GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

27. august 2024

Ulsteinvik - Kjeldsund

Det har kort sagt vore dritvèr i nordvest i sommar. Reg og regn og atter regn. Og vind. Ikkje har eg fått gjort det eg skulle på huset og ikkje har det vore padlevèr. Dei få dagane som har vore med brukbart vèr, dei har då stort sett gått med til klipping av plen og hagearbeid. Det gror sjøv om det regnar! Så kva er løysinga? Jau, padle sjølv om det bøttar ned når vinden i det minste ser ut til å være handterbar.

Så då gjorde eg det. Med fine temperaturer (20+) og lovnad om opphald i litt ut over dagen, så vart det padletopp og shorts. Sommar er sommar og tørrdrakt vert alt for varmt. Det er jo eit pluss om ikkje anna. Planen var å padle til Skreddarholmen og sjå om der er brukbart for telting og tilbake til Ulsteinvik att.

5 minutt etter eg har lagt frå land kjem regnet....


Yr har ikkje akkurat vore presis i sommar, så opphaldsværet som er lova kjem i veldig korte periodar. Det såg lovande ut ei ri, men kor lenge var Adam i paradis?

Opphald og litt snirkling mellom holmane nord for Dimna.

Ved Dimnaneset og fri sikt mot Herøybrua.

Ikkje veldig lenge. Rett etter eg hadde passert Dimnaneset vart det både regn og vind. Akkurat då angra eg litt på at eg ikkje tok på meg tørrdrakta. Her har vind og bølger nesten  fritt leide inn frå vest med ein del grunner eg må passere, så det kan bli litt krapp og rotete sjø. Heldigvis vart det ikkje så gale, men nok til at eg ikkje prioriterte å sleppe åra for å ta bilde. Etter 20 minutt med intens jobbing kom eg såpass i le for vind og bølger at eg kunne fiske fram kamera att.

Skreddarholmen.

Borte ved Skreddarholmen var det å finne ein god plass å gå i land for beinstrekk og klesskifte. Etter ein time med regn og vind byrja eg å bli sånn passe kald og våt - men heldigvis hadde eg vet nok til å ta med både tørrdrakt og ullklede. Nista hadde eg sjølvsagt reist frå, men det freista no ikkje særleg å sette seg til for å ete uansett. 

Rekognosering ved Skreddarholmen. Grått og vått.

Eg padla litt rundt før eg fann ein høveleg plass å gå i land. Nokon potensiell plass å telte var ikkje mogeleg å sjå frå kajakken, og våt og kald som eg var freista det ikkje å sjå meg om lengre inn på holmen heller. Det får bli ein anna gong. Eg fann meg ei lita bot under eit tre der eg kunne stå å skifte, men særleg til ly vart det no ikkje. Og prøv å trekke på det ullnettning og tørrdrakt på ein våt kropp. Det går ikkje akkurat fort....

Kort pause på land

Med litt varmare klede på og sjokoladepåfyll var det eiegntleg berre å snu og padle attende. Noko eg eigentleg ikkje var særleg lysten på, vind og regn og kjedeleg strekning attende tatt i betraktning. Å fortsette vidare inn til Kjeldsund var eg mykje meir lysten på. Mindre eksponer, og så vert det totalt ein meir variert tur. Som sagt så gjort - eg ringde heim og tinga på henting før eg fortsette mot Kjeldsund.

...og regnet berre fortsette...

Frå hav til fjordlandskap.

Inn mot Dragsundet.


Dragsundbrua

Kjeldsund

Eg byrjar å få god kontroll over dette området frå kajakk no, og det er litt kjekt. Kanskje ikkje verdas mest spennande padleområde, men på den andre sida er vi rimelig godt bortskjemde her på mine trakter så eg kan vel ikkje klage. Det vart jo i grunn ein fin tur, trass i regnværet! Men om det er mogeleg å telte på Skreddarholmen gjenstår enno å sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar