GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

19. oktober 2026

Seinsommertur til Flåvær

Sommaren i år har vore mildt sagt begredelig. Regn og vind har ingen ende tatt og utsikta for fint vær på årets Sjønærfestival såg lenge mørkt ut. Men som i tolvte time slo det heilt om - ikkje en sky på himmelen og vinden stilna.

Med fri på fredagen og fint besøk nordfrå låg det godt til rette for ein tur til Flåvær (igjen). Broderen hadde tatt turen helt fra for å prate på Sjønær om plastryddinga han har halde på med i regi av "Miljørederiet", så litt søskentid var godt å få. Silkeføre utover langs Moltustranda og herlege, lange, rolige dønningar. Gøy å padle Greenlanderen igjen var det og - den skjer sjøen som kniv i mjukt smør!

Ute ved fyret var det sommervarmt og eitt lag ull under tørrdrakta var faktisk i meste laget. Ein tanker kokt var det deilig å kunne vrenge av seg litt klær og la svetten tørke opp! Så var det å sette seg i solveggen og nyte eit streif av sommar. Og som om det ikkje var magisk nok fra før fekk vi auge på ein enslig kval av et eller anna slag litt lenger utover. Stor stas!

På heimvegen såg det ut til å kunne brygge opp til torden innover, så vi heldt oss langs land mot Bergsøya. Litt kjekt å ikkje padle same vegen attende eller berre padle midti leia. Ein flott tur vart det i alle fall, med regn og regnboge heilt mot slutten. Og no har broderen altså fått ein liten smakebit av Sunnmøre.

















29. juli 2026

Rødsand - Indre Selfjord


Også i år var eg så heldig å få lov til å t meg ein tur til Å på Senja. Været har ikkje alltid spelt på lag dei gongene eg har vore her, så om ein har som mål å få padla mest mogeleg kan ein fort verte skuffa. Det sosiale er minst like viktig, og det er alltid kjekt å prate med padlefolk frå andre delar av landet, utveksle erfaringar og ellers berre ha det kjekt i lag. Og dersom været spelar på lag, vert det kanhende ein padletur eller to og.

Pga av ei stadig dårleg skulder, lite padling og ein haug med andre bortforklaringar var det ikkje aktuelt å padle korkje langt eller bratt for meg i år. Men det er heilt greit når ein får padle stadar ein ikkje har padla før. Med utgangspunkt i Rødsand var vi ein lite gjeng som sikta oss inn mot Indre Selfjorden. Resten av gjengen for mot Hallvardsøyan  - dit eg og skal ein gong....

Snart klar for avgang

Kryssing over mot Steinjorda. Lomstinden tv og Bunkeskjoldet th.

Heftig og begeistret - Bunkesjoldet rett forut

Første biten av turen var å krysse over mot Steinjorda som det står på kartet, men Alf kalte det berre Bunken. Og det heiter no Bunkfjorden her, så da då. Ein bitteliten beinstrekk på land her og så bar det vidare forbi Dyrsneset og Lomsneset.


Det er lett å la seg lure av avstandar her oppe, og medan skuldra sa langt nok sa Alf 3-4 km. Tove og eg var klare for ein rast, og rett rundt neset visste Alf om ein fin stad å raste.

Indre Selfjord th, Flakstadvåg tv

Indre Selfjord - berre lekkert sjølv på ein gråværsdag.

Litt studering og ca-måling på kart i pausa viste at vi hadde padla i underkant av 6 km ( og ikkje 3-4...). Altså passe langt syntes Tove og eg - vi skulle trass alt heim att og. Skulder er skulder, og det hjelp lite å ønske seg ein lenger tur om kroppen protesterer. Det er viktig å gi seg medan leiken er god.

Ikkje alltid lett å få tatt bilde av Alf for han har makk i baken, men også han må ha ein pause på tur.

På veg heim att. Taggane tv er Fiskenestindan, og den vesle øya heilt th i bildet er Hallvardsøya.


Rødsand i sikte


Snart framme! Alf i fint driv

Det var utruleg kjekt å få padle på ein ny stad, sjølv om eg gjerne skulle fått oppleve Hallvardsøyan og. Eg får krysse fingrane for at det byr seg eit høve til det ein anna gong. Tusen takk til Tove og Alf for nok ei fantastisk helg på vakre Senja.

24. juli 2026

Flåvær

 Lene H og eg fekk os ein fin tur til Flåvær tidleg i juni. Vi tok vegen via Moltustranda og Langholmane - der er det så fint. Kanskje vert det og telting her ute ved høve.

Over mot Flåvær kom havdønningane inn - då måtte vi no ligge litt intil skjæra og kjenne litt på det. Litt uvanleg mykje bølger inn i havna når vi skulle på land så vi måtte passe litt på for ikkje å få alt for mykje riper i kajakken, men det gikk fint med litt tolmod og rett timing.

Ettersom Lene ikkje hadde vore her ute før måtte vi (i tillegg til å raste ved fyret sjølvsagt), snirkle oss på innsida langs med holmane her ute og under brua på veg heim att. 

Litt sidevind hadde vi begge vegar og både med- og motstraum så det gikk i null hadde eg neste sagt. En aldeles fortreffeleg tur i fabelaktig selskap mao.

Klar!

Obligatorisk rute forbi Herøy Gard

Langholmane i sikte

Reine idyllen. Ikkje lange stykket ut til Flåvær no.

Snart midtsommar

Rast i solveggen ute ved fyret. Skorpa rett forut.

Flåværidyll!

Litt låg vannstand, men vi kom oss gjennom!

Snart tilbake via Herøy Gard. Nytt jektenaust under bygging i bakgrunnen tv.

4. mai 2026

Grasøyane

Det vart lite både padling og skigåing i påska. Lite snø og mykje vind. Då var det sjølvsagt ekstra stas når Joakim inviterer til tur for aktivitetsleiarane ut til Grasøyane. Mellom 15.april og 15 august er der ilandstigingsforbod så dette var siste sjanse før sommaren. Og været - det viste seg frå si beste side. Litt vind skulle det bli i følge meldingane, men sjølv om padleformen og skuldrane ikkje var på sitt beste var konklusjonen at eg nok alltids skulle klare å komme meg både fram og tilbake.


Heile 6 stk klare for tur. Nydeleg i småbåthavna på Flø

Dette er den einaste båthavna eg veit om som er direkte lekker

Mindre vind enn meldt - heldigvis!

I fint driv utover. Godøya i bakgrunnen.

Landkjenning og snart framme!

Turen utover går greit. Vi hadde vinden i ryggen, og det som var av bølger var heilt greit. Det einaste vi måtte passe på var når vi nærma oss grunnene for der reiste sjøen seg ganske bra. Brottpadling stod ikkje på min agenda denne dagen, men litt surfing inn i havna blei det og det var jo berre artig. Ellers varma sola godt i naustveggen og vi tok oss god tid til lunsjen, før vi sjølvsagt måtte opp til fyret å inspisere. Fyr er fantastiske byggverk - tenk alt dei har tolt av vær og vind opp gjennom åra!

Rast i naustveggen. Reine sydenstemninga

Skjelsand er flott!

Grasøyane fyrstasjon, oppretta i 1886 med fyrvokterbustad og fyrtårn

Det ganle fyrtårnet fekk skader under krigen, og vart erstatta av eit nytt i 1950. I støpejern - det sista av sitt slag. 


Så var det å pakke seg ut i kajakken att. Det skulle eigentleg friskne litt til utover ettermiddagen noko som ville bety motvind innover att, men det vart tvert i mot nesten vindstille. Vi lå nok i le av fjella bak Flø for austavinden. Det er berre å merke seg til neste tur.

Tore og Joakim klare for heimfart

Det går radig innover att. Vinden som var meldt viste seg ikkje.

Lene vel fornøgd med å kunne krysse av for eit fyr til i padleboka

Snart tilbake til Flø!


Turen heim gjekk over all forventning. Skuldrane tolte det høveleg bra, men det var greit at det ikkje var motvind og at turen ikkje vart lenger. Pluss i margen til meg sjølv for at eg klarte rulla på første forsøk inne i båthavna att - den satt rett so bra! Ikkje værst ettersom det var eit år sidan forrige rulle! Så ein framragande tur vart det på alle måtar! Takk for tur og kjekt selskap!

4. april 2026

Vindfullt i Ellingsøyfjorden

Våren er i anmarsj, det er påske og lite snø, og eg har lyst å padle med dei eg ikkje har padla med på lenge. Og dei bur på andre sida av Breisundet. Langfredag avtalar vi å møtast på den gamle fergekaia på Valderøya for å padle ut der i frå. Men der bles det sopass mykje at vi bestemte oss for å sjekke ut Giske. Det var godt med vind der og, men padle ville vi så einstemmig vedtok vi å sette kursen innover Ellingsøyfjorden.

Og det viste seg å være lurt. Mindre vind og snø som gjer det greit å få kajakkane ned til vatnet. Vinden er framleis frisk her inne og, men overkommelig og det er godt å være på sjøen att - det er ei stund sidan sist. Målet for dagen var eigentleg berre å få vatn under kjølen att og være sosiale, og vi sikta oss inn på nokre vrakrestar litt lenger inne.

Vinden tok seg opp og det vart både kaldt og tungt å padle, så etter å ha sett på vrakrestane snudde vi og padla tilbake. Vi la inn litt ekstra snirkling på heimvegen for å få bitte litt lengde på turen, men det vart ikkje meir enn knappe 5 km! Så kort trur eg ikkje eg har padla på fleire år. Men fin tur var det, og lang lunsj etterpå in godt selskap gjorde susen.