Det byrjar å bli ei stund siden sist eg var utpå, og med mål om å få opp padleformen til sommaren er det ikkje meir enn tid og veg att. Giske rundt er ein alltid like fin klassikar, passe langt og lenge nok sidan eg har padla til at eg gidd å kave meg over fjorden. Litt grått og småsur nordavind, men Lene og eg er ved godt mot trass dårleg form. Her er det mogeleg å avbryte turen kor tid som helst og traske attende til bilen.
Roleg tempo er det som skal til i motvind med framleis dårleg skulder. Heldigvis er Lene i like dårleg form som meg, så det er null stress. Beinstrekk på land med sjokolade og appelsin (det er trass alt 2. påskedag) i Øydegardshamna må til. Her held Ocean Sound Rrecording Studio til så vi kallar stranda her berre for Stuidostranda. Synes eigentleg at vi kan få lov til å bli med på eit platecover ved høve, så det er berre å ta kontakt.
Runden rundt går fint form og skulder til tross. Vellukka oppkøyring til sommaren er konklusjonen, og vel tilbake i bilen kom regnet! Ikkje nokke å klage på mao!
 |
Tuppen og Lillemor klare for tur. Nesten likt kledd fro anledningen |
 |
Grått, men ikkje vått mot Godøya i dag. |
 |
Lene |
 |
Øydegardshavna - eller Studiostranda som vi kallar den |
 |
Lekre kajakkar? Platestudio i bakgrunnen. |
 |
Snart runda Giske |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar