GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

30. mai 2020

Tidlig på`an rundt Giske


Når eg endeleg har komme i gang att med padlinga er det om å gjere å halde den varm. Og når yr.no attpåtil melder om fint vær laurdagen er det ikkje anna å gjere enn å lodde stemninga. Jaudå - Lene H. og Torunn Mari blir med. Sjølv om eg vil starte i gryotta. Giske rundt er det sjølvsagt målet - kanhende med innlagt rull og redning. Vi får sjå...

Giske rundt er og blir min favorittnærtur. Ein padlar i hav og fjord på same runde og lyset skifter alltid. Det er ganske grunt rundt den paddeflate øya, så havlandskapet endrar seg og ganske kraftig med flo og fjøre. Og i dag vart det ekstra langt å runde Kvalneset.

Vel inne i Øydegardshavna og 2/3 av turen unnagjort kunne det passe med litt rull og redning. Eg har knapt nok rulla Playen, og no nærmar det seg året for sist gong eg rulla. Vann i fjeset først og ein kjapp tanke om at "vil eg dette her då?" før eg lar det stå til. Yess! Det gjekk!! Såvidt. Neste rulle gjekk langt betre, og eg gir meg med flagget på topps. I mellomtida har  Lene og Torunn og komme godt i gang med å øve seg. Lene på rulla og Torunn Mari på eigenredning. Og ser man det - øvelse gjer meister!

Vel nøgde med oss sjølve alle mann, var det berre å nyte siste biten rundt. Når du glir over den kvite sandbotnen og azurblått hav, er berre det temperaturen som avslører at vi faktisk ER i Noreg. Uansett har vi no tørrdrakt på, så det spelar i grunn lita rolle.

På land att og klar for heimveg kjem det fram at Torunn Mari har bursdag. Hadde vi visst det skulle vi stilt med kake og kaffi, men vi får ha det til gode! Kjekk tur og herleg selskap - gler meg til fleire :)





24. mai 2020

Ikkje akkurat dypdykk


No er ikke akkurat Tovågen den mest spektakulære dykkeplasser eg veit om, men iom at eg ikkje veit om så mange er den betre enn ingen. Det har vore ein rel. kald vår så eg vart litt overraska over kor dårleg sikten var. Men no var turen i utgangspunktet berre meint som oppfrisking, så det var grunn ikkje så nøye. Litt var det no å sjå då. Og kjekt at eg klarte å dykk ned for å sjå på sjønellikane. Teknikken er framleis ikke spesielt god så her er det berre å øve.....

Værre var det at batteriluka på det nyinnkjøpte kamera til fleire tusenlappar opna seg i det eg steig ut av vatnet. Mykje vatn kan det ikkje ha komme inn for det fungerte etterpå. Ei stund.  Og etter ein rask skylling i ferskvatn, 2 døgn i ovn på varmluft viste det seg at jaudå, her er det liv....For å være på den sikre sida vart det sendt inn att til Olympus for sjekk - og vipps fekk eg eit nytt eit i retur. Om det var fordi Coronakrisa har gjort dei ekstra snille, eller om det faktisk var feil med batteriluka er ikkje godt å seie...

Uansett - kjekt å dykke att!




1. mai 2020

1.mai-padling

I det eg tok til å rigge meg for kvelden for ei natt under åpen himmel, åleine der ute i havgapet, fekk eg telefon fra Ingvild. Om det var aktuelt å bli med på førstemaipadling neste dag? Eg merkar eg kjenner litt på stress når eg tenkjer på logistikken som må til,korleis forsvare ungar på sjølvstyr samstundes som eg prøver å dra det heile i havn i min favør. Men som alltid ordnar det seg for snille jenter. Turen vart utsett ein times tid - akkurat nok til at eg ville rekke heimom og pakke om.

Turen gjekk fra Gjøsund og inn i Ellingsøyfjorden. Målet var å kose oss og kanskje og få sjå niser. Rapportar om observasjoner av niser frå fleire hald gjorde at vi hadde trua. Etter litt snirkling mellom øyane nordover var det på tide med strandhogg. Bursdagsbarnet Lene H. hadde med seg kake, og med båling og kokekaffe attåt, var det ingen som klagde på regnet som kom. Vi vart sittande rett lenge og kose oss i duskregnet.

Og heimvegen vart ikke noko dårligare! Nisene kom dei! Og for fram og tilbake langs fjorden der vi skulle krysse. Ikkje akkurat spekkhoggar, men godt nok i massevis! Fleire mindre flokkar som jagde etter sild. Dessverre fekk eg ikke fanga dei på bilde - dei er kjappe og kamera er treigt, men dei VAR der altså.

Veldig kjekk tur, og fantastisk oppleving å få sjå niser!