GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

2. august 2024

Fine dagar i Nordvest

Dag 1 - på leit etter teltplass

Lene og eg er på padlesafari på Nordøyane - altså øyene som ligg nord for Vigra og Ålesund. Planen er å utforske den nordligaste delen, nemleg området nord for Finnøya. Men planar er ein ting, kva som er mogeleg er noko anna. Det bles rett og slett for mykje. Kva gjer vi då? Vi kan alltids gå oss ein tur og så reise heim att, evt. satse på betre padleforhold neste dag. I såfall må vi finne ein dugandes teltplass for kvelden - ikkje alt for langt frå bilveg og i le for nordavinden.

Det er lettare sagt enn gjort. Det er ingen ting å finn på korkje Lepsøya eller Haramsøya. Anten er der hus, hytter eller så er det naturvernområde. Kva gjer vi no? Reiser heim? Tek inn på ei rorbu? Og kor er det i såfall best å telte med tanke på padling dagen etter? Vi treng mat før vi er beslutningsdyktige og returnerer til Lepsøya der vi sette att eine bilen.

Lunsj i det fri mens vi funderer på kva vi skal gjere

Etter litt mat og blodsukker på veg opp, konkluderer vi med at resten av dagen får nyttast til fots. Det bles godt, men været er likevel for fint til å ikkje nytast. Ute på Haramsneset har eg sett bilete av ei kul grotte attmed sjøen, og ettersom vi er i nærleiken dreg vi dit. Nøyaktig kor denne grotta er veit vi ikkje, så vi køyrer til endes av vegen og går langs fjøra og leitar. Under vegs finn vi mykje artige steinformasjonar.

Jettegryte på jettegryte

Det er sterke krefter i sving som formar fjell på dette viset


Ser du trollkjerringa?

Det vert litt klyving langsmed berga, og vi er litt spente på om vi finn fram. Men jaggu - til slutt finn vi ei ørlita sprekk i fjellet der det må være. Det er omtrent maks flo og uråd å få seg ein kikk utan å verte blaut. Men framsynte som vi var tok vi på oss sko og tøy som toler å bli vått. Eg vassar ut til knes, men når bårene slår inn i grotta rekk vatnet plutseleg opp til stussen, og eg er ikkje halvegs inne ein gong. Vi gir oss på det og ruslar ut til lykta ytterst ute på neset og returnerer heller eit par timar seinare når sjøen har trekt seg litt meir attende. Neste gong får vi time det litt bedre, men det var absolutt verdt eit besøk. Sagnet fortel at denne grotta var kyrkja has Bård i Neset - ein rørsleg og sterk kar. Du kan lese meir om Bård i Neset her her og forteljinga som ligg bak dei kule steinformasjonane vi såg.

Kyrkja has Bård i Neset på flo sjø.


Her har sjøen falle litt, men ikkje maks fjøre enno

Kvelden nærmar seg så det er på tide å finne ein høveleg teltplass til natta. Vi leitar vidare på Skuløya/Flemsøya (ingen grunn til å verte einige om eit navn....!) og Fjørtofta før vi gir oss i Mykjebusthavna på Harøya. Vi har sett ein og anna plass der det kaaanskje går å sette opp eit telt, men ingen ting som peikar seg ut. Til slutt finn vi oss ein høveleg plass i ei båthamn i le for nordavinden og kan ta kvelden.

Dagens teltplass med utsikt til morgondagens padlemål

Lene i solnedgang


Dag 2 - Uksnøyholmane

Vinden gir seg ila natta, og eg vaknar til blikkstille hav og sol! Yr er på vårt lag, så det teiknar til å bli ein fin padledag. Og det vert det! Etter ein lang frukost og kaffi på perkulator, gjer vi oss klare til dagens turmål, nemleg til Uksnøya oh holmane ikring.

Kaffi er best på perkulator! 

Uksnøya er den einaste av øyene her ute som har vore busett, men det er eit vell av øyer og skjer her ute som til saman dannar ein skjerma lagune. Her er mykje å padle mellom, men det er grunt og kor det er mogeleg å padle varierer med flo og fjære. Vi startar med straumpadling (artig) på veg ut til Måværet, siktar oss vidare inn på Høgværholmen, snirklar litt rundt omkring før vi finn ein fin plass å gå i land. Her er aldeles nydeleg. Det er grunt over alt på innsida og liknar til forveksling på bilder frå Helgelandskysten. Vi et, badar og kosar oss og nyt det som er av sommarkjensle.

Her kan vi såvidt skimte husa uteb på Uksnøya i bakgrunnen. 

Lekkert smekkert! Øyhopping Sunnmøre-style


Ut å smake på storhavet

Kven treng å dra til Helgelandskysten når vi har det i eige fylke?


Ukjent bergart, men dei raude flekkane er granat.

Endeleg litt sommar og nakenbading.

Medan vi har kost oss på land har det flødd sopass mykje at det no er mogeleg å padle rundt sjølve Uksnøya. Her har truleg budd folk heilt frå middelalderen. Opphaveleg var det eit bruk her, seinare vart det del i to. Dei hadde både melkekyr, sauer og hest, dyrka korn, dreiv med fiska. Sal av hummer og smør gav inntekt og losverksemd var ei god attåtnæring. Dei var relativt godt stilt dei som budde her! I dag er det villsauer her ute, og husa på øya vert framleis teken godt vare på.

Knutgarden. Huset er i mur og eit sokalla Smith-hus

Det går akkurat å runde Uksnøya på nordsida i kajakk på flo sjø

Rasmusgarden - her driv dei med villsau.

Med floa vert det mogeleg å padle enno fleire stader


Etter å ha sosa rundt på innsida, tek vi utover til Marøy som siste post på turen. Og på vegen kjem vi over ein sel som plaskar og leikar. Han held på ei lang stund før vi vert oppdaga og forsvinn. Ikkje akkurat lett å få dokumentert, men eg gjer no eit forsøk.

Det ER faktisk sel som plaskar!

Siste stopp før vi padlar attende - Marøy tv, Harøya th

Attende til start!

Trass i endring av planar trur eg vi må seie oss fornøgde med turen. 16 km totalt vart det og vi var heldige med været. Eg fekk padla i eit område eg er aldeles ukjend i sjøl om det berre er eit steinkast heime frå. Og her er framleis mykje å utforske. Som sagt ikkje heilt lett å finne teltplass med bil som utgangspunkt, men tenkjer at det vert lettare med kajakk. Berre det ikkje bles for mykje då, altså!

2 kommentarer: