I byrjinga av September holdt Anne-Mette og eg ein tur for HKK. Sol og fint vær og greier. Det har vore lite turar i HKK-regi siste åra, og det tenkte vi å gjere noko med. Men vi byrja forsiktig med ein lågterskertur for dei som ikkje har padla så mykje. I tillegg til Anne-Mette og meg var der tre stykk som møtte opp. Litt labert på ein solfylt dag kaskje, men det er mogeleg folk har gitt oss litt opp?
 |
For litt variasjon tok padla vi på yttersida av sjølve Herøya. |
Det var aldeles nydeleg ute på sjøen, og med så lite sommarkjensle som har vore her i år, set ein ekstra stor pris på slike dagar. Vi nikosa oss! Padla på innsida av Petterholmen og før vi runda Herøya på nordsida og kunne sjå heilt ut til Flåvær. Det er ei stund sidan eg har vore der ute, så det er snart på tide. |
Nydeleg vær! Bergsøya i bakgrunnen |
 |
Finaste utsikta eg veit heromkring - Flåvær! |
Så er det på tide å padle til padlehuken for pause. Men før vi gjekk på land ville Arnfinn (82!!) freiste rulla - og det får han sjølvsagt til med glans! Skvett opp att som ein kort og får det til å sjå så innmari lett ut! Eg har har ikkje rulla på eit år (?), kanskje meir, og tenkte å teste etter pausa. Så var det å håpe på at motet holdt så lenge..... |
Her rundar vi innover att i retning padlehuken. |
 |
Arnfinn sluttar aldri å imponere. Her gjer han seg klar for ei rulle |
 |
Og jaudå! Han kom seg opp. |
Vi tok oss ein lang og god pause på land før vi vende nasen heimover. Men eg måtte sjølvsagt teste rulla først. Og eg fekk det til med eit nødskrik! Ingen fotodokumentasjon, men plenty med vitner - det får halde. Ettersom det ikkje var ei særskild god rulle, stoppa eg med denne eine. Det som ikkje funkar har ein tendens til å sette seg fast i tankane, så eg valgte heller å sjå på det som ein siger - dog med forbetringspotensiale.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar