GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten telt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten telt. Vis alle innlegg

2. august 2024

Fine dagar i Nordvest

Dag 1 - på leit etter teltplass

Lene og eg er på padlesafari på Nordøyane - altså øyene som ligg nord for Vigra og Ålesund. Planen er å utforske den nordligaste delen, nemleg området nord for Finnøya. Men planar er ein ting, kva som er mogeleg er noko anna. Det bles rett og slett for mykje. Kva gjer vi då? Vi kan alltids gå oss ein tur og så reise heim att, evt. satse på betre padleforhold neste dag. I såfall må vi finne ein dugandes teltplass for kvelden - ikkje alt for langt frå bilveg og i le for nordavinden.

Det er lettare sagt enn gjort. Det er ingen ting å finn på korkje Lepsøya eller Haramsøya. Anten er der hus, hytter eller så er det naturvernområde. Kva gjer vi no? Reiser heim? Tek inn på ei rorbu? Og kor er det i såfall best å telte med tanke på padling dagen etter? Vi treng mat før vi er beslutningsdyktige og returnerer til Lepsøya der vi sette att eine bilen.

Lunsj i det fri mens vi funderer på kva vi skal gjere

Etter litt mat og blodsukker på veg opp, konkluderer vi med at resten av dagen får nyttast til fots. Det bles godt, men været er likevel for fint til å ikkje nytast. Ute på Haramsneset har eg sett bilete av ei kul grotte attmed sjøen, og ettersom vi er i nærleiken dreg vi dit. Nøyaktig kor denne grotta er veit vi ikkje, så vi køyrer til endes av vegen og går langs fjøra og leitar. Under vegs finn vi mykje artige steinformasjonar.

Jettegryte på jettegryte

Det er sterke krefter i sving som formar fjell på dette viset


Ser du trollkjerringa?

Det vert litt klyving langsmed berga, og vi er litt spente på om vi finn fram. Men jaggu - til slutt finn vi ei ørlita sprekk i fjellet der det må være. Det er omtrent maks flo og uråd å få seg ein kikk utan å verte blaut. Men framsynte som vi var tok vi på oss sko og tøy som toler å bli vått. Eg vassar ut til knes, men når bårene slår inn i grotta rekk vatnet plutseleg opp til stussen, og eg er ikkje halvegs inne ein gong. Vi gir oss på det og ruslar ut til lykta ytterst ute på neset og returnerer heller eit par timar seinare når sjøen har trekt seg litt meir attende. Neste gong får vi time det litt bedre, men det var absolutt verdt eit besøk. Sagnet fortel at denne grotta var kyrkja has Bård i Neset - ein rørsleg og sterk kar. Du kan lese meir om Bård i Neset her her og forteljinga som ligg bak dei kule steinformasjonane vi såg.

Kyrkja has Bård i Neset på flo sjø.


Her har sjøen falle litt, men ikkje maks fjøre enno

Kvelden nærmar seg så det er på tide å finne ein høveleg teltplass til natta. Vi leitar vidare på Skuløya/Flemsøya (ingen grunn til å verte einige om eit navn....!) og Fjørtofta før vi gir oss i Mykjebusthavna på Harøya. Vi har sett ein og anna plass der det kaaanskje går å sette opp eit telt, men ingen ting som peikar seg ut. Til slutt finn vi oss ein høveleg plass i ei båthamn i le for nordavinden og kan ta kvelden.

Dagens teltplass med utsikt til morgondagens padlemål

Lene i solnedgang


Dag 2 - Uksnøyholmane

Vinden gir seg ila natta, og eg vaknar til blikkstille hav og sol! Yr er på vårt lag, så det teiknar til å bli ein fin padledag. Og det vert det! Etter ein lang frukost og kaffi på perkulator, gjer vi oss klare til dagens turmål, nemleg til Uksnøya oh holmane ikring.

Kaffi er best på perkulator! 

Uksnøya er den einaste av øyene her ute som har vore busett, men det er eit vell av øyer og skjer her ute som til saman dannar ein skjerma lagune. Her er mykje å padle mellom, men det er grunt og kor det er mogeleg å padle varierer med flo og fjære. Vi startar med straumpadling (artig) på veg ut til Måværet, siktar oss vidare inn på Høgværholmen, snirklar litt rundt omkring før vi finn ein fin plass å gå i land. Her er aldeles nydeleg. Det er grunt over alt på innsida og liknar til forveksling på bilder frå Helgelandskysten. Vi et, badar og kosar oss og nyt det som er av sommarkjensle.

Her kan vi såvidt skimte husa uteb på Uksnøya i bakgrunnen. 

Lekkert smekkert! Øyhopping Sunnmøre-style


Ut å smake på storhavet

Kven treng å dra til Helgelandskysten når vi har det i eige fylke?


Ukjent bergart, men dei raude flekkane er granat.

Endeleg litt sommar og nakenbading.

Medan vi har kost oss på land har det flødd sopass mykje at det no er mogeleg å padle rundt sjølve Uksnøya. Her har truleg budd folk heilt frå middelalderen. Opphaveleg var det eit bruk her, seinare vart det del i to. Dei hadde både melkekyr, sauer og hest, dyrka korn, dreiv med fiska. Sal av hummer og smør gav inntekt og losverksemd var ei god attåtnæring. Dei var relativt godt stilt dei som budde her! I dag er det villsauer her ute, og husa på øya vert framleis teken godt vare på.

Knutgarden. Huset er i mur og eit sokalla Smith-hus

Det går akkurat å runde Uksnøya på nordsida i kajakk på flo sjø

Rasmusgarden - her driv dei med villsau.

Med floa vert det mogeleg å padle enno fleire stader


Etter å ha sosa rundt på innsida, tek vi utover til Marøy som siste post på turen. Og på vegen kjem vi over ein sel som plaskar og leikar. Han held på ei lang stund før vi vert oppdaga og forsvinn. Ikkje akkurat lett å få dokumentert, men eg gjer no eit forsøk.

Det ER faktisk sel som plaskar!

Siste stopp før vi padlar attende - Marøy tv, Harøya th

Attende til start!

Trass i endring av planar trur eg vi må seie oss fornøgde med turen. 16 km totalt vart det og vi var heldige med været. Eg fekk padla i eit område eg er aldeles ukjend i sjøl om det berre er eit steinkast heime frå. Og her er framleis mykje å utforske. Som sagt ikkje heilt lett å finne teltplass med bil som utgangspunkt, men tenkjer at det vert lettare med kajakk. Berre det ikkje bles for mykje då, altså!

23. juli 2024

Vuludalen

Telefon frå Therese: Eg og Erik stikke til fjells i neste veke, blir du med? Hm. Eg drar på det. Eg må male litt på huset, eg har vondtar både litt her og der, kondisen er ikkje det den burde være for ein slik tur etc etc. Men Therese lokkar med 3-4 km lettgått terreng innover Tundradalen så eg lar det stå til.

Det vart ikkje Tundradalen. På veg over Strynefjellet får eg telefon fra Therese om beitedyr der. Det går ikkje pga bikkjene, så planen vert endra til Vuludalen. Som ikkje er like flat og lettgått. Men det får heller gå som det går - opp kjem eg berre ein tek tida til hjelp.

Snart klar!

3 timar, 350 høgdemeter og 4,5 km seinare finn vi ein fin teltplass. Tungt oppover med stor sekk, men kroppen er i overraskande fin form - det er med andre ord von i hangande snøre! Men neste dag er det fiskesnøre som gjelds, så eg går for tidleg kveld og ei god natts søvn.

Opp gjennom bjørkeskogen! Lupi og Therese.

Lita pause ovom bjørkeskogen før vi tek innover fjellet.

Første gløtt inn i Vuludalen!

Therese og Erik. Utsikt heimover med Skridulaupen i bakgrunnen. 

Klar for kvelden!

Passe sliten i kroppen skulle det bli godt med ei god natts søvn. Men akk den som hadde vore så heldig! I løpet av natta delaminerte liggeunderlaget mitt, så i tillegg til aldri så lite nedoverbakke i teltet, måtte eg prøve å balansere på toppen av ei lang, tjukk pølse. Og når eg først er inne på uhell - ei ulukke kjem sjeldan åleine. Først plumpa eg uti fiskevatnet til låret med eine foten og vart kliss blaut på både sko og klede, for så å oppdage at (den dyraste) turjakka mi var begynt å gå opp i liminga....

Det vart litt lite søvn etter at liggeunderlaget delaminerte...

Om det heller ikkje vart så mykje fisk på oss, var det kjekt å prøve seg med flogestang att. Dette er ei av dei aktivitetane eg lenge har hatt lyst til å bli flinkare i, men som av ulike grunner har vorte sett på vent. Og ettersom det skortar på vegetasjon her oppe, fann eg ut at no var det på tide å prioritere floge framfor sluk. Eg kan ikkje skryte på meg korkje lang erfaring eller god teknikk, men kjekt var det å oppdage at eg ikkje hadde gløymt teknikken heilt! Ikkje hekta eg meg fast i meg sjølv og ikkje lagde eg vase! 

Erik hadde langt betre teknikk enn meg, og fekk til og med fisk! 

Kjempeflott fiskevatn!

Therese med ein liten pinne. Ikkje heilt fornøgd.

Det er aldeles nydeleg innover Vuludalen som er ein del av Reinheimen Nasjonalpark. Om ein har to bilar er ein fin rundtur være å gå innover dalen og ta over mot Grotli nord for Krosshø, eller ein kan gå over mot Torddalen og ned til Billingen. Fine alternativ for oss som synes det er greit å halde seg unna hovudtrakka i fjellehiemen. Så etter å ha prøvd fiskelukka ei stund, tok vi oss ein tur vidare innover for å sjå oss litt om.

Heimste delen av Vuluvatnet

Vuludalen er rett og slett vakker!

Erik, Lupi og Birk. Foto: Therese

Vi gjekk ikkje så langt, men langt nok til at dette området gav meirsmak. Etterpå vart det litt meir fisking før litt leirliv og kvelden. Neste dag var det eigentleg berre å pakke sakene sine og returnere, men vi fekk lufta stengene ein siste gong først. Ned att gjekk greit det og - knebøy beordra av fysioterapeuten er bra for så mangt, og kanskje kjem det kommande skisesong til gode og.

På slike turar der målet eigentleg berre er å få seg ein fin tur er det ikkje det å oppleve så mykje som er greia, men at heller det å berre være er ei fin oppleving i seg sjølv. Gå så langt som ein gidd, fiske så lenge det er artig, ete når ein er svolten og legge seg når ein er trøyt. Ikkje måtte nokke som helst. Og det er ganske digg! Så tusen takk for turen, og for at de klarte å lokke meg med til fjells!
 
Foto: Therese

19. august 2023

Overnattingstur til Kvitøya

Fellesferien har vore til dels våt i år, og få høve til telting. Men når ferien var over bestemte sommarene seg for å komme på besøk att, og det låg lageleg til for tur. Dessutan har vi nettop hatt bursdag både to, og det må sjølvsagt feirast.

Merete og eg bestemte oss for ein overnattingstur på Kvitøya med start frå Osnessanden. Dette er ein utruleg fin tur eg ikkje har teke på ei stund. I nydeleg vær la vi av garde innover mor Kvitøya i kveldinga.

Merete ved lampa på Boholmen


Ikkje berre vi som nyter fineværet!

Ikkje heilt sikker, men trur vi er ved Skreddarholmen her.

Ein liten rekognoseringsrunde ved Kvitøya før vi går på land.

Det er berre lekkert når vi stig på land. Stilt og fint. Vi får opp telta, og tek oss ein dukkert før vi lagar til mat. Sjølvagt med planar om å sitte på berga og kose oss utover kvelden med kvar vår bursdagsskål. Men det går ikkje. Vi klarer å ignorere knotten medan vi et, men den tiltar i styrke etterkvart som sola går ned. Til slutt gir vi opp og køyer kl 10 på kvelden. Sjølv om sumarnatta enno er lys....


Vi vaknar til strålande sol, sydentemeratur og ein mild, svalande bris. Knotten er borte og det er fantastisk herleg å sitte på svaberga å kose seg i sola med ein kopp nykokt kaffi. Etterkvart vert det frukost og - egg og bacon på tur vert aldri feil!!





Når frukosten er unnagjort og brorparten av nedpakkinga er klar, kjem Mildrid og Aili på besøk. Desserten som var tenkt i går, men droppa pga  knotten, kjem til sin rett no. Og så kosar vi oss endå ei lang stund før vi må heim att, medan besøket blir att for å nyte sommaren.

Mildrid og Aili kjem på besøk!



Tilbake på Osenssanden att!

På heimvegen er det mykje trafikk på sjøen. Trebaatfesitivalen i Ulsteinvik trekk til seg sjøfarande i hurtiggåande glasfiber så vi må faktisk følge litt med. Men det er ikkje verre enn at vi kjem oss trygt heim att. Så fekk eg ein liten smakebit av ferie likevel - det har vore lite av det i sommar. Godt å ta med seg no når hausten er like om hjørnet.

Tusen takk for utruleg triveleg tur - vonar det vert fleire slike!

25. juni 2023

Jonsokfeiring midtfjords

Midtsommar nærmar seg, været er fint og eg har ingen planar. Jonsokaftan kjem og går over til dagen derpå utan at eg har fått sett eit einaste Jonsokbål. Heldigvis har bålgjengen på Slinningen som tradisjon dei siste åra venta med å tenne bålet sitt på laurdagen som ligg tettast opp til Jonsok - noko som i år vil seie dagen etter den 23. Og når Lene likt med meg har lyst på kortreist telttur i finværet, kjem sjølvsagt telting på Langevågsholmane for å sjå på Slinningsbålet som ein opplagd idé for tur.

Vi klarer faktisk i løpet av ein halvtime å legge planar for kvelden. Lista for turen ligg så låg som det går. Kor tid må vi møtast for å være klare til å nyte bålet, og kor lite mat og utstyr kan vi klare oss med? Vi er både litt rustne og har haudet heilt andre stader enn der det bør være, så det må være enkelt.

Eg brukar resten av dagen til pakking. Alt går tregt, men eg trur eg har fått med meg alt i det eg reise heimefrå. Når eg pakkar kajakken vert forvirringa total. Kor er teltet? Eg finn stengene, men kor er teltet? Eg var brennsikker på at eg tok det med meg. Men men. det er fint vær, eg har både liggeunderlag og jervenduk så eg skal nok overleve. Om det ikkje er for mykje knott då....Det får stå sin prøve. Vi legg utpå speilblank fjord og nyt kvelden.

Klar for tur!

Blikkstille!


Vi er ikkje dei einaste utpå i kveld. Det kjem båtar på veg utover jamt, og dei held høg fart. Det er ikkje berre berre å krysse leia i kveld. Vi skal jo helst krysse på så kort tid som mogeleg, men samstundes må vi vente og la båtane passere. Vi er ikkje akkurat veldig lett å sjå når baugen står høgt og det fossar kvitt rundt. Men vi bergar det óg.


Kryssing av leia! Her er det berre å passe på....!

Det kjem båtar over alt i dag. Her har vi komme oss over til Langevågsholmane.

Vikingskip i motlys til høgre...

Vi vil ha best mogeleg utsikt mot Slinningsbålet så vi stilar vestover.


Vi er heller ikkje dei einaste som har komme på ideen om å telte på Langevågsholmane.....Vi må leite litt før vi finn ein holme som innfrir krava, men vi finn han til slutt! Eg fann heldigvis også teltet - sjølvsagt pakka annleis enn det eg brukar så det må eg nesten berre slutte med...

Vi kosar oss på holmen vår, griller pølser og nyt sommarvarmen. Det aular av båtar borte ved Slinningsbålet og vi er i grunn litt glade for at vi ikkje befinn oss midt oppi galskapen i år. Det er like fint å sitte trygt og godt på ein holme, når utsikta uansett er upåklagelig! Vi held ut til bålet har kollapsa - det gjekk relativt fort i år - køyer og prøver å lukke øyrene for folk og fugl så godt vi kan.

Pølsegrilling (steiking) på primus!

Skål for årets lengste dag! Eller kortaste natt....

Slinningsbålet rett tv bak staken. Sjekk alle båtane!!

Endelig er det god fyr i bålet!


Det ser kanhende idyllisk ut å telte på svaberg, men der ER mjukare å sove på lyngheiene.....Eg vaknar grytidleg til fantastisk sommarvær og kan like godt stå opp. Eg rekk å drøse ei stund i sola og få meg ein dukkert før det er liv i naboteltet og frukost. Nedpakkinga går like tregt som dagen før - det hjelp liksom ikkje med ei heller kort natt, men eg får sette det på kontoen for reetablering av gløymte rutiner. 

Sånn ca halv fire på morgonen. Endeleg stilt både frå tjeld og folk.


Det ryk enno godt frå bålet halv åtte på morgonen.

Heimvegen vert utnytta til å leite etter fleire potensielle teltplassar. Vi vil jo helst ha både utsikt til Slinningsbålet OG havet, samt ein høveleg landingsplass og flater nok til fleire telt. Vi ser oss ut nokre potensielle stadar så får vi sjå då når det er aktuelt å teste dei ut.


Litt rekognosering etter andre teltplassar på tur heim att må til.

Vi finn nokre...

....men konkluderte med at vi nok allereide hadde funne ei av dei beste teltplassane her ute.

Tilbake ved Borgundkaia.

Vi kjem tilbake til start sånn passe ut på formiddagen. Vi har ikkje vore på tur i meir enn knappe 17 timar og det kjennest ut som om vi har vore på ein aldri så liten ferie. Ikkje har vio padla langt heller, men denne turen scorer høgt på kvalitet likevel. Takk for flott tur - dette kan vi trygt gjenta!!