GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

17. januar 2026

Early Bird rundt Eika

Når snøen manglar må ein jo finne på eit kvart anna av utendørsaktivitet, og då passa det jo bra at Johannes inviterte til klubbtur rundt Eika på ein laurdag. Fine meldingar er jo alltid eit pluss, og heile 9 stk møtte morgonfriske opp tidleg (80.30!) i havna på Eiksund.

Litt kaldt og kaldsnekje, men ellers ein nydeleg vintermorgon. Vi for austover først mot Vartdalsfjorden. Det var ganske så frisk sjøgang utpå, men det synes eg det stort sett er akkurat her, for her møter Vartdalsfjorden Voldsfjorden og Rovdefjorden. Og det vert det ganske mykje straum av. Men litt artig er det no og, og Pilgrimmen er ganske god på slikt.

Vi rundar enden på Eika når sola stig over fjelltoppane og drysser gyllent lys på fjelltoppane rundt oss. Og når sjøen har stilna heilt og vatnet er krystallklart så er det ganske lekkert. Bortsett frå at det er litt kaldt å pause på land så tidleg på året, er dette ei fin tid på sjøen. Men det gjeld å kle seg godt, for det vert fort kaldt både på fingrar og tær.

Ettersom aktuelle stader å gå på land for ein beinstrekk framleis ligg i skuggen droppar vi pause. Vi snirklar heller litt rundt før vi kryssar over mot Selvågane der sola er og så attende til havna. Ein fin runde vart det, og veldig kjekt med både tur tidleg på dagen og nye bekjentskap!

Klokka er ca 09.00 og vi er klare for tur!


Vartdalsfjorden byr på rotesjø

Godt i gang, men framleis har ikkje sola stått opp




Snart for enden av Eika, og himmelen byrjar å lysne

Og der skin sola på fjelltoppane bak Selvågane (men ikkje der vi er..) Joakim nyt turen.

Lekkert, sant?

Endeleg i sola!

Så var turen over, og dagen har såvidt begynt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar