GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Borgarøya. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Borgarøya. Vis alle innlegg

15. november 2024

Rundt Hatløya - stille før stormen

Om ikkje sommaren vart bra i år kunne ein jo håpe på ein fin haust, men den gong ei. Regnet vil ingen ende ta, så når det ført vert opphald grip ein sjansen til tur før den meldte stormen som skal komme tek laus. Og det er faktisk "stille før stormen" når eg legg utpå. Speilblankt faktisk! Litt variasjon på turmålet må til, så denne gongen padlar eg rundt Hatløya MED klokka, og ikkje MOT slik eg brukar.

Det er deilig å være på sjøen i dag. Mildt og fint og stilt. Båtlivet har gitt seg for sesongen, og det er berre nokre få av oss som framleid badar. Denne gongen måtte søndagsbadet vike for padling - ein rekk ikkje med alt.

Lampa på Boholmen (helt tv i bildet) og Dimna sett frå uvant hald

Eg siktar meg inn mot Kloholmane der det er ein fin lagune og potensiell teltplass eg må sjekke ut ved høve. Midtfjords finn eg ein daud fugl av noko slag. Eg er ikkje spesielt god på slikt, men ut frå bilete på det store internettet synes eg det liknar på ei alke, kanhende ungfugl? Framme ved Kloholmane ser eg det sit ei stor ørn i ein busk, men den lettar og forsvinn når eg nærmar meg fjellveggen. Eg burde lære meg meir om fuglar for det er alltid kjekt å vete kva ein ser på sin veg, men tippar det er ei havørn.

Kan det være ei alke, nokon som veit? Heldigvis ikkje teke sin daud av nylontau, men trist likevel


Havørn (?) ved Kloholmen

Håkonsholmen bakerst til høgre.


Forbi Klohomane og inn mot Borgarøya fekk eg lyst å kike meg litt rundt der eg ikkje brukar å padle. Det kan jo være greit å variere turen litt. Kanskje går det å snike seg mellom det som ser ut som to holmar lenger inne og. På vegen dit padlar eg forbi eit naust og eit annekse som ein kollega har teikna. Det riggar så fint både i landskap og med dei gamle husa synes eg, gamalt og nytt i skjønn foreining. Litt lengre inne håpar eg på å kunne snirkle inn i mellom og over mot Borgarøya med det gjekk ikkje gitt ikkje. Berre å snu og padle ut att!


Innsida av Hatløya. Sjeldan eg padlar attmed land her.

Litt arkitekturbefaring må til. Nytt naust og anneks teikna av kollega Ingvill.


Gjekk visst ikkje an å padle rundt her....Full stop!


Eg gidd sjeldan gå i land når eg er ute åleine på denne runden sjølv om eg ALLTID har med ein lite matbit og noko attåt. Ved Borgarøya var det folk, så då droppa eg det i alle fall, og nista vart heller ete om bord med kakao servert på dekk før eg stakk nasen ut mot havet att. Men kakaoen smakte like godt for det.

Handelsstaden på Borgarøya - også frå ein annan vinkel.


Yttersida av Hatløya er det absolutt finaste stykket på heile turen uansett kva for veg, men eg må tilstå eg likar spesielt å runde frå sør og så vestover. Lyset denne vegen er berre heilt nydeleg.

Ut mot havet att. Alltid like fint å runde sørenden av Hatløya.

Roppehornet og Veten ut mot Flø i syningom.


Siste stopp før kryssinga over mot Osnessanden att er Håkonsholmen. Dette er ei lita perle og heldige er dei som får bruke denne idyllen. Eg trur heilt sikkert eg hadde blitt fastbuande her ute om eg hadde eigd det sjølv. Så kunne eg hatt nokre høner og eit par sauer, heimekontor og berre dra til  by`n når eg trengte litt melk og kaffi og slikt. Men eg må nok nøye meg med telt enn so lenge...

Idyllen på Håkonsholmen litt meir på kloss hald.

Tilbake til Osnessanden

Siste del av turen er litt kjedelig, men været er fint og sjøen enno speilblank. Og då er det ikkje so værst likevel. Fin tur vart det i alle fall og kjekt å få lufta seg litt før stormen kjem.

7. mai 2024

Long time no sea!

Det er lenge sidan eg har padla av ymse årsaker, men no var det dags for ein tur. Eg fekk lokka med meg Mildrid og Aili som heller ikkje har padla på ei stund. Ingen høge ambisjonar for turen mao. Tur ut til Borgarøya, pause og så attende. Ein fin og passe kort tur

Som vanleg starta turen på Osnessanden. Eg var litt spent på om eg kom meg opp i kajakken i det heile, og ikkje minst korleis padlinga kom til å gå. Men etter litt krangling med spruttrekket kom vi oss til slutt avgarde.

Mildrid og Aili klar for tur!

Det var nydeleg vær og vindstille - skikkeleg kald og klar vårluft. Og veldig kjekt å være på vatnet att, sjølv om padlemuskulaturen har visna litt bort siste året, og vondtar både her og der set begrensningar på kor langt og kor fort

Kryssing over mot Håkonsholme.

Håkonsholmen

Ettersom forhalda var bra valgte vi å gå på utsida av Hatløya og inn mot Borgarøya frå sør. Litt småskvalpete, men det er det alltid her. Vi tok oss god tid, og snirkla litt inn og i mellom.
Turen på yttersida gjekk fint, kroppen fungerte sånn nokkenlunde, men padlekondisen er såpass laber at det gjorde godt å komme fram til Borgarøya. 

Glimt utover mot Flø th.

Snirklepadling på utsida av Hatløya


Framme på Borgarøya

Vi fann oss ein lun krok i sola på baksida. Aili baud på tørka reinsdyrhjarte og kaffi. Turen ut hit var ikkje berre fordi eg hadde lyst på kosetur. Eg har nemleg lova bort å ta ein overnattingstur her for klubben (Herøy Kajakk Klubb)om ikkje så lenge. Då er det greit både å få rekognosert litt og få testa ut padleformen. Eg hadde eigentleg tenkt å bli bra innen den tid, men så har skrotten slått seg heilt vrang så eg byrja å bli bekymra. Difor var det godt å få sjekka ut om tur i det heile let seg gjennomføre. Men akkurat den biten skal nok gå greit. Etter litt tyt og passe lang pause, var det på tide å sni nasen heim att.

Tørka reinsdyrhjerte. Nydelig godt!

Klar for returen!

Tilbake til Osnessanden att!

Vinden som yr.no hadde lova på returen kom, og det vart litt sidebølger siste biten. Litt krevjande for ferskingen Aili, men ingen gjekk rundt og alle kom til land like heile. Det er ikkje ofte eg nyttar grønlandsåre når det er såpass uroleg sjø, men det gjekk faktisk heilt strålandes det og!

Takk for turen - vonar det ikkje vert så himla lenge til neste gong!

19. april 2023

Middag i det fri

I midten av April hadde vi litt sommar. Og om sommaren er det kjekt å ete middag ute i det fri. Gjerne på ein holme. Eg var litt spent på kva avkomment tenkte når eg lanserte ideen om middag på Borgarøya, men jau - det ville ho være med på! Greie temperaturar og vindstille på yr.no - endeleg skulle eg få høve til å vise ho idyllen det er å padle på speilblankt hav. Det har vore ein tendens til å blåse meir enn meldt dei få gongene vi har vore ute.

Ekstremt låg fjøre på Osnessanden - nokken har drege ut proppen!


Det er lekkert når vi legg utpå, men halvegs over til Håkonsholmen kjem vinden. Og bølgene. Det er jo typisk på ettermiddagen når det har vore sol i fleire dagar. Men Åse klarer seg bra - er berre "litt" (veldig...) irritert på kajakken som snur seg opp mot vinden og ikkje den vegen vi skal. Det er berre å konkludere med at Åse er ein vind- og bølgemagnet!

Yttersida av Hatløya utgår - det vert for krevjande, så vi stilar inn mot Handelsstaden på Borgarøya istadenfor. Då kan vi smette ut på sørsida  og heller smake litt på vind og bølger om vi vil det. Og det gjorde vi.

Idyll - enn so lenge....


Det vises ikkje så godt på biletet, men det var ganske friskt for ein nybegynnar i ein smal kajakk midt ute i leia....


På innsida mot Borgarøya er det relativt stilt.


Vi tek ein runde rundt eit holme på sørsida for å øve oss litt i vind og bølger. Det er ganske frisk, men det går heilt fint!



Dagens mat serverast ved den gamle handelsstaden. Medbrakt åffcårse.



Greie lokaler, men litt kaldsnekje.

Middagen var det Åse som stod for - ein herleg salat! Etter ein liten middagsrast på Borgarøya er det på tide å dra heim att. Det bles fortsatt ganske friskt og litt i overkant av kva som er kjekt for ferskingen. Vinden har det med å løye når sola er på hell, så vi et litt sjokolade og ventar litt til. Og ikkje lenge etter vi har komme oss på vatnet så løyer vinden!

Ulsteinvik i det fjerne.


Det vert betre og betre på veg heim att!


Tada! Endeleg solnedgang frå kajakk!

Det er ikkje alltid det skal så mykje til for å skape litt kvardagsmagi. Å ete middag ute er noko som verkeleg løfter ein heilt alminneleg kvardag. Og no når eg har fått Åse med på notane reknar eg med det vert fleire slike ila sommaren. Om ikkje været vert for gale då!

5. april 2023

Early Bird rundt Hatløya og Borgarøya

Nokre gonger er det fint å legge avgarde på morgonkvisten. Og dette var ein fin dag til det, og ein finfin start på ein Palmesøndag. Eg har padla rundt Hatløya fleire gonger før, men der ligg jo fleire småøyer det går å padle rundt der ute og. Og på evig leit etter nye teltplassar tenkte eg at det var verd litt undersøking. Og som sagt så gjort. Eg fann ikkje så himla mange nye teltplassar, men turen var fin fordiom.

Start ved Osnessanden


Ved Tjuvholmen

Utsikt mot Byholmane

Litt snirklepadling i Tarevika.

Pause ved Grøneholmen

Snødekte fjell - freistar det og!!

Gurskøy rett forut og Herøy bru th i bilete (om ein zoomar litt inn)


Sørenden av Kalvøya. Trur eg....

Ulsteinvik

Tilbake ved Osnessanden att.

1. januar 2023

Årets første!

Eg hadde store planar for mykje turar denne jula, men vêret har ikkje vore heilt samarbeidsvillig. Men i dag - på årets første dag - slo det til! Først ein liten dukkert i sjøen med badedamene med venner. Ikkje like mange som i fjor, men ein heil gjeng vart det no likevel.
Forfriskande kaldt! -3 grader på land....

Etterpå tok eg meg ein tur i kajakken. Start frå Osnessanden.

Kryssing over mot Borgarøya.

Det er alltid fint med ein gløtt ut mot storhavet!

Den gamle handelsstaden på Borgarøya.

Dei siste solstrålene på årets første dag!

Eg pasdlar ut sundet mellom Borgarøya og Hatløya slik eg brukar. Planen er å padle yttersida av Hatløya tilbake. Men det er litt for store dønningar og tung sjø til at eg våger meg på det åleine. Det er grunt på yttersida, og er dønningene store bryt dei fleire stader her. Ikkje at det er så himla krevjande, men eg er åleine, det er vinter og sola har takka for seg. Så eg snur.
Hit, men ikkje lenger. Og umogeleg å fange bølger på bilete som vanleg....

Det er heilt greit å snirkle i litt meir skjerma farvatn óg...

Nymåne

Eg siktar meg inn på Håkonsholmen. Roppehornet badar framleis i sol.

Håkonsholmen. Alltid like idyllisk.

Litt meir snirkling.

Yttersida av Håkonsholmen. Det er berre lekkert!

Snart heime!

Ein fin tur på årets første dag. Det vart ikkje noko rulling på meg - det får være grenser. I dag var målet å kkmme seg ut, ig det gjorde eg!