2026 trur eg må gå inn i historia som ei av dei beste skøytesesongane eg har opplevd. Sjølv om det å gå på skøyter er artig nok i seg sjølv, er det enno artigare å utforske fleire stader å gå, og Lene og eg fekk oss nokre fine turar rundt om her på Sunnmøre.
Snipsøyrvatnet
Først ute var Snipsøyrvatnet på Hareid. Det er eit stort vatn, og det er ikkje ofte det frys sopass til at ein kan gå på skøyter her. To fine turar fekk vi i slutten av januar i gneistrande kaldt vintervær. Lite folk å sjå ut på isen - sjølv om isen var trygg og fin. Men det er ikkje å forakte å få heile Snipsøyrvatnet for seg sjølv heller.
Storevatnet og Veddevatnet
Kulden og fineværet fortset og ettersom det fortsatt ikkje er snø er det å finne eit anna vatn å gå på. Storevatnet - eller skal eg heller seie Storevatna - på Sula hadde fin is kunne jungeltelegrafen fortelle, og vart turmålet for årets tredje helg på skøyter. Vi var ikkje åleine denne gongen - det bålast på land og det leikast på isen. God, gamaldags helgeutflukt med familien ser det ut til, og det er kjekt å sjå.
Vi går frå vatn til vatn, krabbar over turstiar med skøytene på, er på oppdagelsesferd i viker og har det skikkelig artig. Det er så eventyrleg vakkert her. Pause i sola ein liten time, og så tek vi runden på nytt! Til slutt har skinnleggen fått nok, tærne er kalde og sola er i ferd med å takke for seg. Men for ein eventyrleg dag det vart!
Vatnevatnet
Kuldeperioden vil ingen ende ta, snøen glimrar framleis med sitt fråvær, og det er berre å utnytte isen. No er vi der at vi faktisk er blitt litt kravstore - isen skal være fin, det skal ikkje være for mykje folk, og omgivelsene skal være av typen postkort. Vi studerer kart, føl med på jungeltelegrafen, sjekkar yr.no og landar på Engesetvatnet. Det ser sånn passe bra ut frå bilen når vi køyrer langsmed. Ikkje heilt optimal is, nei. Kresne er vi blitt faktisk. Vi køyrer ned til badeplassen og sjekkar isen. Den er betre enn forventa, men vinden er sur og kald. Etter litt diskusjon endrar vi på planen og køyrer til Vatne og Vatnevatnet (hakk i plata...).
Det bles her og, men det ser kjekkare ut likevel og meir postkort. Vi finn ein plass i sola og spenner på oss skøytene. Anklane byrjar å kjenne det etter dei andre turane så det føles litt tyngre og meir ustøtt denne gongen. Og om det er tungt å padle i motvind, kan eg fortelle deg at det er enno verre på skøyter. Til gjengjeld er det ustyrteleg morsomt når vi snur og får vinden i ryggen - hu hei hvor det går!
Medan vi pausar i sola dukkar det opp eit kjent fjes! Trude og dattera er ivrige på skøyter og har lagt sin elsk på dette vatnet. Og det kan eg godt forstå - for her er verkeleg flott! Vi tek ein runde i lag alle saman, før føtene streikar og ber om nåde.
All skøytegåinga med dårleg treningsgrunnlag resulterte faktisk i ein hoven ankel pga overbelastning, men det var faktisk verdt det! Og så håper eg på at det blir litt skøytegåing til neste år og.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar