua th.

Langs Hessa tv. Retning Sula og Eltraneset th.Hareidlandet i bakgrunnen.


På leit etter landingsplass på Kvitneset, Hareidlandet

Langs Hareidlandet i retning Flø tv. Runde og Grasøyane (om du ser godt etter) th

Pause i Fjøra hos Dag og Tiger tv når vi nærmar oss Ulsteinvik. Inn mot Borgarøya th




7. august 2015

Storhornet, 497 m.o.h

Heimattkomen frå Sunnhordland, og med byrjande rutine for mindre fjellturar er det berre å halde fram. Dagens mål: Storhornet på Godøya. Eit mål eg har hatt lenge, men ikkje klart å realisert. Men nuh! I passe grått, men regnfritt turvêr legg eg avgarde oppover frå Alnes. Vegen opp til Alnesvatnet er kjend- her har eg vore fleire gongar før. Så bers det vidare ut i ukjend terreng. Eg må sjølvsagt stoppe ved Johanskyttsteinen- Sunnmøre sitt svar på Trolltunga. Eg stiltrar meg utpå. Mutters åleine, utan moralsk støtte av noko slag. Det sug i magen- eg må verkeleg forkusere for ikkje å verte svimmel. Eg kjem meg like heil og fin inn på fast fjell att og fortsett oppover.

Eg er relativt tidleg ute, men likevel har folk byrja å sige oppover før meg. Dette er eit populært turmål. Og eg forstår kvifor. Utsikta er heilt fantastisk. Hav og fjell og det er så uendeleg vakkert. Eg sit og nyt ei lang stund før eg går ned att. Stoppar opp ved Alnesvatnet, og på sletta rett ovom Alnes- favorittutsynsplassen min. Vel nede att kjem regnet, men det gjer ingen verdens ting. Storhornet er erobra og lukka fullkomen.