GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Lene. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lene. Vis alle innlegg

4. april 2026

Vindfullt i Ellingsøyfjorden

Våren er i anmarsj, det er påske og lite snø, og eg har lyst å padle med dei eg ikkje har padla med på lenge. Og dei bur på andre sida av Breisundet. Langfredag avtalar vi å møtast på den gamle fergekaia på Valderøya for å padle ut der i frå. Men der bles det sopass mykje at vi bestemte oss for å sjekke ut Giske. Det var godt med vind der og, men padle ville vi så einstemmig vedtok vi å sette kursen innover Ellingsøyfjorden.

Og det viste seg å være lurt. Mindre vind og snø som gjer det greit å få kajakkane ned til vatnet. Vinden er framleis frisk her inne og, men overkommelig og det er godt å være på sjøen att - det er ei stund sidan sist. Målet for dagen var eigentleg berre å få vatn under kjølen att og være sosiale, og vi sikta oss inn på nokre vrakrestar litt lenger inne.

Vinden tok seg opp og det vart både kaldt og tungt å padle, så etter å ha sett på vrakrestane snudde vi og padla tilbake. Vi la inn litt ekstra snirkling på heimvegen for å få bitte litt lengde på turen, men det vart ikkje meir enn knappe 5 km! Så kort trur eg ikkje eg har padla på fleire år. Men fin tur var det, og lang lunsj etterpå in godt selskap gjorde susen.
















1. februar 2026

Skøytevinter

2026 trur eg må gå inn i historia som ei av dei beste skøytesesongane eg har opplevd. Sjølv om det å gå på skøyter er artig nok i seg sjølv, er det enno artigare å utforske fleire stader å gå, og Lene og eg fekk oss nokre fine turar rundt om her på Sunnmøre.

Snipsøyrvatnet

Først ute var Snipsøyrvatnet på Hareid. Det er eit stort vatn, og det er ikkje ofte det frys sopass til at ein kan gå på skøyter her. To fine turar fekk vi i slutten av januar i gneistrande kaldt vintervær. Lite folk å sjå ut på isen - sjølv om isen var trygg og fin. Men det er ikkje å forakte å få heile Snipsøyrvatnet for seg sjølv heller.








Storevatnet og Veddevatnet

Kulden og fineværet fortset og ettersom det fortsatt ikkje er snø er det å finne eit anna vatn å gå på. Storevatnet - eller skal eg heller seie Storevatna - på Sula hadde fin is kunne jungeltelegrafen fortelle, og vart turmålet for årets tredje helg på skøyter. Vi var ikkje åleine denne gongen - det bålast på land og det leikast på isen. God, gamaldags helgeutflukt med familien ser det ut til, og det er kjekt å sjå.

Vi går frå vatn til vatn, krabbar over turstiar med skøytene på, er på oppdagelsesferd i viker og har det skikkelig artig. Det er så eventyrleg vakkert her. Pause i sola ein liten time, og så tek vi runden på nytt! Til slutt har skinnleggen fått nok, tærne er kalde og sola er i ferd med å takke for seg. Men for ein eventyrleg dag det vart!











Vatnevatnet

Kuldeperioden vil ingen ende ta, snøen glimrar framleis med sitt fråvær, og det er berre å utnytte isen. No er vi der at vi faktisk er blitt litt kravstore - isen skal være fin, det skal ikkje være for mykje folk, og omgivelsene skal være av typen postkort. Vi studerer kart, føl med på jungeltelegrafen, sjekkar yr.no og landar på Engesetvatnet. Det ser sånn passe bra ut frå bilen når vi køyrer langsmed. Ikkje heilt optimal is, nei. Kresne er vi blitt faktisk. Vi køyrer ned til badeplassen og sjekkar isen. Den er betre enn forventa, men vinden er sur og kald. Etter litt diskusjon endrar vi på planen og køyrer til Vatne og Vatnevatnet (hakk i plata...).

Det bles her og, men det ser kjekkare ut likevel og meir postkort. Vi finn ein plass i sola og spenner på oss skøytene. Anklane byrjar å kjenne det etter dei andre turane så det føles litt tyngre og meir ustøtt denne gongen. Og om det er tungt å padle i motvind, kan eg fortelle deg at det er enno verre på skøyter. Til gjengjeld er det ustyrteleg morsomt når vi snur og får vinden i ryggen - hu hei hvor det går!

Medan vi pausar i sola dukkar det opp eit kjent fjes! Trude og dattera er ivrige på skøyter og har lagt sin elsk på dette vatnet. Og det kan eg godt forstå - for her er verkeleg flott! Vi tek ein runde i lag alle saman, før føtene streikar og ber om nåde.

All skøytegåinga med dårleg treningsgrunnlag resulterte faktisk i ein hoven ankel pga overbelastning, men det var faktisk verdt det! Og så håper eg på at det blir litt skøytegåing til neste år og.





16. juni 2025

Overnattingstur til Kråkøya

 Godt i gong mrd padling for sedongen er eg gira på meir tur etter Senja. Og Lene er på. To sjeler, ein tanke - vi vil på overnattingstur. Og Kråkøya - ei lita øy rett utforbi Leinøya lokkar. Den ligg litt vêrutsett til, og ilandstigning med kajakk er ikkje alltid like enkelt. Men  no er det sommar på Sunnmøre og det ligg an til å bli blikkstille og varme dagar.

Vi er fire damer som er klare for å legge avgarde ein fredagskveld (den 13. faktisk!!). Og så er det det store spørsmålet som alltid dukkar opp når varmen kjem: skal eller skal ikkje ha tørrdrakt? Det vert litt både og på gjengen. Eg likar ikkje trekk og går for lettkledd under så kan heller drakta takast av undervegs.

Lene H, Lene og Anne-Mette. Flott lys over Flåvær

Starten på Straumane

Roleg og fint oppover i Straumane


Så blikkstille som det kan bli!


Då var vi komme ove til Leinøya. Remøya rett forut.

Gjennom Nørdre Vaulen


Vi sig avgarde opp Straumane sommarkvelden. Det er ein utruleg flott kveld! Tempoet er lagom, vi pratar og kosar oss og før vi veit ordet av det er vi framme. Det er ikkje så ofte vi er her ute, og før vi går i land må vi rekognosere litt. Sist eg var her ute minst eg ei lita, steinete strand det var enkelt å gå i land på, men den var borte no. Alternativt er husken min dårleg for det er nokre år sidan eg var her sist.

Etter litt rekognosering finn vi ein stad der det er mogeleg (men ikkje enkelt) å gå i land. Det vert litt basking og tunge løft, men det går. Så er det å finne seg ein teltplass. Her har vore folk og telta helga før ser vi etter avtrykket i graset å døme. Ikkje så rart, for det er ein fin plass. Etter litt virring fram og tilbake finn vi kvar vår lille flekk å sette opp teltet på, før prat og natta.

Der! Kråkøya midt i bildet.

Fint å snirkle litt langs Kråkøya!


Ingen ting å seie på utsikta!

Neste dag vaknar vi til sol og varme. Det lovar godt! Eg og bacon på svaberg gjer godt, og så er det å baske seg utpå att før heimveg. Det vart ein roleg og fin tur heim att. Stilt både på land og til vanns. Og vel tilbake på Jensholmen att var vi alle einige om at det var ein fin tur!

Frukost.

Meir snirkling langs Kråkøya

Lene H blid og fornøgd!

Utover mot Runde

Og innover att.

Mot Herølya. Moltustranda på andre sida.

Herøy Gard og snart slutt på magisk tur!

9. mai 2025

Kveldstur i Eiksund

Målet mitt for i år er å få dreis både på skulder og padleform, og då må ein jo sjølvsagt padle, så eg fekk med meg Lene & Lene på tur ein kveld med finevær til Eiksund. For når det er finevær då bles det alltid meir enn kva eg likar, og Eiksund er eit av alternativa då. Dessutan har eg jo oppdaga at det er eit rett fint område å padle i.

Målet var å snirklepadle i Selvågane, stile over mot Måløya, runde øya og ete middag på Eika. Som sagt så gjort. Utover mot Selvågane passerte vi Toralfbuda som er ei relativt ny DNT hytte. Og der stod det tre glade padledamer og vinka til oss frå terrassen. Sjølvsagt måtte vi stoppe opp for ein padleprat - det er jo alltid kjekt.

Fin start i småbåthavna i Eiksund

Dagens mål - Måløya (passe navn...!). Laupsnipa i det fjerne.

Snirkling i Selvågane

Ved Måløya har eg berre vore ein gong, så eg har eigentleg ikkje greie på om det er fint å padle rundt den eller ikkje. Aust- og nordsida som er det ein ser frå Eiksund ser ikkje særleg spennande ut på avstand, og er det ikkje heller - bortsett frå eit lite sund som er fint å padle i. Men du verden kor fint det var når vi runda sørsida! Neste gong eg er her ute skal eg ta meg tid til å snirkle litt meir mellom holmane på veg over mot Eika, men denne kvelden lot vi fuglane få fred ig tok vegen rett over. Svolten byrja å gnage noko alvorleg, og beina hadde behov for ein strekk.

Runding av Måløya.

Innover att. Volda inst inne th

Over mot Eika

Pga av arbeid i Selvågtunellen kunne vi ikkje sitte ubegrensa lenge for å unngå å måtte vente så lenge på kolonnekøyringa. Men vi fekk i oss middag, kvilt skrotten og nytt kveldssola ein times tid. Vel ute i kajakkane att hadde det stilna aldeles, og siste biten innover gjekk på speilblankt hav. Det er stort sett alltid fint å padle uansett, men slike fløyelskveldar er det ingenting som slår.


Beinstrekk på land. Lene tv og Lene th :)

Klar for siste etappe

 Blikkstille snirkling langs Eika. 

Då var turen over for denne gong!

Vi kom på land akkurat tidsnok til å klare å sjaue kajakkane på taket, men padlebekledninga fekk være på heilt heim. Det kallar eg god timing! Flott tur i flott selskap, og kjekt dokke tok turen over fjorden ein fredag ettermiddag!

14. april 2025

Påskepadling rundt Giske

Det byrjar å bli ei stund siden sist eg var utpå, og med mål om å få opp padleformen til sommaren er det ikkje meir enn tid og veg att. Giske rundt er ein alltid like fin klassikar, passe langt og lenge nok sidan eg har padla til at eg gidd å kave meg over fjorden. Litt grått og småsur nordavind, men Lene og eg er ved godt mot trass dårleg form. Her er det mogeleg å avbryte turen kor tid som helst og traske attende til bilen.

Roleg tempo er det som skal til i motvind med framleis dårleg skulder. Heldigvis er Lene i like dårleg form som meg, så det er null stress. Beinstrekk på land med sjokolade og appelsin (det er trass alt 2. påskedag) i Øydegardshamna må til. Her held Ocean Sound Rrecording Studio til så vi kallar stranda her berre for Stuidostranda. Synes eigentleg at vi kan få lov til å bli med på eit platecover ved høve, så det er berre å ta kontakt.

Runden rundt går fint form og skulder til tross. Vellukka oppkøyring til sommaren er konklusjonen, og vel tilbake i bilen kom regnet! Ikkje nokke å klage på mao! 

Tuppen og Lillemor klare for tur. Nesten likt kledd fro anledningen


Grått, men ikkje vått mot Godøya i dag.

Lene

Øydegardshavna - eller Studiostranda som vi kallar den

Lekre kajakkar? Platestudio i bakgrunnen.

Snart runda Giske