I det eg tok til å rigge meg for kvelden for ei natt under åpen himmel, åleine der ute i havgapet, fekk eg telefon fra Ingvild. Om det var aktuelt å bli med på førstemaipadling neste dag? Eg merkar eg kjenner litt på stress når eg tenkjer på logistikken som må til,korleis forsvare ungar på sjølvstyr samstundes som eg prøver å dra det heile i havn i min favør. Men som alltid ordnar det seg for snille jenter. Turen vart utsett ein times tid - akkurat nok til at eg ville rekke heimom og pakke om.
Turen gjekk fra Gjøsund og inn i Ellingsøyfjorden. Målet var å kose oss og kanskje og få sjå niser. Rapportar om observasjoner av niser frå fleire hald gjorde at vi hadde trua. Etter litt snirkling mellom øyane nordover var det på tide med strandhogg. Bursdagsbarnet Lene H. hadde med seg kake, og med båling og kokekaffe attåt, var det ingen som klagde på regnet som kom. Vi vart sittande rett lenge og kose oss i duskregnet.
Og heimvegen vart ikke noko dårligare! Nisene kom dei! Og for fram og tilbake langs fjorden der vi skulle krysse. Ikkje akkurat spekkhoggar, men godt nok i massevis! Fleire mindre flokkar som jagde etter sild. Dessverre fekk eg ikke fanga dei på bilde - dei er kjappe og kamera er treigt, men dei VAR der altså.
Veldig kjekk tur, og fantastisk oppleving å få sjå niser!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar