Siste søndag i advent fekk eg og Merete oss ein fin tur på sjøen. Eigentleg var det tenkt som ein klubbtur, men alle hadde nok med seg og julestria, så då vart det berre oss to.
I knallflott vintervær starta vi ut ved Leikong tidlig søndag føremiddag. Knapt eit vindpust på sjøen! Ingen av oss var særlig gira på langtur, så vi sikta oss mot Kjeldsund. Og litt for kladt til at ein lunsjpause på land var aktuelt. Sopass kaldt var det faktisk, at eg mista følelsen i fingrane allereide før vi hadde passert Budaneset. Heldigvis hadde Merete nokre varmeposar eg fekk låne - dei hjalp godt! Minusgrader i fuktig sjøluft kjennes langt kaldare enn i tørt innlandsklima.
Uansett årstid er det no alltid lekkert å padle når det er vindstille, sjølv om det er kaldt. Merete er over gjennomsnitt oppteken av å ta bilder så dette var midt i blinken for ho. Det gir tid til å snirkle loitt, og det er jo alltid kjekt. Innover mot Kjeldsund var det såvidt byrja å legge seg små isflak på sjøen hist og her, og det var kaldt å padle i skuggen. Men på denne tida av året med mykje fjell på alle kantar, er det ikkje berre enkelt å padle i sola heile tida, men vi gjorde no så godt vi kunne.
Vi tima turen ganske bra med tanke på lyset. Returen vart flott i eit aldeles magisk vinterlys, men då var eg blitt sopass kald at eg ikkje orka tanken på å ha fingrane ut av vottane for å ta bilde. Kl 14 var vi på land att, og sola var i ferd med å takke for seg bak fjella, på denne aller kortaste dagen i året. Kald, men magisk tur i vinterlys denne gongen altså!
![]() |
![]() |









Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar