GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

27. august 2019

Seinsommertur til Borgarøya

Det er slutt på ferien og siste rest av sommar, og det er meldt regn i uoverskuelig framtid. Her er det berre å hive seg rundt om ein vil sjå sola. Eg melder nokre damer om at no fer eg - det er berre å slenge seg med for dei som vil. Og utpå ettermiddagen står vi 3 damer klare med kajakk på Osnessanden.


Vi siktar oss inn på Håkonsholmen først. Elin og Anita leder an.


Stilt og fint utpå så det går som ein leik. Snirkling inn og i mellom må til før vi padler vidare på yttersidanav Hatløya.


Her var det mykje straum og ein del skvalpesjø, men det kjem sjølvsagt aldri med på bilde, men det roa seg med ein gong vi kom på sørsida.


Idyllisk å snirkle seg siste stykket inn mot den gamle handelstaden på Borgarøya. Så fint hadde vi det at eg aldeles gløymde å ta bilder....


Greitt å komme seg heim før det skymest. Etter veker med lys døgnet rundt er det ein overgang å måtte ta omsyn til mørkret att. Vi beregna det godt og var tilbake på Osnessanden i akkurat passelig tid. Flott tur i fantastisk selskap var det i alle faTakk for turen - måtte det bli fleire slike!

2. august 2019

Padling i Godøysund

Det nærmar seg slutten av ferien og vi er innom mi barndoms øy, Tysnes. Eg har veldig lyst å vise fram Godøysundet og området ikring, som ligg nord på øya. Ei skjult perle for dei fleste og store delar kan kun opplevast i båt. Eller kajakk.... 


Vi legg ut frå småbåthavna i Våge. Her er det greitt å gå ut når ikkje Svanefar med familie er her vel å merke....


Utover mot lampa utforbi Våge. Her er det stort sett alltid litt rufsete sjø. Som sjølvsagt aldri kjem fram på bilde....


Gunnarsvikjo. Min favorittbadeplass.


Litt lengre inn i Godøysundet inn forbi Dukaneset, finn vi ei vik utan navn. Legg merke til murane i bakgrunnen. Dette er ein kolerakyrkjegard, som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. På Tysnes er det tre av dei. I frykt for smitte og epidemi vart desse gravplassene lagt så langt unna folk som råd var.



Rundt Tyttebærholmen og ut i sjølve Godøysundet. Bilbru i strekkmetall i bakgrunnen. 


To blide padlarar og strekkmetallbrua i bakgrunnen.


Å padle i Gødøysundet mellom alle holmene og sunda som finst her, er det nærmaste ein kan padle i ein jungel i Noreg. Her er det enkelte stader dristig å ta seg fram med båt, men går akkurat med kajakk!


Ilandstigning på målet for turen - Solstråleøya. Ei særeigen øy som var i britisk eige fram til 1905, då ho vart gitt i gåve til den norske kongefamilien. Då kong Olav V døydde vart øya gitt i gåve til Tysnes kommune. Aust på øya ligg den gamle oppsynbustaden, og kan leigast etter avtale med Solstråleøya venelag. Øya er særs frodig og her finst 20 ulike treslag. Ikkje alle er naturleg heimehøyrande her, men er blitt planta. Flotte er dei i allefall!


Det tek til å kveldast, så etter ein rundtur på Solstråleøya er det ut att i kajakken. Og det vert berre lækkert når sola speglar seg i speilblankthav, og furutrær i silhuett mot ein gyllen himmel.

 


Nesten som på Nittedals fyrstikkesker. Minus kajakken då.


Vi må stoppe opp på veg innover mot Våge og berre nyte kveldshimmelen litt. Lyset endrar seg frå minutt til minutt, og det er passe skymt når vi kjem til land att. Ein fantastisk flott tur i verdas beste selskap!