GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Grasøyane. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Grasøyane. Vis alle innlegg

15. april 2022

Selsomt på Grasøyane

Som vanleg kjem fredningstida på Grasøyane brått på. Ofte er det fint å dra utover i Mars, men det har vore vind, og regn og snø om kvarandre. Og litt triveleg på tur må det no være. Og trygt. Og lovleg. Frå 15 april - 15 august er det ilandstigningsforbod der ute, og i år var dette i påska. Med 4,5 km rett ut i havet er det er mykje som skal klaffe for ein slik tur. Det bør ikkje blåse for mykje (har ikkje lyst å ende opp på Island), bølgehøgden bør være handterbar (kan fort verte mykje og stor sjø etter vekevis med vind), ein må være fleire i lag (ingen solotur dette og ikkje egna for uarfarne), ein fridag gjer seg, og så må det altså ikkje være fredningstid det ute.

Eg skulle rett nok jobbe i påskeveka, men med litt fleksitid og høvelege vérmeldingar låg det tilrette for ein tur i påska likevel. Lene fekk med seg Øystein óg - kjekt med nye padlebekjentskap og trygt å være fleire. Øystein var ekstra klar for tur, med ein heilt flett ny P&H Cetus som han akkurat rakk å plukke med seg på vegen.

Lene og Øystein. 
 
Utover vart det lite bilder på meg. Med mobilkamera i eit ikkje 100% sikkert vanntett etui, frisk sjøgang og lite lysten på å bli sjøsjuk, så eg lot eg det være. Men sjølv om eg må konsentrere meg for ikkje å bli sjøsjuk synes eg det er det artig med havpadling når det er slik likevel.

På denne tida av året er det ofte høve til å sjå sel ute ved Grasøyane. Selen er nokså sky og forsvinn så fort dei får ferten av oss, så vi valgte å nærme oss kolonien med vinden i mot denne gongen. Det skulle betale seg!
Er selen der eller ikkje? Øystein og Lene speidar.

Jaudå! Mykje dyr faktisk!

Men ikkje spesielt lette å skille frå steinen den ligg på.

Vi er oppdaga! Nokre av dei største dyra (hannene mest truleg) går i vatnet.

Jasså! Kva dokke vil?

Den største av dei viser fram brystkassa, snøftar høglytt og dykker ned i sjøen med eit plask. Eg antek det er for å gi beskjed om at dette er hans område - ikkje vårt. Dette gjentek han fleire gonger, medan ungdommen har plassert seg i trygg avstand bak oss. Vi er rett og slett omringa! Dei har kontroll på oss, medan vi aldri veit kor dei dukkar opp neste gong. Vi ligg lenge slik og observerer kvarandre på avstand, før svolten gneg og det er på tide med ein beinstrekk.

Grasøyane fyrstasjon.

Godt tilrettelagt for kajakkparkering her!

Lene har nett hatt bursdag. Det feirast med å innvie den nye samanleggbare og padlevennelege kvistbrennaren ho har kjøpt seg!

Kokekaffi, kaker og kringler. Fint skal det være!

Som alltid er det kjekt med litt rekognosering.

Fyr er berre so vakre!!

Heimvegen tenkte vi å legge på nordsida i retning Fløraunden. Eigentleg var det meldt at sjøen skulle legge seg utover dagen, men det gjaldt visst ikkje dønningane som kom frå nordvest. Det vart berg-og-dalbane sidelengs eit stykke før eg kjende at no er det berre å sette kursen inn mot havna att, så eg ikkje vert sjuk. Fløraunden får være til neste gong. Artig å padle i unnabakke heile vegen inn, sjølv om min indre gyro får køyrt seg! Det er noko heilt spesielt med slik havpadling.

Vel inne i havna att er vi vel fornøgde alle mann! Full uttelling på alle tenkelege måtar. Og Øystein var vel fornøgd med ilddåpen til Cetusen og! Takk for tur og godt selskap!

14. april 2018

Vårleg på Grasøyane

Eg er i siget, det er vår og gode meldingar. Fyr nr. 3 på kort tid. Fredningstida på Grasøyane er rettt rundt hjørnet- det er no eller i slutten av august. Mildrid, Lene, Odin og eg legg ut frå småbåthamna på Flø. Det er mildt i været og lukta av sjø er uimotståeleg slik den berre er på denne tida.

Vi legg kursen mot holmane sør for Grasøya for å sjekke ut selkolonien der. Dei var i fåtal og litt skaptiske- men vi såg dei. Det held. Pause ved fyret. Lene har nøkkel og vi får omvisning i både i voktarbustad og i sjølve fyret. Dei siste åra har det vorte lagt ned mykje arbeid i å sette i stand voktarbustaden, og fin har den blitt! Synd så få får sjå. Fyra er ei viktig del av historia vår, men når ingen lengre bur her tek forfallet fort over slike stader. Då er det bra at nokre av dei vert behandla fint.

Sola varmar. Lene byr på kake og jordbær. Vinden som er meldt kjem ikkje. Livet er i grunn heilt OK akkurat no, akkurat her. Fløyelshav på vegen heim. Alt er akkurat så fint at eg tenkjer det er på tide å komme seg i vatnet att når vi er tilbake i havna. Kjenne på kor kaldt kald sjø kjennest. Wet-wxit vart til rulleforsøk og wet-exit. Kaldt, men kroppen hugsar visst. Avslutta med eigenredning- fekk til det og! Godt å kjenner at eg er i siget att! Trur eg.........











30. oktober 2016

Under åpen himmel på Grasøyane

Vi har hatt en makalaus høst i år. Sol og nesten vindstille ukesvis i trekk. Rødmende solnedganger, dypblå himmel, stjerneklart og nordlys. De har vært et eventyr! Om vi da ikke skulle kunne oppleve alt dette herlige ute på Grasøyane, båle, se på solnedgangen og sove under åpen himmel? Mildrid er full av energi for tida. Vi hiver oss rundt etter jobb fredag ettermiddag (vanlig prosedyre etterhvert) og kjører ut til småbåthavna på Flø. Grasøyane ligger der ute i alt det blå og lyser hvitt i mot oss.

Ferdig pakket og klart klokken seks, og akkurat tidsnok avgårde til å rekke frem i dagslys. Det er et magisk lys utover. Vinteraktige pasteller blandet i lag med høstens gyldne farger. Innover i fjordene gløder fjellene i kveldslyset- dette har jeg virkelig aldri opplevd før! Vi leiter litt etter en høvelig plass å gå på land. Det er folk her ute som jobber med å sette istand bygningsmassen- vi vil være litt for oss sjøl og styrer unna båthavna. Store steiner og vanskelige landingsforhold over alt, så vi kan like godt gå for den beste utsikten. Olea og Mildrid har fylt kajakken opp med ved og enda til forberedt middagsmat- luksus! Så sitter vi her ute da, nyter skumringstimen rundt bålet og koser oss med god mat og vin (!).

Jeg er spent på å sove under åpen himmel. Fryspinn som jeg er har jeg å forsøkt unngå dette i det lengste, men lokket av muligheten til å kunne ligge på rygg og se nordlyset sjanser jeg på at det går bra likevel. Varmeflaske i soveposen og Hunterduken til Jerven utenpå, så går det fint selv om det blir nattefrost. Midt på natten må jeg opp et lite ærend. Ikke noe nordlys, men en fullmåne som henger rett over og drysser sølv utover mot Runde. For en opplevelse! Jeg knipser noen bilder med mobilen før jeg kryper ned i varm sovepose igjen. Dette er bare helt magisk å få oppleve.

Natt blir til dag og jeg våkner varm og uthvilt til sol og en fantastisk utsikt.Vi tusler rundt, tar noen bilder og gjør klar til frokost. Vi pakker og gjør oss klar til å dra hjem igjen. Litt mer vind i dag, men helt greie forhold. Sjøen har stor kraft i seg og havet reiser seg der det møter stein og tusenvis av vanndråper glitrer mot oss i solen. Ikke en sjel foruten oss på havet i dag heller. For en opplevelse vi har hatt!

Vi er heldige, vi som bor her ute nær havet. Det er bare om å gjøre å gripe muligheten når den byr seg. Det skaper fine minner som gir god lindring når det stormer som værst.











21. september 2016

Grasøyane


Grasøyane fyr. Ein av desse viktige vegvisarane langs kysten vår. Den ligg langt nok frå land til å være utilgjengelig dei fleste av årets dagar, men nær nok til å være innan rekkevidde på ein god dag.Tysdag ettermiddag var ein slik dag. Fuglefredingstida er over, sola skin og yr melde nesten ikkje noko vind. Kristin slepp ikkje frå jobben så tidlig som tenkt, menlike vel- marginane er på vår side.

Det er eit eventyr å padle utover. Sommaren har enno ikkje heilt slept taket. Speilblankt hav og sola strør gull utover. Vi snirklar mellom Tøyrane og Skjervøya- ikkje ofte det er stilt nok her ute til å gjere det. Dei andre får auge på ein selkoloni, men eg får berre med meg ein einslig nysjerrigper som lurer på kven vi er. Men det er greitt nok det.

Pause på Grasøya attmed fyret og så heim att i skymninga. Magisk. Men vi har lys på kajakken og lykter og lamper rundt om på nær sagt alle kantar å orientere etter så det er null problem. Det vert seint i land, og eg veit dagen derpå vert stri. Men absolutt verdt det. Eg lovar.