GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

28. oktober 2015

Teknikkurs med Gloppen Padleklubb

Mildrid har vorten hanka inn av Gloppen Padleklubb til å halde teknikkurs, og eg har fått lov til å dingle med. Og ettersom det alltid er kjekt å halde kurs med Mildrid og Glopperane er hyggelege folk, burde dette verte ei bra helg. Men Gloppenfjorden byr kanskje ikkje på dei heilt store utfordringane, så Mildrid har like godt inviterte gjengen opp til Ulsteinvik med Borgarøya som base.

Borgarøya er ein gamal handelsstad like utforbi Ulsteinvik med historie heilt tilbake til 1600-talet. Borgarar frå Bergen som hadde løyst "borgarbrev" (og som gav dei rett til å drive handel), slo seg ned her og er opphavet til namnet. Borgarøya låg sentralt til ved den gamle skipsleia mellom Bergen og Trondheim, og handelsmennene hadde varelager her. På det meste var det 17 bygningar på øya. Fram mot 1880-åra var det stor aktivitet her, men etter det overtok Ulsteinvik mykje av handelen og aktiviteten på Borgarøya avtok. Det gamle hovedhuset som står att, er frå 1700-talet. Etter 1920 var huset nytta til bustad, og frå 1983 og fram til i dag er det Ulsteinvik Kommune som har tatt vare på, restaurert og driv staden. Og no i helga hadde Mildrid leigd huset slik at vi kunne ha ein stad å ete og varme oss, men pga nokre reglar om brann og slikt eg burde kjenne til, men som eg ikkje gjer, måtte vi altså bu i telt.

Fredag ettermiddag dro Mildrid og eg ut til Borgarøya, rigga til telta våre og sjekka ut om alt var i orden før vi la i veg attende til Osnessanden i skymninga. På stranda var gjengen i full gang med pakking av kajakk når vi kom. Det er ikkje alltid like greitt å få alt inn i kajakken når ein ikkje har prøvd på det før, så noko havna på dekk. Ganske mykje faktisk. Og der fikk det lov å være utan at vi sa noko om det. Det er no greitt med alt ein erfarer sjølv først....

Det er mørkt når gjengen er klare, og det bles litt utpå. Sjølv om det berre er vel 2 km å padle, tek vi ingen sjansar og lagar til to tauelag. Då risikerer vi ikkje at nokon vert hengande etter aleine i mørkret, dessutan er det mykje lettare å halde kursen slik. Og ikkje minst kjennes det tryggare for alle partar. Konsekvens og risiko er vel gjennomtenkt. Mildrid og eg er er lommekjent her ute, og skulle det mot alle odds gå riktig gale med alle i vatn samstundes ville vi reke på land innen rimlig tid, dessutan er alle godt utstyrt med tørrdrakt, kledd etter årstida, og alle kan eigen- og kammeratreding frå før. Og om vi hadde vore bitte litt i tvil om dette var i overkant, hadde vi berre venta med å fare utover til neste dag.

Padling i mørkret er faktisk ganske kjekt! Det er rett nok tungt å padle i sidevind,men bølgene er greie. Og det er kjekt å kjenne på kor trygt eg opplever at det er samanlikna med første gong eg var ute i mørkret. Vel i land på Borgarøya er det kveldskos og sosialt før vi stupet ut i kvart vårt telt.

Neste dag er det regn og vind som meldt. Perfekte teknikkforhald mao (bortsett frå regnet då....) Først er det terping på svingteknikkar og kanting- noko eg kjenner eg har innmari godt av. Så må vi ut og smake litt på vind og bølger. Og erfaringa frå gårdagen er at det er mykje lettare å manøvrere kajakkane utan alt stæsjet på dekk. Og så avsluttar vi dagen med å bruke tauing i samband med kameratredning i vind for å hindre at ein driv inn i fjellveggen. Resten av ettermiddagen og kvelden nyttar vi sjølsagt til kajakkprat. Kva har vi lært, kva bør vi tenkje på, kajakkskrøner og mykje meir. Det er utruleg effektivt å bu i lag på eit slikt kurs. Det gir høve til å rekke over mykje meir enn om vi fer til kvar vår kant når kursdagen er slutt.

Regnværet og vinden fortsett med å halde fram utover kvelden og natta, og neste dag skrur værgudane opp forhalda eindå eit hakk. Det regnar, bles og haglar om kvarandre. Men ikkje ein einaste av deltakarane syt eller klagar fordiom. Etter litt diskusjon i gruppa om korleis få ein sjaber deltakar tilbake til sivilisasjonen vert dei til slutt einige om ei løysing. Vi tauar oss inn att til Osnessanden (bortsett frå Mildrid og eg då) i den vakraste haglskuren nokon sinne, og kjem oss på land like før vinden aukar på til nummeret før utrivelig. Då er det like greitt å sette seg i le bak eit naust og lunsje til han får rast frå seg litt. Når vi er komme ut på vatnet att har vinden spakna til type morosamt med fine bølger å leike seg i. Det er kjekt å øve seg på kanting og sving i bølger, kamerat og eskimoredning pluss at eg fikk testet rulla. Den satt no ikkje, så Romanyen lever farlig for tida. Eg likar nemleg Avoceten til Mildrid betre og betre for kvar gong eg prøver, og den er lettare for meg å rulle....

Mykje vær til tross- det vart ei flott kurshelg likevel, og mykje trivelige folk. Takk for laget og takk til Mildrid for at eg fekk lov til å henge med!
















8. oktober 2015

Kanondag på Alnes!

Lene og eg har fått blod på tann. Dessutan treng vi å puste inn frisk luft etter lange dagar med innestengt kontorluft. Alnes it is! Gutane vert varsla, men dei kan ikkje denne gongen heller. Nei, nei- dei om det. Vi møtest på Alnes rundt halv fem. Forhalda ser bra ut. Og stranda er full av neoprenselar. Surfarar av det kule slaget. Eg føler meg som eit hår i suppa, men skitt au. Stranda er for alle. 

Det er kraft i bølgene i dag, og det må litt timing til for å komme seg heilberga ut. Men SÅ- bølgene er perfekte, dei er lett å fange og eg suser innover mot stranda, leeeeeeenge, og rekk såvidt å hoppe av tidsnok før dei smell inn i steinane på stranda. Og slik held vi på opp att og opp att. Eg vert tøffare i trynet og øver på kontrollert avslutning med stil. Ingen ting slår følelsen eg har der eg susar avgarde medan eg i augnekroken ser korleis surfarane snur seg og følger meg spent med med blikket. Eg avsluttar med ein litt kul sidesurf utan å kolve. Ha! -dette kan vi altså, i fall dokke var i tvil. 

Bølgene veks og det er nesten like spennende å komme seg ut som å surfe innover. Eg misser på timinga og vert stående opp mot toppen av bølgekammen. Eg står stille der lenge og ventar på å kolve. Det gjer eg ikkje. Det går ei stund og så skjønar eg kva som skjer- eg surfar bakover! Gud hjelpe meg! Det varer og varer, men så kjenner eg at hekken buttar ned i sanda og eg tek ein baklengs salto. Surfarane måper. Og eg gliser! 

Vi hojar og herjar og flirer så smilet går nesten rundt- vi to damene- i to stive timar. Dette er den kjekkaste surfeøkta eg har hatt ever. Hoddevika på Alnes liksom- kan det bli betre? Og når eg avslutningsvis klarer å surfe meg inn mellom steinane på stranda utan alvorlege mén kan eg berre seie meg fornøgd. For ein kveld, for nokre forhald!

Berre så j....kla synd at eg denne eine gongen valgte ikkje å ta med kamera med meg ut.....Men oktoberbading vart dokumentert. Det er jo noko.


Slik ser perfekte surfebølger ut!
Og blide damer :)