GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

19. april 2022

Sulletur i Herøy

 Påska i år har vore heilt fantastisk. Sol, sol, sol og sol. Då vil ein sjølvsagt rekke alt. Helst på en gong. Eg fekk det nesten til. Med ei god natts søvn i telt, bar det heim att etter ein betre frukost i det fri for å pakke til padletur. Men eg måtte sjølvsagt nytte fineværet til å beise terrassen først. Kva får ein vel ikkje tid til om ein vil??

No tek det litt lengre tid å pakke til kajakktur enn det ein trur - kvar einaste gong - så vi var ikkje ute med klubbnaustet før godt over kl. 15. Men det er vår og lange dagar og ikkje noko å stresse for (tja - det var vel det eg faktisk gjorde, men men....). Eg gjekk for klubben sin Pilgrim, mens Åse fekk Greenlandaren.

Vi stilar utover i retning Herøy Gard. Åse har ikkje padla på fleire år, så litt rusten teknikk.


Nydeleg ute på sjøen i dag. Her ved Herøy Gard.


Kanskje den flottaste utsikta på denne turen - Flåvær i det fjerne


Eggebøneset på andre sida.

Planen var eigentleg å finne oss ei lun vik og grille pølser på turen. Det skal ein jo gjere i påska. Men det bles litt opp og varmen lot vente på seg. Dessutan var eg sliten etter turbolivet det siste døgnet, og ungdommen streva litt i vinden. Etter litt kort rådslaging kom vi fram til at pølsegrilling like godt kan gjerast i hagen heime. Og det gjorde vi. Ein kort, men fin tur vart det no likevel. Og ei flott avslutning på årets påske.

18. april 2022

Vinternatt i naturen

 

Finvéret held fram, påska er knapp og tida strekk ikkje til for å gjere alt ein har lyst på. Då får ein berre prøve å slå to floger i ein smekk. Kva med sosialisering og vennebesøk i kombinasjon med telting? Som sagt så gjort. Avtale om å møtast på kvelden for tyt og båling ein høveleg plass der eg kunne telte og ikkje alt for langt å gå.

Greit med trakka spor mesteparten av vegen. Og ved må ein ha når ein skal båle!

Therese stilte med pølser og eigen båldreng, så medan eg fekk meg nokre gode tips på bruk av snøpluggar ordna Erik med bål. Så sat vi der då i skauen og kosa oss i den fine vårkvelden

Nydeleg kveldslys i vintervårnatta! Pølsegrilling på gang.

Gjestene takka for seg når kveld går mot natt. Berre meg åleine. Eg sit attmed bålet ei stund til dei siste vedskiene sloknar. Det byrjar å bli kaldt, og soveposen ligg og lokkar det oppe i teltet.

Fint å sitte slik å kokkelure åleine framom bålet etter at gjesten var gått.

Ikkje enkelt å finne lett tilgjengelege teltplassar langt unna folkeskikken på Sunnmøre, men ein får gøyme seg så godt ein kan mellom trea. Volda i det fjerne.

Luksus å vakne til gneistrande sol og vindstille.

Frukost i det fri er undervurdert. Sjølv om det ikkje er like lettvint som heime. Ting tek tid på telttur.

Natta gjekk greit. Eg sov som ein stein og fraus ikkje det grann. Varmeflaske i soveposen gjer seg. Når ein vaknar utkvild til nydeleg vér er dett berre å være takksam for at vi har denne moglegheita her til lands. Å fare til skogs og være i eitt med naturen for ei lita stund og få litt mentalt og fysisk påfyll. Men pliktene kallar også i påska, så etter ein betre frukost i det fri er det heim og beise terrassen!

17. april 2022

Rotevassætra og Vassteinvatnet

 Det som kunne teikne til å bli ei grå og våt påske, snudde brått om og vart ei veke med strålande solskinn. Av og til er det godt når véret snur om, og det må ein nytte. Dei siste åra har det vorte heller lite skigåing på meg, og når det først både er snø og sol samstundes falt valet på skitur framfor padling.

Ytterst ute i havgapet har snøen smelta bort, men ein dryg halvtimes køyring unna ligg framleis godt med snø. I overgangen mellom Ørsta og Volda er det Stikk Ut tur innover Vadsteindalen til Rotevassætra. Turen er av typen lettgått, og akkurat det vi treng.

Klar for tur!

Slakt og fint terreng. Heldigvis, for føret var noko dritt!

Rotevassætra.

Pause ved Rotevassætra. Det er heitt i sola og skarpt lys! Alltid nokke å klage på!


Føret er håplaust for oss utan felleski. Våt og tung snø og det er korkje glid eller godt feste. Passe sliten i armane konkluderer vi med at Rotevassætra er lang nok i dag. Men vi har litt lyst å sjå oss om litt meir, og satsar på at vi kjem oss lengre neste dag.

Dag 2 inne ved Rotevassætra. Ungdommen insisterer på å gå til endes på løypa og tilbyr seg å bære sekk for å sikre at mora ikkje snur.

Vassteinvatnet. Aldeles nydeleg. Her kjem vi garantert attende.

Dagens rasteplass ved Vassteinsætra. Sætrevatnet lenger nede.


Sjølv om føret var like elendig som dagen før, var motivasjonen større. Skisporet var lagt vidare frå Rotevassætra og heile vegen inn til Vassteinvatnet. Litt meir stigning denne biten, men overkommeleg. Utsikta ned mot Vassteinvatnet var verdt alle motbakkane - fantastisk vakker, og planar om teltturar til sommaren vart umiddelbart sådd. Vi gjekk til enden av vatnet og fann ein pausestein med utsikt ned mot Sætrevatnet. Litt sur vind så vi sat ikkje so lenge før vi snudde nasen heim att.

Denne turen kjem nok inn på favorittlista mi for vinterturar. Her er lettgått, opptrakka og vakkert. I tillegg er det flust av mogelege teltplassar langsmed både sommar og vinter, der ein lett kan stikke seg vekk utan å måtte gå så langt. Vi kjem heilt sikkert att!!




15. april 2022

Selsomt på Grasøyane

Som vanleg kjem fredningstida på Grasøyane brått på. Ofte er det fint å dra utover i Mars, men det har vore vind, og regn og snø om kvarandre. Og litt triveleg på tur må det no være. Og trygt. Og lovleg. Frå 15 april - 15 august er det ilandstigningsforbod der ute, og i år var dette i påska. Med 4,5 km rett ut i havet er det er mykje som skal klaffe for ein slik tur. Det bør ikkje blåse for mykje (har ikkje lyst å ende opp på Island), bølgehøgden bør være handterbar (kan fort verte mykje og stor sjø etter vekevis med vind), ein må være fleire i lag (ingen solotur dette og ikkje egna for uarfarne), ein fridag gjer seg, og så må det altså ikkje være fredningstid det ute.

Eg skulle rett nok jobbe i påskeveka, men med litt fleksitid og høvelege vérmeldingar låg det tilrette for ein tur i påska likevel. Lene fekk med seg Øystein óg - kjekt med nye padlebekjentskap og trygt å være fleire. Øystein var ekstra klar for tur, med ein heilt flett ny P&H Cetus som han akkurat rakk å plukke med seg på vegen.

Lene og Øystein. 
 
Utover vart det lite bilder på meg. Med mobilkamera i eit ikkje 100% sikkert vanntett etui, frisk sjøgang og lite lysten på å bli sjøsjuk, så eg lot eg det være. Men sjølv om eg må konsentrere meg for ikkje å bli sjøsjuk synes eg det er det artig med havpadling når det er slik likevel.

På denne tida av året er det ofte høve til å sjå sel ute ved Grasøyane. Selen er nokså sky og forsvinn så fort dei får ferten av oss, så vi valgte å nærme oss kolonien med vinden i mot denne gongen. Det skulle betale seg!
Er selen der eller ikkje? Øystein og Lene speidar.

Jaudå! Mykje dyr faktisk!

Men ikkje spesielt lette å skille frå steinen den ligg på.

Vi er oppdaga! Nokre av dei største dyra (hannene mest truleg) går i vatnet.

Jasså! Kva dokke vil?

Den største av dei viser fram brystkassa, snøftar høglytt og dykker ned i sjøen med eit plask. Eg antek det er for å gi beskjed om at dette er hans område - ikkje vårt. Dette gjentek han fleire gonger, medan ungdommen har plassert seg i trygg avstand bak oss. Vi er rett og slett omringa! Dei har kontroll på oss, medan vi aldri veit kor dei dukkar opp neste gong. Vi ligg lenge slik og observerer kvarandre på avstand, før svolten gneg og det er på tide med ein beinstrekk.

Grasøyane fyrstasjon.

Godt tilrettelagt for kajakkparkering her!

Lene har nett hatt bursdag. Det feirast med å innvie den nye samanleggbare og padlevennelege kvistbrennaren ho har kjøpt seg!

Kokekaffi, kaker og kringler. Fint skal det være!

Som alltid er det kjekt med litt rekognosering.

Fyr er berre so vakre!!

Heimvegen tenkte vi å legge på nordsida i retning Fløraunden. Eigentleg var det meldt at sjøen skulle legge seg utover dagen, men det gjaldt visst ikkje dønningane som kom frå nordvest. Det vart berg-og-dalbane sidelengs eit stykke før eg kjende at no er det berre å sette kursen inn mot havna att, så eg ikkje vert sjuk. Fløraunden får være til neste gong. Artig å padle i unnabakke heile vegen inn, sjølv om min indre gyro får køyrt seg! Det er noko heilt spesielt med slik havpadling.

Vel inne i havna att er vi vel fornøgde alle mann! Full uttelling på alle tenkelege måtar. Og Øystein var vel fornøgd med ilddåpen til Cetusen og! Takk for tur og godt selskap!

10. april 2022

Frostatind (807 moh) - endelig!!

Véret har vore ustabilt store delar av vinteren, og påskevéret ser heller labert ut i følge meldingane. Då må ein faktisk nytte høvet når det byr seg - sjølv om det betyr tur etter jobb og eldgamalt (og tungt) utstyr raska saman i farta, fordi mitt eige ikkje befinn seg på same plass som meg sjølv. Skredfaren er stor på Sunnmøre no, så vi gjekk for ein trygg og enkel tur som eg har hatt mål om ganske lenge, nemleg Frostatind i tidligare Skodje kommune.
Knallfint vér og framleis optimist trass tungt utstyr. Fotot: Lene

Det er heitt opp bakkane. Og tung nysnø. Heldigvis er det trakka oppover.

Ingen ting å seie på utsikta!

Toppen i himmelsjå? NOT! Her er det berre å bite tenna saman, ignorere gnagsår og gå så lenge ein har krefter i skrotten.

Det er no heldigvis lettgått terreng då. Sjølv om eg byrjar å kjenne det i beina.

Tilbakeblikk.

Utsikt frå toppen! Upåklageleg, men j....kla kaldt!! Og Lene traff kjentfolk!

Det vert sjølvsagt utnytta! Foto: Kjell Lennart Nygård

På veg ned att. Fantastisk lys som ein berre må forsøke å ta inn (og gir ein velsigna pause til låra)

Og slik ser det ut frå varden med bra zoom på kamera når Lene og eg renn nedover. Foto: Kjell Lennart Nygård

Føret er heilt fantastisk og lyset magisk! Vi pausar og mannar oss opp til den (vonleg) beste delen av nedkøyringa.

Og slik ser det ut der vi står og funderer på løypevalget ned.....Foto Kjell Lennart Nygård

Ingen av oss er i veldig god form for tida, og med lånt utstyr var planen eigentleg berre å gå så langt som vi orka. Toppen var ikkje det eigentlege målet, men det å være ute og nyte. Vi (dvs Lene) valgte ei rute som passar betre for oss med fjellski. Jamn stigning gjer seg. Dessutan fekk vi fjellet meir for oss sjølve - ekstrabonus spør du meg! Litt våt og tung nysnø oppover, men det og går greitt når nokon har trakka i forvegen. Og nedkøyringa - for ein draum! Sving på sving på sving -  sjølv med rusten telemarkteknikk gjekk det bra! Og gud kor gøy!!!

Dette vart ein tur av dei heilt sjeldne trass i tungt utstyr frå midten av 90-talet, utrena legger og lår, gnagsår og bitande kulde på toppen. Og ein tur eg heilt sikkert kjem til å gjere på nytt! Kan anbefalast på det varmaste!!


Takk for turen Lene!