GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

24. juni 2025

Jonsokfeiring ved padlehuken

Jonsokafta er ein av mine absolutt favorittkveldar, nesten på høgde med julaftan. På vestlandet og nordover har denne tradisjonen større fotfeste enn i andre delar av landet, og er ein tradisjon det er verdt å halde fast ved synes no eg. Men når det ikkje er noko bål å oppdrive i nærleiken får ein skipe til litt feiring sjølv. Så då tok eg like godt og sette opp ein klubbtur til padlehuken.

Vi var heile 8 stykk som la ut frå klubbnaustet Jonsokkvelden. Varierande skydekke og utrygt for regn, men vi kan no alltids sitte under tak. Turen ut er ikkje den lengste, men akkurat passe for anledninga. Vi skal trass alt rekke både båling, grilling og kaffikoking.


Framme ved padlehuken hadde dei fleste skyene fordufta og det lå vel tilrette for ei vellukka jonsokfeiring. Grillspyd og anna snack fann kjapt vegen fram til grillen, Anja hadde med ferske reker vi fekk smake på og Sigrid kunne by på sjokoladedessert til slutt. Det vart litt overspising kan du godt seie så det var ikkje om å gjere å forte seg ut på sjøen att ......





Tida gjekk fort og ambisjonen om å være tilbake ved klubbnaustet klokka 22 vart lagt til side. Årets lengste dag må då nytast til fulle! Så etter langt om lenge sette vi oss i kajakkane akkurat tidsnok til å få med oss solnedgangen. Raud himmel, flott lys og blikkstille!! Og omtrent beint kl 12 på minuttet, kunne vi stige i land att ved klubbnaustet.








Tusen takk til alle som ville feire Jonsok i lag med meg - you made my day!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar