Siste søndag i advent fekk eg og Merete oss ein fin tur på sjøen. Eigentleg var det tenkt som ein klubbtur, men alle hadde nok med seg og julestria, så då vart det berre oss to.
![]() |
![]() |
Siste søndag i advent fekk eg og Merete oss ein fin tur på sjøen. Eigentleg var det tenkt som ein klubbtur, men alle hadde nok med seg og julestria, så då vart det berre oss to.
![]() |
![]() |
Det er lenge sidan Mona og eg har padla i lag, men mot slutten av ferien fekk vi oss ein tur. Eigentleg hadde vi tenkt å fare utover og rundt Vattøya i morgonsola, kose oss og kike utover havet. Men når eg stod opp låg havet inntylla i skodde. Som ikkje var meldt. Då har ein i grunn to val: gi seg på det eller dra til Kjeldsund.
Vi gjorde det siste. Og heldigvis var det skoddefritt der inne. Litt lågt skydekke, men stilt og framleise fin nok temperatur til å droppe tørrdrakta. Og skulle skodda sige innover er det kort veg til trygg grunn over alt.
![]() |
| Blikkstille! |
Det er alltid kjekt med ei rast på land, så vi padla over mot Haddal-sida og fann oss ei lun vik der. Dit hadde og knotten funne fram, så når det gjekk frå relativt blikkstille til absolutt heilt blikkstille pluss yr, måtte vi gi oss. men då hadde vi no fått te og tylla i oss kokekaffi (absolutt eit must på tur) ei god stund.
![]() |
| Snart lunsj! |
![]() |
| Lunsjpause med kaffi og sjokolade frå Longyerbyen |
![]() |
| Når ein ikkje gidd å padle rundt.... |
![]() |
| Tilbake til start. |
Godt i gang med med å få opp padleformen er eg ganske gira på å få fleire kilometer på vatnet. Det er finevêr og lite vind, og Flåvær lokkar der ute! Turinvitasjon vert sendt ut og heldigvis er folk gira på tur. Men som alltid - når det har vore fint vêr fleire dagar i strekk så kjem havtåka brått på og Flåvær utgår....
Dei som held til i indre strok har ikkje mykje lyst utover i skoddehavet, og vi som held til i ytre synes fjordpadling i Ørsta er lite forlokkande. Men vi vil jo ikkje padle i tåka heller. Kjeldsund er litt lite, Eiksund har eg akkurat vore i, så kva er alternativet då liksom? Merete og eg grunnar litt på det, heilt til Merete foreslår at vi kan padle frå Leikong til Kjeldsund og tilbake, det vert ein akkurat passe lang tur!
Og som sagt så gjort. Det vart ein fantastisk tur i strålande kveldssol og godt selskap. Tåka heldt seg i ytre strok, vinden stilna heilt av i kveldinga og det vart skikkelig zen-kjensle og godt for sjelen. Og eg fekk ein ny tur inn på Lista mi som jo alltid er kjekt. Overraskande fin, og om ein synes berre Kjeldsund vert for kort så kan eg anbefale denne varianten!
Tusen takk for turen - sjåast snart på vatnet att!!
![]() |
| Ved Leikong. Ulsteinvik i det fjerne. |
![]() |
| Det blir litt snirkling ved Leikong og - her ved Nykreimsholmen |
![]() |
| På leit etter eit kvileskjèr |
![]() |
| Midtsommartendenser i mai! |
![]() |
| Snirkling ved Furøya |
![]() |
| Langs Kjeholmen |
![]() |
| Snirkling i Kjeldsund |
![]() |
| Det er s lekkert, så lekkert! |
![]() |
| Seglmerket i Kjeldsund. På retur. |
![]() |
| Leikong |
![]() |
| Kveldssol i retning Rovdefjorden |
![]() |
| 5 minutt etter eg har lagt frå land kjem regnet.... |
![]() |
| Ved Dimnaneset og fri sikt mot Herøybrua. |
![]() |
| Skreddarholmen. |
![]() |
| Rekognosering ved Skreddarholmen. Grått og vått. |
![]() |
| Kort pause på land |
![]() |
| ...og regnet berre fortsette... |
![]() |
| Frå hav til fjordlandskap. |
![]() |
| Inn mot Dragsundet. |
![]() |
| Dragsundbrua |
![]() |
| Kjeldsund |
Sjølv om påske og finevær for ange er synonymt med skitur, er det å padle på denne tida av året kanskje noko av det finaste eg veit. Sjøen er som oftast krystallklar og lufta klår og skarp. Då er det kjekt å få høve til å padle med nye folk. Nokre kjente, nokre ukjente. Og kjekt å treffe folk eg kun kjenner frå den digitale verda på ordentlig.
Sulling i Kjeldsund er ein fin plass når hovudmålet er å være sosial. Praten går ofte fortare enn åretaka, så det er ikkje om å gjere at det er for langt. Men det må være langt nok til at det er fint å legge inn ein god rast, og i området rundt og i Kjeldsund er det fleire fine plassar å gå på land. Men først tok vi oss ein runde for å kikke oss omkring.