GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

4. april 2026

Vindfullt i Ellingsøyfjorden

Våren er i anmarsj, det er påske og lite snø, og eg har lyst å padle med dei eg ikkje har padla med på lenge. Og dei bur på andre sida av Breisundet. Langfredag avtalar vi å møtast på den gamle fergekaia på Valderøya for å padle ut der i frå. Men der bles det sopass mykje at vi bestemte oss for å sjekke ut Giske. Det var godt med vind der og, men padle ville vi så einstemmig vedtok vi å sette kursen innover Ellingsøyfjorden.

Og det viste seg å være lurt. Mindre vind og snø som gjer det greit å få kajakkane ned til vatnet. Vinden er framleis frisk her inne og, men overkommelig og det er godt å være på sjøen att - det er ei stund sidan sist. Målet for dagen var eigentleg berre å få vatn under kjølen att og være sosiale, og vi sikta oss inn på nokre vrakrestar litt lenger inne.

Vinden tok seg opp og det vart både kaldt og tungt å padle, så etter å ha sett på vrakrestane snudde vi og padla tilbake. Vi la inn litt ekstra snirkling på heimvegen for å få bitte litt lengde på turen, men det vart ikkje meir enn knappe 5 km! Så kort trur eg ikkje eg har padla på fleire år. Men fin tur var det, og lang lunsj etterpå in godt selskap gjorde susen.