GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Kajakk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kajakk. Vis alle innlegg

22. august 2025

Stille morgon i Kjeldsund

Det er lenge sidan Mona og eg har padla i lag, men mot slutten av ferien fekk vi oss ein tur. Eigentleg hadde vi tenkt å fare utover og rundt Vattøya i morgonsola, kose oss og kike utover havet. Men når eg stod opp låg havet inntylla i skodde. Som ikkje var meldt. Då har ein i grunn to val: gi seg på det eller dra til Kjeldsund.

Vi gjorde det siste. Og heldigvis var det skoddefritt der inne. Litt lågt skydekke, men stilt og framleise fin nok temperatur til å droppe tørrdrakta. Og skulle skodda sige innover er det kort veg til trygg grunn over alt.



Blikkstille!

Det er alltid kjekt med ei rast på land, så vi padla over mot Haddal-sida og fann oss ei lun vik der. Dit hadde og knotten funne fram, så når det gjekk frå relativt blikkstille til absolutt heilt blikkstille pluss yr, måtte vi gi oss. men då hadde vi no fått te og tylla i oss kokekaffi (absolutt eit must på tur) ei god stund.

Snart lunsj!

Lunsjpause med kaffi og sjokolade frå Longyerbyen


Med knott rundt øyrene var det godt å komme seg i kajakken att. Vi tok sjølvsagt vegen via holmane i Kjeldsund. På fjøre sjø er det nokre stader det ikkje går å padle mellom, så då får ein ta vegen rundt - eller drage kajakkane over. Med tang og tare å drage på gjekk det ganske lett!


Når ein ikkje gidd å padle rundt....

Kjeldsund er fint å sulle rundt i med plenty holmar å padle rundt og mellom, men superlangt vert det ikkje. Mona var spent på kor godt padlinga gjekk ettersom det har vore landligge for kajakken eit par år, men det gjekk heilt supert! Turen vart på 7,5 km og ein heilt super tur tidleg ein sundag formiddag!


Tilbake til start.

(Og ja - eg såg deg...)

3. august 2025

Formiddagstur til Flåvær

Det har vorte litt lite padling i ferien, men eg fekk meg no ein tur til Flåvær med Anne-Mette. Dei fine dagane med sol og temperaturar opp mot 30 grader varte ikkje evig, men 23 pluss, vindstille og opplett er også heilt innafor. Anne-Mette hadde andre planar for ettermiddagen så vi starta dagen tidleg.

Sjølv om eg har vore fleire turar ute ved Flåvær er det lenge sidan eg har padla via Moltustranda og Tarberg, det var faktisk litt kjekt å gjere. Ute ved Langholmane gjekk vi på land for å sjå etter potensielle teltplassar, før vi sikta oss inn på Flåvær for pause ved fyret. Padleformen har gått litt ned i løpet av ferien, så det gjorde seg med ein lengre pause der.

På heimvegen snirkla vi rundt Lisje og Store Sandøya, utan at eg tok nokre bilete (var meir oppteken av å kikke etter teltplass...), og vipps så var vi tilbake til start. Flott tur og herleg start på dagen! 

Herøy gard

Over mot Moltustranda.

Langholmane. Her har eg ikkje vore på årevis...

Langgrunt og fint. Og ein og anna teltplass....

Flåvær fyr

Pause på innsida av fyret denne gongen med utsikt til Skorpa og Bergsøya


Tilbake til Herøya...

....og Herøy gard

16. juni 2025

Overnattingstur til Kråkøya

 Godt i gong mrd padling for sedongen er eg gira på meir tur etter Senja. Og Lene er på. To sjeler, ein tanke - vi vil på overnattingstur. Og Kråkøya - ei lita øy rett utforbi Leinøya lokkar. Den ligg litt vêrutsett til, og ilandstigning med kajakk er ikkje alltid like enkelt. Men  no er det sommar på Sunnmøre og det ligg an til å bli blikkstille og varme dagar.

Vi er fire damer som er klare for å legge avgarde ein fredagskveld (den 13. faktisk!!). Og så er det det store spørsmålet som alltid dukkar opp når varmen kjem: skal eller skal ikkje ha tørrdrakt? Det vert litt både og på gjengen. Eg likar ikkje trekk og går for lettkledd under så kan heller drakta takast av undervegs.

Lene H, Lene og Anne-Mette. Flott lys over Flåvær

Starten på Straumane

Roleg og fint oppover i Straumane


Så blikkstille som det kan bli!


Då var vi komme ove til Leinøya. Remøya rett forut.

Gjennom Nørdre Vaulen


Vi sig avgarde opp Straumane sommarkvelden. Det er ein utruleg flott kveld! Tempoet er lagom, vi pratar og kosar oss og før vi veit ordet av det er vi framme. Det er ikkje så ofte vi er her ute, og før vi går i land må vi rekognosere litt. Sist eg var her ute minst eg ei lita, steinete strand det var enkelt å gå i land på, men den var borte no. Alternativt er husken min dårleg for det er nokre år sidan eg var her sist.

Etter litt rekognosering finn vi ein stad der det er mogeleg (men ikkje enkelt) å gå i land. Det vert litt basking og tunge løft, men det går. Så er det å finne seg ein teltplass. Her har vore folk og telta helga før ser vi etter avtrykket i graset å døme. Ikkje så rart, for det er ein fin plass. Etter litt virring fram og tilbake finn vi kvar vår lille flekk å sette opp teltet på, før prat og natta.

Der! Kråkøya midt i bildet.

Fint å snirkle litt langs Kråkøya!


Ingen ting å seie på utsikta!

Neste dag vaknar vi til sol og varme. Det lovar godt! Eg og bacon på svaberg gjer godt, og så er det å baske seg utpå att før heimveg. Det vart ein roleg og fin tur heim att. Stilt både på land og til vanns. Og vel tilbake på Jensholmen att var vi alle einige om at det var ein fin tur!

Frukost.

Meir snirkling langs Kråkøya

Lene H blid og fornøgd!

Utover mot Runde

Og innover att.

Mot Herølya. Moltustranda på andre sida.

Herøy Gard og snart slutt på magisk tur!

11. juni 2025

Senja

Eg har vore på Senja to gonger før for å padle, men begge gongane har det blåse litt i overkant mykje til at eg kan skryte på meg dei heilt store utfluktene. Bles det so bles det - ikkje nokke å gjere med. Sosialt og kjekt har det vore likevel, og eg er no godt vand med både regn og vind. Men det hadde no vore kjekt å få padla liiiiitt meir denne gongen. Alle gode ting er 3 heiter det, og når eg drar oppover i pinsa ser faktisk vêrmeldingane lovande ut.

Det er sol og sommar når eg landar i Tromsø. Alf er som vanleg på tilbodssida og plukkar meg opp på flyplassen. Etter litt sjauing og 3 timar i bil er vi endeleg på Å. Det er kjekt å treffe både nye og kjende fjes - latter og klemmar sit laust, og eg er visst ikkje for søring å rekne lengre heller. Stas!

Vel framme på Å og vêret ser lovande ut for morgondagen

Lemmingvær

Laurdagen kom med sol og lite vind og endeleg vart det tur ut til Lemmingvær! Glede!! Vi starta inst i bukta ved Å og padla utover langs land så langt det gjekk før vi kryssa over mot sjølve Lemmingvær. Eg konstanterer at padlekulturen varierer frå landsdel til landsdel. På Sunnmøre er det gjerne padling i bølger som er greia og effektive framdriftstak er gjerne ikkje i fokus. Det er det derimot i nord, men eg klarar å halde følge utan alt for mykje blodsmak i munnen.

Klassisk før start bilde

Lemmingvær i det fjerne

Snart kryssing over

Mariann i sin flett nye NDK Sportive

Sol og silkeføre utover. Jan Viggo er fornøgd.


Vel ute ved Lemmingvær er det berre å nyte. Det er så lekkert så lekkert! Grunne laguner, sandbotn, kvite strender, yrande fugleliv, turkisblått hav og kvite fjelltoppar. Vi snirklar oss mellom og rundt der det er mogeleg og ser oss i kring før det vert beinstrekk i sola.

Det fotograferast over ein låg sko

Ikkje heilt ulikt padling på Sunnmøre faktisk

Snart beinstrekk



På returen slår eg følge med dei som tok kortaste vegen utover - det er ikkje om å gjere å slite seg heilt ut heller. Turen vart på ca 14,5 km måler eg på kartet i ettertid og akkurat passe langt.

På heimveg. Inger Johanne er sjef.

Så stilt som det kan bli! Kirsti og Jan Viggo.

Tranøy

Søndag er kirketid, og når det attpå til er pinse er det vel høveleg å besøke Tranøy kyrkje. Der har eg rett nok vore ein gong før, men det er så flott der ute så ein reprise er berre greit! Det er vått og grått denne dagen, men det gjer ikkje så mykje når ein uansett har tørrdrakt. Det vart litt motvindspadling begge vegar, men ikkje så mykje at ein kunne skulde på vinden for at det vart eit relativt stort strekk i feltet på returen. Alf kunne ikkje anna enn å riste på haudet og legge seg såpass langt bak at han klarte å ha heile feltet innan synsvidde. Ingen blåse bort og vi var like mange tilbake som då vi dro.

Padling i prateavstand til naboen. Alf instruerer.

Midtfjords og litt motvind

Kirketid...

...men først litt ferdamat

Tranøy gard

Retur. Framleis nokonlunde samla

Vinden snudde til vi skulle heimatt så det vart motvind då og

Siste bilde av samla flokk før det vart fullstendig sprik i feltet


Det er ganske kjekt og sosialt å være i lag med denne gjengen ei heleg. Folk kjem med godt humør, kaker og skrøner. Vi grillar, et, tyt og kosar oss. Kviss med Renate og Bjørn heldt spennende foredrag av sin planlagde tur til Grønland.

Og før vi veit ordet av det er helga over. Dvs eg tok meg litt ekstra god tid denne gongen og vart ei natt til. Sola kom tilbake og eg fekk sjå Senja frå si beste side før eg for heim att. Tusen takk for for denne gong - så sjåast vi vonleg igjen før eller seinare!!