GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

6. september 2022

På tur i Bremanger/Nordfjord

Jobbtur til Knutholmen i Kalvåg og Måløy er slett ikkje værst. Og når turen i tillegg kjem på slutten av veka ser eg sjølvsagt moglegheit for ein tur i området når eg likevel er der. Det er meldt SOL (!!), vindstille og så flatt hav som det er mogeleg å få på desse kantar. Dessutan har eg ikkje vore i Vetvika enno...Potensielle turmål vert lagt fram for Lene, og dermed er planen for helga klar!

Vi møtes ved den gamle handelsstaden på Vågsberget ut forbi Måløy. Planen er å telte ute på Husevågøy først og så padle vidare til Vetvika neste dag.

Lene er klar! Ho har padla turen før og er for kjentmann å rekne.

Midtfjords og fornøgd med kajakken så langt!


På leit etter teltplass på Husevågøy.

Det er mykje spennande geologi i dette området!

Etter litt leiting fann vi oss ein fin, lyngdekt rygg med utsikt til solnedgangen. Etter eit deilig bad i sjøen var det å rigge seg til med kveldsmat for å sjå sola gå ned i havet. Det vi ikkje hadde tenkt på var knotten......Vi gav opp i ni-tida og tok tidleg kveld. 

Det er noko heilt spesielt å telte med utsyn rett til havs!

Lenge sidan eg har vore på telttur med kajakken så eg er litt urutinert, men veldig kjekt å være på tur igjen! Foto: Lene

Neste dag er planen å padle til Vetvika via Klovningen. Ikkje eigentleg ein veldig lang tur, men den går rett til havs i eit område der naturkreftene kan være lunefulle. Det kan være rett mykje straum i Nordfjorden, havbotnen byr på varierande topografi og bølgemønster, dønningane kjem frå to kantar og vi må krysse leia. Om eg er spent? Jaudå....

Knotten holdt oss med selskap til frukost og...

Klovningen er ein fantastisk artig fjellformasjon ytterst ute i Nordfjord. Her er det ilandstigningsforbode frå 1.april tom 31.juli, noko som er greit å merke seg. Men no er det i byrjinga på September og hekkesesongen er over for lengst.

Sommartemperaturar og speilblankt hav. Klovningen langt der ute!

Halvvegs over. Klovningen vert ofte omtala som "Skilpadda" av dei lokale - det er lett å sjå kvifor!


Stilig steinformasjon! Og Lene har lyst å klatre opp på toppen....

Vi er framme på Klovningen etter ein times tid. Havet har vor bortimot flatt, sola skin framleis og alt vel så langt. Men så var det denne turen opp på toppen då....Her er lite besøk så det er rimeligvis ikkje noko sti opp. Og det er bratt. Fryktelig bratt. Så bratt at det ikkje er om å gjere å velge ei anna rute ned enn den vi tek opp for å seie det slik. Eg vil nødig havne på forsida av Fjordens Tidende så vi tek det piano. Men det ER bratt. Hjartepumpa går på høggir - dels fordi det krev energi å klyve, og dels fordi eg kjenner adrenalinet bruse.

Rått og brutalt! Stor grotte i skuggen th.

Relativt bratt....og brattare skal det bli...Foto: Lene

Vi jobbar oss sakte, men sikkert oppover, og vert belønna av ei storslått utsikt på toppen! Som eg ikkje orkar å ta så mykje bilete av fordi eg er aldeles pumpa...Vi ser at Vetvika og Bremangerlandet ligg innhylla i skodde, så vi bestemmer oss for å nyte nokre timar i sola på Klovningen heller enn å haste av garde.
Mot Vågsøy.

Ned att det brattaste partiet med godt tak i grastustane og like mykje på baken som på beina...

På relagtivt trygg grunn att og pulsen er nede på normalt nivå att..

Turen frå Klovningen til Vetvika var av typen litt meir krevjande. Rotete sjø mest heile vegen. Eg fekk verkeleg teste ut Pilgrimmen og eg kan ikkje seie anna enn at eg er fornøgd. Ikkje fullt så stabil som ein Romany ettersom den er smalare, men den er ikkje heilt ulik heller. Eg hadde nok med meg sjølv og kajakken på denne kryssinga, så det vart lite fotografering på meg....

Her tek vi farvel med Klovningen


Her har vi kryssa over mot Bremangerlandet. Bølgeraderingsfunksjonen er sjølvsagt på.... Foto: Lene

Endeleg i le for bølgene og ikkje nokke sjøsjuk!!

Vetvika - lekkert, smekkert! Og skodda har letta!!

Vel framme i Vetvika riggar vi til telt, badar og kosar oss i sola. Deilig med litt sommar sjølv om det pr.def er haust. Så er det tid for mat. Lene har med biff stroganoff - det luktar himmelsk og smakar fortreffeleg. Men i det eg byr på Baileys til dessert insisterer knotten på å halde oss med selskap. Og den vert værre ut over kvelden. Vi ruslar litt langs stranda i håp om å sleppe unna, og nokre snille camparar tilbyr oss ein skvett myggmelk utan at det har særleg effekt. Mai er viss beste tida i Vetvika kan dei fortelle - då er det ikkje knott og det er meir sol. På denne tida ligg faktisk Vetvika i skuggen heilt til ut på ettermiddagen. Kjekt å vete!

Eg må berre ha bilde av nykajakken - lekkert!

Lene kokkelerer. Røykbål må til for å halde ut knotten.

Skål! Vi prøver å ignorere knotten så godt det går!


Jaudå - der ER lekkert i Vetvika.

Til slutt må vi kapitulere for knotten. Det vert tidleg seng og ikkje noko båling mens vi ventar på nordlyset som er meldt...Frukosten vi hadde håp om å nyte på stranda vert redusert til ein liten matbete i kvart vårt telt. Om knotten var ille kvelden før, var det endå værre no. Frukost, nedpakking av leir og pakking av kajakk vart unnagjort på ein time - det må være bortimot ny rekord. Vi orkar rett og slett ikkje meir og evakurer det fortaste vi klarer.  Lunsj på Husevågøy here we come!!

Turen tilbake til Husevågøy gjekk greit. Litt kjededeg transportetappe, og med litt motvind vart den ekstra dryg. Kamera tok kvelden så det vart ikkje noko bilete på meg denne dagen. Men vi hadde det gildt. Egg og bacon til mønsj (middag/lunsj), sløving i sola og ellers litt feriekjensle før siste etappe heim att.

Eg har hatt ein draum om Vetvika lenge, og no har eg altså vore der. Knotten stakk hol på alle illusjonar om idyll, og fråvær av sol på dagtid allereide i byrjinga av September gjorde det ikkje betre. Skal eg attende vert det nok i mai. Men det ER kult å vete at eg har padla dit. Men høydaren var nok Klovningen - kulare vert det ikkje!