GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

2. oktober 2021

Silkeføre i Ellingsøyfjorden


Både Lene og eg er litt slække i strikken, men vêrmeldingane er gode så vi er gira på tur. Typ lågterskel. Då er Ellingsøyfjorden god å ha. Her bles det stort sett mindre enn både i Borgundfjorden og favorittøya Giske. Og startar ein langt nok inne slepp ein og unna trafikkstøyen som eg ikkje synes er spesielt sjarmerande.

Denne gongen testa eg ut Lene sin Nuka. Playen er litt romsleg til meg og gjer det vanskligare når det er bølger. Eg likar det tight. Og det er Nukaen.

Lene i fint driv i Playen.

Stilt og fint på sjøen! Og sommarlege temperaturar.




Beinstrekk i sola.

Ellingsøyfjorden har mykje fine holmar å snirklepadle mellom og heilt perfekt på slike dagar når ein berre har lyst å ta livet litt med ro. Nukaen var fin å padle. Eg sit litt tightare i denne enn i Playen, og kanting vart lettare. Det eg ikkje fekk testa var korleis den oppfører seg i bølger og vind. Men det får bli ein anna gong!