GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten padling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten padling. Vis alle innlegg

13. mai 2025

Snartur rundt Kvitøya

 
Om ein skal komme seg i padleform, då må ein padle ikkje sant? Og når været er litt surt med vind og regn og ingen vil bli med, då er det berre å ta seg ein tur åleine. For mest mulig trygg ferd, la eg turen i skjerma farvatn frå Klubbnaustet og innover mot Kvitøya. Men for å få nok kilometer i skrotten tok eg runden rundt Nautøya først.


Klar!

Halvvegs rundt Nautøya. Flåvær i det fjerne


Mot Stokksund

Sokksundet

Kort pause på Kvityøya.

Motvind på heimvegen. Snart framme ved Gullura.

Tilbake i Stokksundet att.

To fine blåe. "Naaløye" heiter den store.

Snart tilbake til start

Det er ikkje spesielt myje å rapportere om frå ein slik tur. Eg hadde ein pause på 10 minutt på Kvitøya før eg sette meg i kajakken att. Og då kom sjølvsagt motvinden som var meldt. Men det gjekk eigentleg heilt greit. Og då er vel det meste sagt om den turen! Som vart på 14,8 km og padleforma byrjar å komme seg!

9. mai 2025

Kveldstur i Eiksund

Målet mitt for i år er å få dreis både på skulder og padleform, og då må ein jo sjølvsagt padle, så eg fekk med meg Lene & Lene på tur ein kveld med finevær til Eiksund. For når det er finevær då bles det alltid meir enn kva eg likar, og Eiksund er eit av alternativa då. Dessutan har eg jo oppdaga at det er eit rett fint område å padle i.

Målet var å snirklepadle i Selvågane, stile over mot Måløya, runde øya og ete middag på Eika. Som sagt så gjort. Utover mot Selvågane passerte vi Toralfbuda som er ei relativt ny DNT hytte. Og der stod det tre glade padledamer og vinka til oss frå terrassen. Sjølvsagt måtte vi stoppe opp for ein padleprat - det er jo alltid kjekt.

Fin start i småbåthavna i Eiksund

Dagens mål - Måløya (passe navn...!). Laupsnipa i det fjerne.

Snirkling i Selvågane

Ved Måløya har eg berre vore ein gong, så eg har eigentleg ikkje greie på om det er fint å padle rundt den eller ikkje. Aust- og nordsida som er det ein ser frå Eiksund ser ikkje særleg spennande ut på avstand, og er det ikkje heller - bortsett frå eit lite sund som er fint å padle i. Men du verden kor fint det var når vi runda sørsida! Neste gong eg er her ute skal eg ta meg tid til å snirkle litt meir mellom holmane på veg over mot Eika, men denne kvelden lot vi fuglane få fred ig tok vegen rett over. Svolten byrja å gnage noko alvorleg, og beina hadde behov for ein strekk.

Runding av Måløya.

Innover att. Volda inst inne th

Over mot Eika

Pga av arbeid i Selvågtunellen kunne vi ikkje sitte ubegrensa lenge for å unngå å måtte vente så lenge på kolonnekøyringa. Men vi fekk i oss middag, kvilt skrotten og nytt kveldssola ein times tid. Vel ute i kajakkane att hadde det stilna aldeles, og siste biten innover gjekk på speilblankt hav. Det er stort sett alltid fint å padle uansett, men slike fløyelskveldar er det ingenting som slår.


Beinstrekk på land. Lene tv og Lene th :)

Klar for siste etappe

 Blikkstille snirkling langs Eika. 

Då var turen over for denne gong!

Vi kom på land akkurat tidsnok til å klare å sjaue kajakkane på taket, men padlebekledninga fekk være på heilt heim. Det kallar eg god timing! Flott tur i flott selskap, og kjekt dokke tok turen over fjorden ein fredag ettermiddag!

6. juni 2023

Tur til Tranøy

 Det er dag to og hjemreisedsg på Senja. Det litt logistikk som må på plass om jeg skal kunne bli med på padltur før innsjekk, men Alf klarer å få folket til tidlig innsats, så grendahuset er tømt og vasket ut innen klokka er 11.00. Og i år som i fjor er målet Tranøy og Tranøy kirke. Det er da søndag må vite.

Været ser greit ut, men sjølsagt har det frisknet til innen vi er klare. Det blåser friskt, men Alf mener det bør gå helt fint og sender gjengen utpå. I tre kvarter eller der omkring, slåss vi i motvind de to korte kilometerene fra Revsnes og bort til Tranøy. Helt greit for meg at det ikke var lenger.

Renate er klar for motvind!


Ikke lett å ta bilder uten å bli bli blåst bakover....


Snart fremme!!

Tranøy har historie langt tilbake i tid. Her har trolig bodd folk i mer enn 2000 år, og den første kirka blei ansynligvis oppført allerede før Svartedauden i 1350, kanskje så langt tilbake som på 1200-tallet. Dagens Tranøy kirke er ikke fullt så gammel - den er bygget i 1773. Etter at prestegården blei fraflytteten gang på 60-tallet, blei den i en periode brukt til helseformål innen psykiatrien. Nå drives den av et lite reiselivsselskap som heter Senja Moments. Og om du lurte - Tranøy er sjølsagt tilholdssted for nettop traner og har navnet sitt etter den langbeinte fuglen.

Prestegården på Tranøy


Tranøy kirke


Etter seightseeing på gården og vaffler i hovedhuset var det på tide med retur. Og med vinden i ryggen blei ikke returen så aller værst. 

Klar for retur. Alf har kontroll på gjengen.


Sjefen sjøl - bli og fornøyd!



Padling for ei helg på Senja er kanskje litt vel krevende rent logistikkmessig. Det tar tid å komme seg til og fra flyplass, selve padlingen tar også tid . Og selv om jeg fikk låne kajakk, åre og spruttrekk er det nå litt utstyr som skal pakkes likevel. Og tas med tilbake. I våt tilstand...Men det gikk faktisk greit det og. Kjekt med gode venner som tilbyr skyss, og godt vertskap som sørger for at det hele lar seg gjennomføre. Padlemessig kanskje ikke den turen med størst utbytte, men det sosiale kompenserte i stort monn for det!

Takk for laget og tusen takk for meg :)



30. mai 2023

Kveldstur rundt Nautøya

Når dagane regnar og bles bort er det berre å hive seg rundt når det er utsikt for opphaldsvær i nokre timar. Med einaste mål å kose oss fek Merete, Anne-Mette og eg oss ein fin kveldstur rundt Nautøya forleden. 

Vi starta i båthamna på Jensholmen


Tendensar til sol! Her på sørsida av Nautøya.

Sjølvsagt måtte vi bortom og kike på padlegapahuken som er under oppføring.

Fint lys ut i havet

Været vart berre betre og betre!

Blåne bak blåne

Litt snirklepadling på vestsida


Vi måtte sjølvsagt inn i "pollen" her og. Veit ikkje kva det heiter her inne, men fint er det i kveldinga i alle fall!

Aldeles blikkstille på i Herøysundet



Det vart ikkje ein spesielt lang tur, men vi fekk den til å vare lenge! Fantastisk lys utover, og kjekt av og til å berre sulle litt og! Takk for turen - vonar vi får til fleire!

19. april 2023

Middag i det fri

I midten av April hadde vi litt sommar. Og om sommaren er det kjekt å ete middag ute i det fri. Gjerne på ein holme. Eg var litt spent på kva avkomment tenkte når eg lanserte ideen om middag på Borgarøya, men jau - det ville ho være med på! Greie temperaturar og vindstille på yr.no - endeleg skulle eg få høve til å vise ho idyllen det er å padle på speilblankt hav. Det har vore ein tendens til å blåse meir enn meldt dei få gongene vi har vore ute.

Ekstremt låg fjøre på Osnessanden - nokken har drege ut proppen!


Det er lekkert når vi legg utpå, men halvegs over til Håkonsholmen kjem vinden. Og bølgene. Det er jo typisk på ettermiddagen når det har vore sol i fleire dagar. Men Åse klarer seg bra - er berre "litt" (veldig...) irritert på kajakken som snur seg opp mot vinden og ikkje den vegen vi skal. Det er berre å konkludere med at Åse er ein vind- og bølgemagnet!

Yttersida av Hatløya utgår - det vert for krevjande, så vi stilar inn mot Handelsstaden på Borgarøya istadenfor. Då kan vi smette ut på sørsida  og heller smake litt på vind og bølger om vi vil det. Og det gjorde vi.

Idyll - enn so lenge....


Det vises ikkje så godt på biletet, men det var ganske friskt for ein nybegynnar i ein smal kajakk midt ute i leia....


På innsida mot Borgarøya er det relativt stilt.


Vi tek ein runde rundt eit holme på sørsida for å øve oss litt i vind og bølger. Det er ganske frisk, men det går heilt fint!



Dagens mat serverast ved den gamle handelsstaden. Medbrakt åffcårse.



Greie lokaler, men litt kaldsnekje.

Middagen var det Åse som stod for - ein herleg salat! Etter ein liten middagsrast på Borgarøya er det på tide å dra heim att. Det bles fortsatt ganske friskt og litt i overkant av kva som er kjekt for ferskingen. Vinden har det med å løye når sola er på hell, så vi et litt sjokolade og ventar litt til. Og ikkje lenge etter vi har komme oss på vatnet så løyer vinden!

Ulsteinvik i det fjerne.


Det vert betre og betre på veg heim att!


Tada! Endeleg solnedgang frå kajakk!

Det er ikkje alltid det skal så mykje til for å skape litt kvardagsmagi. Å ete middag ute er noko som verkeleg løfter ein heilt alminneleg kvardag. Og no når eg har fått Åse med på notane reknar eg med det vert fleire slike ila sommaren. Om ikkje været vert for gale då!