Kim har forelska seg aldeles i Runde. Ho og ein gjeng tenkte seg dit for å padle litt i røff sjø, og lurte på om eg ville bli med. Og det ville eg såklart. Pilgrimmen (expd.) opplever eg er litt mindre stabil enn Romanyen i litt rotete sjø, og kanskje og litt i lengste laget for leik og morro. Men klubben har ein NDK Sportive - som er lillesøstera til Romany som eg tenkte eg kunne prøve. Og det var intet dumt valg!
Det kjentes heilt rett ut når eg sette meg i den. Framleis ein liten kajakk og her er ikkje rom for særleg vektoppgang, men cockpiten er noko større enn i Pilgrimmen, og då teoretisk lettare å gjere eigenredning i. Første stykket er der sjøen er mest rotete, så litt spent var eg.
 |
Bølgene var passe store. Ikkje så høge, men med mykje kraft.
|
 |
Bølger vises aldri på bilder.... |
Medan vi andre var i turmodus, var Jorge i fiskemodus. Så strekninga der sjøen er mest rotete gjekk i dorgetempo bokstavelig talt. Å ligge i ro ute i rotete sjø (snøret skal både ut og inn) er noko av det værste eg gjer i kajakk for eg vert så sjøsjuk. Men med ein kajakk som både er stabil og tek sjøen fint gjekk det bra likevel. Godkjensla eg hugsar frå Romanyen er absolutt tilstades i Sportiven. Me like!
Så kjem vi over mot det det er kjekt å padle mellom. Jorge er litt instruktør og lokkar oss til å teste brottpadling mellom berg. Det er lenge sidan eg har gjort dette og lurer på om eg skal våge meg på det. Men til slutt må eg berre og lar det stå til. Adrenalinet går rett i fletta i det eg kliner til, men eg greide det! Og slik held vi på mellom alt som padlast mellom kan, heilt til vi nærmar oss grottene.
 |
Snirkling mellom spektakulær geologi |
 |
Kule formasjonar! |
 |
Brottpadling ser lettare ut enn det er. Kim treff godt når sjøen kjem. |
Eg nikoste meg i Sportiven. Timane gjekk utan eg vart sjuk - ei heilt fantastisk kjensle. Men det var på tide å komme seg vidare til grottene før svolten tok oss - vi skulle trass alt tilbake og. Litt spente var vi på om det var mogeleg å komme seg inn for det var mykje kraft i sjøen denne dagen. Til alt hell var bølgeretinga gunstig, så det gjekk akkurat, men ikkje flatt nok til å ta så mykje bilder...
 |
Havsular i lufta under Rundebranden |
Vatnet er faktisk så blått som på bilde
 |
På veg ut att frå grottene |
På heimvegen nytta Jorge høvet til å fiske meir. Resultatet vart heile 5 fine lyrar, og heldige meg fekk med ein heim - luksus! Vi var på sjøen i 4 heile timar denne dagen utan ein beinstrekk på land. Og det utan at eg vart sjøsjuk! Og den Sportiven - den likte eg knallgodt! Utruleg kjekk tur, og veldig kjekt å prøve seg med (forsiktig) brottpadling att. Så får vi sjå om det vert fleire høver til slikt.
 |
Tilbake til start etter ein flott tur! |
 |
NDK Sportive. Om det no berre hadde regna pengar.... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar