GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

23. juli 2023

Morgondykkert på Roppesanden


Marko er dykkesjuk og lurer på om nokon kunne tenkje seg å dykke tidleg søndag morgon? Runde eller Flø er aktuelt. Om eg skal stå opp kl 05.00 på morgonen freistar det mest med Flø ettersom det berre er ein kort køyretur. Og Flø vert det.

Vi møtast kl 05.45 på Roppesanden. Det er no og i kveldinga det er stillast utpå, og det er då det er kjekkast å dykke. Flø er berre lekkert - også under vatn. Stor fin tareskog, krittkvit skjellsand og ein og anna fisk. Og i dag: mengder med glasmanet (eller vassgopler som dei seier her omkring - du høyrer nesten på lyden av ordet kva det er for skapning...). Det er så vakkert så vakkert.

 Det er litt drag i sjøen, så eg er spent på sjøsjuka. Lurt å komme seg vekk frå grunna så fort som råd er. Det er ikkje så djupt der vi snorklar, men midt i blinken for meg. Eg tek nokre dykk og til mi store glede går det fint både å komme seg lett ned og å utlikne. Men å både ta bilete og å dykke samstundes klarer eg ikkje enno. Eg finn framleis ikkje heilt roen. Til slutt må eg gi meg - sjøsjuke på veg, så best å komme på land mens leiken enno er god.

Eit kort, men fint dykk! Og takk for kjekt selskap Marko!