Sommaren i år har vore mildt sagt begredelig. Regn og vind har ingen ende tatt og utsikta for fint vær på årets Sjønærfestival såg lenge mørkt ut. Men som i tolvte time slo det heilt om - ikkje en sky på himmelen og vinden stilna.
Med fri på fredagen og fint besøk nordfrå låg det godt til rette for ein tur til Flåvær (igjen). Broderen hadde tatt turen helt fra for å prate på Sjønær om plastryddinga han har halde på med i regi av "Miljørederiet", så litt søskentid var godt å få. Silkeføre utover langs Moltustranda og herlege, lange, rolige dønningar. Gøy å padle Greenlanderen igjen var det og - den skjer sjøen som kniv i mjukt smør!
Ute ved fyret var det sommervarmt og eitt lag ull under tørrdrakta var faktisk i meste laget. Ein tanker kokt var det deilig å kunne vrenge av seg litt klær og la svetten tørke opp! Så var det å sette seg i solveggen og nyte eit streif av sommar. Og som om det ikkje var magisk nok fra før fekk vi auge på ein enslig kval av et eller anna slag litt lenger utover. Stor stas!
På heimvegen såg det ut til å kunne brygge opp til torden innover, så vi heldt oss langs land mot Bergsøya. Litt kjekt å ikkje padle same vegen attende eller berre padle midti leia. Ein flott tur vart det i alle fall, med regn og regnboge heilt mot slutten. Og no har broderen altså fått ein liten smakebit av Sunnmøre.













Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar