GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

17. april 2022

Rotevassætra og Vassteinvatnet

 Det som kunne teikne til å bli ei grå og våt påske, snudde brått om og vart ei veke med strålande solskinn. Av og til er det godt når véret snur om, og det må ein nytte. Dei siste åra har det vorte heller lite skigåing på meg, og når det først både er snø og sol samstundes falt valet på skitur framfor padling.

Ytterst ute i havgapet har snøen smelta bort, men ein dryg halvtimes køyring unna ligg framleis godt med snø. I overgangen mellom Ørsta og Volda er det Stikk Ut tur innover Vadsteindalen til Rotevassætra. Turen er av typen lettgått, og akkurat det vi treng.

Klar for tur!

Slakt og fint terreng. Heldigvis, for føret var noko dritt!

Rotevassætra.

Pause ved Rotevassætra. Det er heitt i sola og skarpt lys! Alltid nokke å klage på!


Føret er håplaust for oss utan felleski. Våt og tung snø og det er korkje glid eller godt feste. Passe sliten i armane konkluderer vi med at Rotevassætra er lang nok i dag. Men vi har litt lyst å sjå oss om litt meir, og satsar på at vi kjem oss lengre neste dag.

Dag 2 inne ved Rotevassætra. Ungdommen insisterer på å gå til endes på løypa og tilbyr seg å bære sekk for å sikre at mora ikkje snur.

Vassteinvatnet. Aldeles nydeleg. Her kjem vi garantert attende.

Dagens rasteplass ved Vassteinsætra. Sætrevatnet lenger nede.


Sjølv om føret var like elendig som dagen før, var motivasjonen større. Skisporet var lagt vidare frå Rotevassætra og heile vegen inn til Vassteinvatnet. Litt meir stigning denne biten, men overkommeleg. Utsikta ned mot Vassteinvatnet var verdt alle motbakkane - fantastisk vakker, og planar om teltturar til sommaren vart umiddelbart sådd. Vi gjekk til enden av vatnet og fann ein pausestein med utsikt ned mot Sætrevatnet. Litt sur vind så vi sat ikkje so lenge før vi snudde nasen heim att.

Denne turen kjem nok inn på favorittlista mi for vinterturar. Her er lettgått, opptrakka og vakkert. I tillegg er det flust av mogelege teltplassar langsmed både sommar og vinter, der ein lett kan stikke seg vekk utan å måtte gå så langt. Vi kjem heilt sikkert att!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar