GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Runde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Runde. Vis alle innlegg

8. september 2025

Sjønær 2025

 Sjønær er noko eg etterkvart har byrja å glede meg stort til. Ein bitte liten festival ute på Runde der havet er fellesnevnaren. Hovudaktiviteten har vore under vatn,men det har vore eit ønske å få med kajakkpadling og. Men av ulike årsakar har ikkje kajakkpadlinga teke heilt av.  erOfte det snakk om å få til det rette konseptet, og i år fekk eg drahjelp av ei av dei som skulle halde foredrag på laurdagen - nemleg Kim van Groningen. Også kjent undet navnet Kajakkim på Instagram. Ho er frå Nederland, har budd i Noreg i 20 år +, driv med kajakkguiding rundt om i verda, men har akkurat flytta til Sunnmøre!!

Vi byrja på tankeprossessen tidleg i vår, og etter nokre turar i lag ute ved Runde gjorde vi oss nokre tankar om korleis vi ville ha det. Men å tilby guida turar i løpet av ein festival - der ein til og med må betale - ligg ikkje heilt for Sunnmøringen. Det han då ikkje får med seg, er alt han går glipp av til ein relativt billeg penge.

For ikkje berre har du mogelegheiter til å bli med på ein tur i noko av det råaste som finnes langs Norskekysten, men du får også fantastisk god mat og høyre på historiar frå inspirerande folk, og høve til å prøve både fridykking, padling og coasteering. Alt inkludert i helgepasset.

Fredagen startar sjølvsagt med fredagstaco! Både klassisk variant med kjøttdeig, men Cecil diska sjølvsagt opp med vegetarvarianten og! Nydeleg godt!

Fredagstaco. Foto: Lisa Bendal

Dag 1 - turdag

Inklusive i helgepasset er frukost laurdag og søndag. Heimelaga surdeigsbrød med godt pålegg er faktisk ikkje å forakte. Så med ein solid frukost i skrotten var vi klare for tur. 

Lekkert frukostbord. Foto: Lisa Bendal

Kim og eg hadde håpt på at kajakkfolket tok til årene og meldte seg på tur ettersom det var fine vèrmeldingar. Men den gong ei. I staden for guida tur ved Runde, vart det altså tur ved Runde for guidane. 3 i talet faktisk, for Kom hadde og fått med seg Jorge frå ingen ringare stad enn Mexico. Jorge jobbar som kajakkguide hos Uteguiden i sommarsesongen, og i Mexico resten av året. Men han har forelska seg i Runde, og var ikkje vond å be med som ekstraguide. Dyktig er han og.

Med tett program vart det ikke tid til tur heile vegen rundt, men ut til grottene skulle vi kunne rekke. Eg var ikkje heilt i slaget, men tenkte eg kunne bli med eit stykke i alle fall.

Vi starta i båthavna

Rundebrua

Kim i fint driv utover

Jorge MÅ faktisk leike i kvart eit brott han ser!

Jorge klatrar i BCU-stigen, og øver seg på å trene oss andre. Kjekt!

Det er alltid kult å padle dette stykket her.

Kul geologi!

Eg hadde eigentleg planar om å snu rett etter brua, men eg måtte berre bli med bort til dei kule pinaklane inne i vika før en kjem til lundeura. Etter litt leik og morro mellom steinformasjonane, kjende eg at det var på tide å gi seg. Kim padla med meg tilbake til Måganeset før ho fortsette vidare med dei andre, medan eg snudde nasen heim att.

Snart tilbake til småbåthavna att og lunsj.

Resten av dagen gjekk slag i slag. Foredrag med bl.a Kim som kunne fortelle om guida kajakkturer i Nordnorge, Hellas og Mexico. Swim4fjords viste bilder og fortalte om sin kamp for å sette søkelys på fjordane våre og økosystemene der som er i ferd med å kollapse. Utrolig dyktige og dedikerte folk (følg dei gjerne på Instagram!). For å nevne nokre av foredragshaldarane. Og heilt til slutt vart det tapas og dessert. Etter det gjekk rullegardina ned og det var berre å ta kvelden.

Dag 2 - SundayFunday

SundayFunday er dagen for å prøve ulike vannaktivitetar, og Herøy Kajakklubb stilte sjølsagt opp. I år klarte vi faktisk å lokke nokon frå  dykkegjengen til å prøve og. Og medan Kim tok seg av dei, tok Mads eg eg oss av ungane. Fullt kaos og mykje folk, men utruleg kjekt. Og kjekt hadde dykkegjengen hatt det på padletur og!

Kim instruerer voksengjengen som skal prøve kajakk

Rein sydenstemninga!

Det er alltid ein liten luring som vil teste kor stabil kajakken er..

Det vart litt ordentleg turpadling også på ungane


Alt i alt ei vellukka helg. Eg trur vi fekk framsnakka padling litt betre denne gonge, så får vi håpe då at fleire kajakkfolk finn vegen til neste år!

6. juli 2025

Artig ved Runde

Kim har forelska seg aldeles i Runde. Ho og ein gjeng tenkte seg dit for å padle litt i røff sjø, og lurte på om eg ville bli med.  Og det ville eg såklart. Pilgrimmen (expd.) opplever eg er litt mindre stabil enn Romanyen i litt rotete sjø, og kanskje og litt i lengste laget for leik og morro. Men klubben har ein NDK Sportive - som er lillesøstera til Romany som eg tenkte eg kunne prøve. Og det var intet dumt valg!

Det kjentes heilt rett ut når eg sette meg i den. Framleis ein liten kajakk og her er ikkje rom for særleg vektoppgang, men cockpiten er noko større enn i Pilgrimmen, og då teoretisk lettare å gjere eigenredning i. Første stykket er der sjøen er mest rotete, så litt spent var eg.

Bølgene var passe store. Ikkje så høge, men med mykje kraft.

Bølger vises aldri på bilder....

Medan vi andre var i turmodus, var Jorge i fiskemodus. Så strekninga der sjøen er mest rotete gjekk i dorgetempo bokstavelig talt. Å ligge i ro ute i rotete sjø (snøret skal både ut og inn) er noko av det værste eg gjer i kajakk for eg vert så sjøsjuk. Men med ein kajakk som både er stabil og tek sjøen fint gjekk det bra likevel. Godkjensla eg hugsar frå Romanyen er absolutt tilstades i Sportiven. Me like!

Så kjem vi over mot det det er kjekt å padle mellom. Jorge er litt instruktør og lokkar oss til å teste brottpadling mellom berg. Det er lenge sidan eg har gjort dette og lurer på om eg skal våge meg på det. Men til slutt må eg berre og lar det stå til. Adrenalinet går rett i fletta i det eg kliner til, men eg greide det! Og slik held vi på mellom alt som padlast mellom kan, heilt til vi nærmar oss grottene.

Snirkling mellom spektakulær geologi

Kule formasjonar!

Brottpadling ser lettare ut enn det er. Kim treff godt når sjøen kjem.


Eg nikoste meg i Sportiven. Timane gjekk utan eg vart sjuk - ei heilt fantastisk kjensle. Men det var på tide å komme seg vidare til grottene før svolten tok oss - vi skulle trass alt tilbake og. Litt spente var vi på om det var mogeleg å komme seg inn for det var mykje kraft i sjøen denne dagen. Til alt hell var bølgeretinga gunstig, så det gjekk akkurat, men ikkje flatt nok til å ta så mykje bilder...

Havsular i lufta under Rundebranden

Vatnet er faktisk så blått som på bilde

På veg ut att frå grottene

På heimvegen nytta Jorge høvet til å fiske meir. Resultatet vart heile 5 fine lyrar, og heldige meg fekk med ein heim - luksus! Vi var på sjøen i 4 heile timar denne dagen utan ein beinstrekk på land. Og det utan at eg vart sjøsjuk! Og den Sportiven - den likte eg knallgodt! Utruleg kjekk tur, og veldig kjekt å prøve seg med (forsiktig) brottpadling att. Så får vi sjå om det vert fleire høver til slikt.

Tilbake til start etter ein flott tur!

NDK Sportive. Om det no berre hadde regna pengar....

31. mai 2025

Ein runde rundt Runde

 Kim og eg har planar om organisert tur i samband med Sjønær 2025 (kom!kom!)og før ein slik tur, må ein bli litt betre kjend - både med kvarandre og området ein skal padle i. Kim har ikkje padla ved Runde før så denne gongen var det eg som var kjentmann og guide. Det er noko med å ikkje ha padla veldig mykje i rufsete forhald dei siste åra, og samstundes være den som skal ha kontroll på kor det er best å padle, kor det er grunner etc i eit område som kan være krevjande. Litt nervøs før start mao.

Fin start og relativt roleg. Foto: Kim

Men som alltid - det går helst bra! Litt mykje sjø til den heilt store snirklinga mellom dei flotte steinformasjonane under Lundeura - eg er rett og slett for rusten.  Og padling inn i grottene utgjekk uansett, det skal ikkje mykje sjø til før det vert farleg. Men er var nok og litt pinglete denne gongen.

Det var mykje lundefugl på vatnet som vi prøvde å unngå, med det resultat at vi padla litt for longt frå land til å sjå grottene så godt, men flott var det uansett. Kim var strålande fornøgd både med landskap og sjøgang (det er jo litt kjekt), og det gjekk greit fram til fyret med passe mykje bølger.

Litt humpetitten inn mot fjellet, men det vises sjølvsagt ikkje på bilde. Foto: Kim


Pga fuglane havna vi litt vel langt frå land. Foto: Kim

Ved fyret - og sjøen har roa seg betrakteleg. Foto: Kim

Måyye låne dette blete av Kim og. Pittoreskt og vakkert.

Etter ein velfortent beinstrekk og mat i skrotten ute ved fyret dukkar det sjølvsagt opp kjektfolk! Audhild m/familie har gått landvegen over, som og er ein fin tur å ta. (Turistforeningen står for drifta av bygningane her og det er mogeleg å overnatte for ein relativt rimeleg penge). Vi har det med å treffe kvarandre på dei mest usannsynlege stader, det er jo litt vittig. Vi rekk ein kjapp update på tingenes tilstand før vi må legge utpå att før det skal blåse opp.

Middag i det fri og forsmak av sommar.


Strekket frå Runde forbi Goksøyr og tilbake til start er ikkje like dramatisk og spennende som på andre sida. Vi vurdere og diskuterer alternative turar på Sjønær og er skjønt einige. Vær og vind bestemmer, og er det uråd å padle ved Runde, fins det monge andre flotte alternative turar som ikkje er like utsett.


Herleg gjensyn med tidligare nabo og turkammerat!Foto: Audhild


Klart til avgang. Foto: Audhild

Det er litt komlete å komme seg på og av land med kajakk inne i havna


Eg har framleis litt å gå på reint padlemessig, for dei siste to kilometrane var seige. Kim noterer 16,24 km når vi stig på land, og eg er fornøgd både med eigen innsats og kjempetriveleg selskap! Eg reiste i frå kamera denne gongen, så alle bileta denne gongen er lånt av Kim og Audhild.


Takk for turen Kim!! Foto: Audhild

8. september 2024

Sjønær 2024

 Årets Sjønær på Runde er den 3. i rekka. Og i år som i fjor skulle klubben stille på Sunday Funday med prøv å padle. Eg skulle jo helst også prøvd meg på litt dykking for det er lenge sidan sist, men vi hadde jo lova å stille...I fjor var eg med heile helga - i år passa ikkje det så godt, men eg fekk med meg foredrag og middag på laurdagen. Det er heilt utruleg kva dei har fått til - eg likar opplegget kjempegodt så litt kjipt å ikkje få med meg heile helga, men litt er betre en ingen ting!

I alle fall - i år måtte eg og til pers med å køyre kajakkhengaren.... Eg har ikkje allverden med erfaring ut over å køyre med den tilhengaren eg har sjølv. Dessutan det er vel akkurat i grenseland for kva eg har lov til. Men må man så må man, og vi skulle grytidleg avgarde i glesgrente strok såe.....Men det gjekk no greit både til og frå.


Anne-Mette er klar for innhogg av folk...

Vi var litt spente på kor monge som ville dukke opp. På slutten i fjor kom det eit heilt rush av både store og små, men i år var det berre nokre småtassar som ville prøve seg. Men dei få som kom kosa seg! Det spørs om vi ikkje vert litt usexy, samanlikna med ball, SUP, fridykking og coasteering......





Mykje småfisk å sjå!


Mens vi venta på potensielle "kundar" tok vi oss ein runde for å sjå på kva dei andre dreiv på med. Fridykking veit eg er gøy, men til neste år har eg lyst å prøve coasteering - det ser innmari kjekt ut. Der dei holdt på var det og fine brott å leike seg i for oss med kajakk. Vi fekk ein liten surf kvar over eit sva, men utan hjelm tok vi det litt forsiktig og lot det bli med denne eine...

Fridykking

Coasteering. Her var det og fint å padle over skjæret th 

Hege og John fekk seg og ein tur medan dei venta på "kunder".

Litt liten interesse for kajakkpadling i år altså. Og kanskje er det ikkje "kom og prøv kajakk" som er greia på Sjønær. Vi klarer ikkje konkurrere med dei andre aktivitetane. Så her må vi nok i tenkeboksen til neste år! Det var no kjekt likevel. Eg (som einaste som padla kajakk fekk med meg litt av laurdagen og. Foredrag på ettermiddagen av folk frå rundt om kring i verda som studerar livet i havet, og som av ulike grunnar (ofte kalt tilffeldigheit) har ei eller anna kopling opp mot Miljøsenteret på Runde. Under middagen på kvelden (fantastisk god mat!!) vart det og høve til å prate og bli kjent med andre som og bryr seg om havet. Ein kan verte mørkeredd over alt ein les skjer med naturen no fordi vi ikkje har hatt vett til å trø forsiktig, men å høyre på fagfolk som vel å være optimistiske for framtida, gir jo litt håp!


Vel blåst for Sjønær 2024 og Miljøsenteret på Runde!

15. september 2023

Sjønær 2023

VELKOMMEN og fredagstaco

8-10 sept. vart det arrangert Sjønærfestival på Runde Miljøsenter for 2. gong, og i år vart eg med. Det er i hovudsak Herøy dykkerklubb, Njord Freediver og Opplev Runde som står bak denne festivalen in spe, med Herøy Kajakklubb som bidragsyter. Tema er sjølvsag sjønære aktivitetar på, i, under og kring havet. Filosofien er enkel - det vi kjenner til og bryr oss om, det tek vi og vare på.

Litt spente dro eg og eldsta avgarde utan anna mål eller meining enn å ha ei kjekke helg, og kanskje og bli kjent med nye fjes, som det for oss var flest av. Og det er alltid litt spennende. Men ikkje så  langt ut i fredagstacoen var praten godt i gang, og stemninga god.


Denne fine gjengen skal vi tilbringe helga med!


God natt frå hotellet og ny dag i vente...



DAG 1: YOGA, SJØNÆRT, STORYTELL OG SILENT DISCO 

Laurdagen var tettpakka med ulike aktivitetar. Først på programmet var morgonyoga med Kishore kl 07.30. Vi var overraskande monge som karra oss opp tidleg og fekk ein nydeleg start på dagen. Etterpå vart det felles frukost på Miljøsenteret før aktivitetane tok til

Fantastisk soloppgang før yoga


Kishore tok oss gjennom ein roleg time med yoga.

Medan Åse bestemte seg for å bli med på Coasteering, ville eg freiste å få meg ein liten tur på havet med Edd og Joakim. Eg vert for lett sjøsjuk til å bli med på dykking ut mot storhavet frå båt, så då er kajakk eit betre alternativ. Dessutan var eg spent på sjå den nye kajakken som Edd har utvikla sjølv, og som han i desse dagar reiser rundt og promoterer, for den skal nemleg ut på verdsmarknaden!! Kor kult er ikkje det?! Meir om historia bak kajakken kan du sjå her. Den første turen eg hadde i kajakk ute på Runde var forresten på ein liknande dag som denne - strålande sol og rett mykje bølger - og Edd var med den gongen og. Det er nokre år sidan, så kjekt med litt mimring.

Edd med "Alnes Ocean" frå Edge Kayak.

Off we go! Joakim i gliset til Edd! Og det er IKKJE flatt hav..

Joakim er fornøgd - Alnes Ocean trives i bølger!

Legg merke til Edd i bakgrunnen, som har all sin fokus på brottet..


Det er dette Edd har hatt i tankana når han utvikla Alnes Ocean - leik!

Etter at karane hadde fått leika seg litt mellom kule steinformasjonar (som eg ikkje finn namnet på), stilar vi vidare mot grottene under Rundebranden. Det er litt for lenge sidan eg har vore ute i sopass stor sjø (som sjølvsagt ikkje vises på bilete) og eg slappar ikkje heilt av.... Det vart lite fotografering på resten av turen for å seie det slik...Til mitt forsvar kan eg legge til at dykkarane (det var både fridykkarar og apparatdykking) som eigentleg hadde sett seg ut grottene som ein høveleg turmål i dag, ombestemte seg etter å ha vore ute og sjekka...

Rotet sjø så langt auge rekk, og dit grottene er...


Joakim og Edd berre måtte..Foto: Edd

Det ser smått ut, men kjennes stort....Foto: Edd

Det er bra kraft i bølgene. Her på returen.

Attende til start og smulere farvatn.


Etter ein kjekk tur på vatnet og litt testing av Alnes Ocean i fjøresteinane (svingar på 5-øringen og verkar veldig stabil!), bar det attende til Runde Miljøsenter for å høyre historia til mellom anna Edd. Etter foredraga var det tid for festivalmiddag og meir sosialisering. Cecil frå Miljøsenteret hadde ei overrasking på lur: Silent Disco. Alle vert utstyrt med eige høyretelefonar der ein kan justere volumet sjølv, medan ein høyrer på same musikk. Artig oppleving og eit konsept vi med migrene godt kan like!! Avslutingsvis vart det omvisning i utstillinga på Miljøsenteret med Johannes, før vi tok kvelden.

Ein tam ungmåse ynskjer velkommen...

Fyrst ute var Edd Bjørke og Edge Kayak

Kim André Sund har vunne fleire prisar for sine flotte bileter.

Oceanograf Jenny Ullgren heldt eit engasjerande foredrag om sitt forhald til miljø og havet.

Festivalmiddag!

Silent disco. Artig og sært!

Nattevandring på Miljøsenteret. Johannes fortel om Rundeskatten.

DAG 2: Ny dag, nye moglegheiter!

Søndagen starta vi med vaffelfrukost på Miljøsenteret, før vi gjorde oss klare til familiedag og kom og prøv! Herøy Dykkerklubb, Njord Freediver, Opplev Runde og Herøy Kajakklubb stilte mannsterke opp til dei ulike aktivitetane. Her kunne ein komme og prøve padling, fridykking, SUP eller coasteering. Og det heilt gratis! Eg var sjølvsagt medhjelpar hjå Herøy Kajakk Klubb. Litt stilt i starten, men etterkvart kom det ein del folk og ville prøve.

Vaffel- og svelefrukost

Då er vi klare til å freiste folk med kajakk!

Mads instruerer.


Åse ville prøve fridykking

Her ligg dei og vakar i vannskorpa..

Godt fornøgd etterpå. Her med Tore Olav.

Sjønær vart ei flott oppleving. Vi var heldige med været og hadde sommartemperaturar heile helga. Maten dei laga til oss på Miljøsenteret var over middels bra - sunt og smakfullt - men det var først og fremst folka som gjorde opplevinga kjekk. Laidback, men godt organisert, flott variasjon i programmet og eigentleg rett mykje for pengane. Kortreist morro mao, og vi kjem gjerne attende!