GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Erkna. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Erkna. Vis alle innlegg

5. april 2018

Erkna

Padlelysten er på veg attende. Det er framleis påske og fredningstida på Erkna nærmar seg med stormskritt. Gode meldingar i sikte og avtale med Lene om at dette er innafor, om vi får med oss nokre til. Sola skin frå blå himmel ute og eg tek ein sjekk av meldingane for morgondagen kl.15.30. Lovnad om strålande sol og bortimot vindstille. Realitetsjekk ut stoveglaset kl.20.30 og snøen lavar ned! Javel? Ny sjekk av yr.no med lovnad om at sola faktisk SKAL skine neste dag, og ikkje alt for mykje vind. Rett nok litt meir enn tidligare meldt, men framleis innafor. Realitetssjekk ut soveromsvindauge om morgonen og snøen fortsett med å lave ned. Jaha...? Det skal roe seg med snø litt utover dagen, så vi utset avreise eit par timar. Og jaudå- det lysnar i horisonten, men i byen snør det fortsatt........

Eg må tilstå at eg er litt skeptisk på veg ut til Blimsanden på Vigra. Padling vert det nok, men Erkna? Ikkje akkurat optimalt for ein heller rusten padlekropp med diverse vondtar. Bølgene slår kraftig inn mot stranda når vi kjem, og eg veit at den dryge timen det tek utover  i røff sjø vil utfordre både sjøsjuke og alboge.


Samling i bånn og rådslagning på stranda før vi avgjer. Sjekking av yr (sjøl om tilliten er sterkt svekka) seier at snøbygene berre skal gå på indre og vinden skal gi seg i løpet av kort tid. Dessutan er vi 4 stykk med kvart vårt kompass på kajakken og alle har vore ute ein vinterdag før. Jason meiner sjøen er roligare lengre utpå, Lene er klar for Erkna, Odin vil berre padle og eg er skeptisk. Med underteikna si rett til å legge ned veto om heilomvending kor tid som helst på overfarten, går vi for Erkna.


Og turen? Heilt fantastisk! Røff sjø-jadda- men eg greide meg fint sjøl om rusten, og taping av alboge fingerte fint. Romanyen og eg krangla ikkje ein einaste gong, og etter å ha padla greenlanderen eit års tid er ikkje bølger noko å bekymre seg for når Romanyen er med. Og for ein gongs skuld hadde yr rett denne dagen- sola skein opp, vinden stilna og havet la seg flatt (nesten då) på veg innover att.


Takk for fantastisk flott tur!




Blimsanden litt mer kvit en vanleg.....


Erkna- fin på både langt og nært hald.


Utsikten frå fyret er upåklageleg. Runde lengst ute


 Jaudå. Kosar oss i sola!



Fint vær i retning aust. Byger i nordvest. Dei passerte oss heldigvis med god margin.


Vel tilbake på Blimsanden att.

12. juli 2014

Erkna på blikkstille hav

Ferien nærmar seg og det hadde vore kjekt med ein padletur i lag før alle fer til kvar sin kant. Sola skin, det er heilt vindstille og det er hett i byen. Så heitt at Lene dristar seg til å padle i sommarhabitten. Vi går for Erkna, sjøl om det no er ilandstigingsforbod- vi får heller nyte på litt avstand. Veret og forhalda er for bra til ikkje å dra utover.

Vi forlet sydenstemninga på Blimsanden og padlar utover. Luftspegling (hildring) og blikkstille hav gjer det magisk. Havet er heilt paddeflatt på utsida av Erkna og, det er ikkje mange dagar det er slik her ute! Vi somlar oss rundt og nyt kvart eit åretak før vi snur nasen innover att. Ein magisk tur på ein sommardag av dei heilt sjeldne.

Nyt sommaren!









29. mars 2014

Fantastiske Erkna

Endelig blei det padletur på meg igjen, og hvilken fantastisk tur! Ut fra Synnes og straka vegen rett ut i havgapet med sikte på å padle rundt. Fine dønninger utover, litt mer ruskete på yttersiden, men det var bare gøy. Matpause og kos på land på anvsist plass fra fyrforpakteren. Villsauene lammer nå- skremmer vi dem stikker de av og forlater de nyfødte lamma sine. Slik vil vi sjølsagt ikke og gjør som vi blir bedt om.

Så går det mot kveld og vi må tilbake. Jeg har ikke lyst til at turen skal ta slutt- ikke de andre heller- så vi somler det vi kan på hjemvegen. Vi snur oss og ser- Erkna ligger der og bader i et lys av gull. Det er nesten så hjertet brister. Her ligger vi og dupper, alene på det store havet og får lov til å nyte denne magiske stunden- hvor heldige vi er!

Kamera sviktet når jeg  som mest hadde bruk for det, men bildene ligger godt lagret i hjertet. Eventuelt kan du ta en titt i Lene sin blogg- hun fikk noen fine blinkskudd!