GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten fridykking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fridykking. Vis alle innlegg

11. mai 2025

Lyngstøylvatnet

 Noko må eg ha gjort rett som mamma når avkommet har byrja med fridykking og blitt hekta. Når ho i tillegg spør mor om å bli med er det ekstra kjekt. Og når ho etter den første turen med meg ikkje har gitt meg opp men spør om eg vil være med å dykke i Lyngstøylsvatnet og - jau då boblar det litt ekstra av glede i skrotten. Lite Disney Channel og mykje naturvitenskapeleg TV-titting, samt Ole Brumm-turar i skog og mark har endeleg gitt uttelling.

Eg må innrømme eg var skeptisk. Ikkje kjende eg dei andre som skulle være med, ikkje har eg dykka noko særleg og ikkje held eg så lenge ut i kaldt vatn. Men som før - mas og gnål til mor gir etter funkar no og. Liisa frå den lokale fridykkarklubben skal også med - det kjennes jo litt betryggande, sjølv om eg ikkje kjenner ho.

Litt sliten etter gårdagens padletur og seint i seng, er det berre å bryte seg opp att tidleg på morgonen. Det er aldeles strålande vær! Litt kjølig, men ikkje ei sky på himmelen og stilt og fint! Vi møter Liisa i Volda, tek ein kjapp helse på runde, før vi må hive oss rundt for å rekke ferga frå Sæbø. Det er så vakkert så vakkert over mot Sæbø. Det grønast i liene og Hjørungfjorden viser seg frå si beste side.

Vi vart teken i mot med eit stort smil frå gjengen i Team Puffin. Det var dei som inviterte til tur, og som tok både regi og ansvar for sikkerheit. Med røynde dykkarar som turleiarar og kjekke folk kjenner eg at eg slappa litt meir av. Phu!

Kristine og Liisa klar for tur til seters under vatn. Litlehornet i bakgrunnen.


Og for ei oppleving!! Vi svømte over skog og gamle tufter - heilt magisk. Her har tida stått stille heilt sidan raset dundra ned fjellsidene og dempe opp elva i 1908. Vakkert og spøkelsesaktig. Og j....kla kaldt! Fjellvatn tidleg på våren er ikkje veldig behageleg så det vart litt hjernefrys.

Ein skigard kan ikkje leva evig veit du, men ein steingard kan!

Eine brua under kjerrevegen kan skimtast ca 10 m lenger ned...

Kristine stakk etterkvart av med kamera til mor og hang med dei som var litt meir erfarne, medan Liisa og eg tok oss tilbake innover mot dei gamle tuftene attmed land. Eg fekk ikkje til å dykke så mykje denne gongen (heller) - haudet holdt på å eksplodere - men det var veldig kjekt å snorkle og, så får heller ferdigheitene bli betre etterkvart. Og ettersom eg ikkje lenger hadde kamera for handa har eg fått låne nokre bilete frå Liisa. Som forøvrig er fotograf (kor heldig var ikkje eg!!):

Foto: Liisa

Foto: Liisa

Foto: Liisa

Som sagt - Kristine stakk av med kamera og fekk knipsa nokre bilder borte i skogen. Neste gong kjem eg meg kanskje bort dit eg og.

Brua på nært hald. Støvsky etter ein som har svømt under.Foto: Kristine

Foto: Kristine

Akk so vakkert! Foto: Kristine

Sjølv om eg stort sett berre snorkla var dette ei utruleg kjekt oppleving! Og vi var heldige som hadde røynde folk med oss som hadde vore her før. For det er nokre hensyn å ta. Attmed vegen ved grinda står det eit informasjonsskilt - les det før du hoppar uti! Det er nemleg ikkje alle stader i vatnet du har lov å dykke. Pga trea er det lett å hekte seg fast med liner - så det er ikkje lurt å ha med. Botnen er mudrete og difor ver sikta vert fort dårleg om du symjer mykje langsmed.  Unngå og å komme borti trea - det er lett å brekke av greiner og det skal ikkje mange uvørne dykkarar til før heile skogen er rasert. Så om du er litt forsiktig når du symjer i skogen og er merksam på kor du har finnane dine (dei er lengre enn du trur) øydelegg du ingen ting. Og det er jo kjekt for dei som kjem etter. Avhengig av nedbørsmengden varierer det og kor god sikta er, så her kan det være lurt å forhøyre seg med lokale folk.

Alt i alt veldig kjekk tur altså, og veldig kjekt med ny dykkebuddie Liisa! Vi får satse på at det blir nokre fleire turar i lag utover sommaren!!

23. juli 2023

Morgondykkert på Roppesanden


Marko er dykkesjuk og lurer på om nokon kunne tenkje seg å dykke tidleg søndag morgon? Runde eller Flø er aktuelt. Om eg skal stå opp kl 05.00 på morgonen freistar det mest med Flø ettersom det berre er ein kort køyretur. Og Flø vert det.

Vi møtast kl 05.45 på Roppesanden. Det er no og i kveldinga det er stillast utpå, og det er då det er kjekkast å dykke. Flø er berre lekkert - også under vatn. Stor fin tareskog, krittkvit skjellsand og ein og anna fisk. Og i dag: mengder med glasmanet (eller vassgopler som dei seier her omkring - du høyrer nesten på lyden av ordet kva det er for skapning...). Det er så vakkert så vakkert.

 Det er litt drag i sjøen, så eg er spent på sjøsjuka. Lurt å komme seg vekk frå grunna så fort som råd er. Det er ikkje så djupt der vi snorklar, men midt i blinken for meg. Eg tek nokre dykk og til mi store glede går det fint både å komme seg lett ned og å utlikne. Men å både ta bilete og å dykke samstundes klarer eg ikkje enno. Eg finn framleis ikkje heilt roen. Til slutt må eg gi meg - sjøsjuke på veg, så best å komme på land mens leiken enno er god.

Eit kort, men fint dykk! Og takk for kjekt selskap Marko!








11. juni 2023

Motstrøms i Eiksund

Det er kenge sidan eg har vore ute og dykka, og litt dykkesjuk vart eg kjempeglad når Marko hadde klart å tromme saman ein liten gjeng. Rett nok vart vi ikkje så mange til slutt, men Tore Olav, Marko og eg fekk oss ein fin tur i Eiksund likevel. Og med to erfarne karar til å veilede og komme med tekniske tips, vart det ei ganske lærerik økt for min del.

Mykje småfisk...

...og litt større fisk

Tareskogen vår er i ferd med å bli overteken av trådalgar som dekkje havbotnen som eit teppe....Ikkje berre ser det nitrist ut, men heile økosystemet vert ute av balanse. Og årsaka er mellom anna auke i havtemperaturen....

To syndare i sommarsol- kråkebolle og trådalger. Ingen av dei vil vi ha for mykje av...


Det var merkbar med straum i Eiksund denne dagen - tungt å svømme, lette å bli desorientert fordi straumen styrte meg i ein anna retning enn dit eg skulle, og heilt håplaust å få tatt gode bilete...

Mykje straum og røyrsle i vatnet i dag.....

....og ganske vanskeleg å fokusere med kamera...

Tore Olav fann ein flott krabbe - som fekk sleppe fri att.

Eg må heilt klart får opp kondisen. Det er tungt nok opp bratte bakkar om ein ikkje må puste via snorkel òg. Og så var det svømmeteknikken då, her er heilt klart ein jobb å gjere. Men øvelse gjer meister får eg tru, så då er dette berre om å gjere å ikkje vente for lenge til neste tur....

Takk for tur og tålmod!

28. november 2022

Dykking i Eiksund

Det er lenge sidan eg har vore ute og fridykka no - faktisk over eit år. Ikkje veit eg kor det er kjekt å dykke, og det tryggaste er jo å dykke i lag med nokon andre. Eg fulgt fridykkeklubben ute i Herøy litt frå sidelinja siste året i håp om å få meg nokre turar i lag med andre. Og ettersom mannfolka er i fleirtal og eg har begrensa erfaring, sit det litt inne å invitere meg sjølv med. Dessutan vert eg lett sjøsjuk også under vatn - noko som begrenser kor eg kan dykke - og det er litt kjipt å kjenne seg som festbrems allereide i frå start.


Men her ein dag vart det eit passeleg høve til å bli med. Eg hadde planar om å ta meg ein tur åleine - meldingane for vær og før var kanon - men så hadde Marko i klubben lyst på ein tur og lurte på om nokon ville bli med. Marko kjenner eg litt frå før - og då kjennes det ikkje like skummelt - så eg meldt mi interesse.

Med tanke på sjøsjuka foreslo Marko at vi kunne sjekke ut Eiksund. Under brua er det godt med liv og mykje fint å sjå på. På maks flo har vi ca ein time på oss med roleg sjø og lite straum. Ypperleg for ein nybegynnar. Og som sagt så gjort - i strålande solskinn og såvidt over null grader glei vi uti vatnet sånn ca kl.12.30.

Mykje fint som veks på brukaret.

Her er eg på veg nedover! Foto: Marko

Sikta er fantastisk - ein stad mellom 10-15 meter - og det er jo litt kult. Det går overraskande greit å dykke denne gongen sjølv om det er lenge sidan, men eg slit med å utlikne og det gjer vondt i øyrene allereide på 2-3 meters djup. Dykkekondisen er heller ikkje allverden, så det vert mest kjapt ned og kjapt opp att. Kamera overlet eg for det neste til Marko (som uansett har fotografering som hobby) - eg har nok med meg sjølv. Om eg synes det er utfordrande å ta bilde frå kajakk er det hakket meir krevjande å fotografere under vatn...

Bilete frå oven. Marko på 5-6 m djup eller noko slikt.

Etterkvart klarer eg å nyte litt meir eg og. Foto: Marko

Det er haust også under vatn. Opplagt når ein tenkjer over det, men det har eg altså ikkje gjort før. Tang og tare veks i løpet av vinteren, blomstrar i løpet av vår og sommar og forvitrar att på hausten. Og no er det definitivt haust under vassoverflata. Litt grått og grumsete langs botnen faktisk, men vi finn fine ting å sjå på likevel. Td perlesnormanet. Dei er sjeldne, men det har vore ei oppblomstring i Noreg no i haust. Havforskningsinstituttet vil gjerne ha beskjed om slike observasjonar, så ser du nokon så meld i frå! Vi såg 4 ulike (minst), den eine over 3 meter, men dei kan altså bli opp til 30 meter lange!

Perlesnormanet. Liknar litt på tjukt ullgarn spør du meg. Og veldig kule!

Etter ein times tid byrjar vi å bli kalde, og eg kjenner sjøen er i ferd med å røre på seg att. På tide å gi seg. Utruleg kjekt å dykke att, og veldig kjekt å ha selskap.

Har lagt ved nokre filmsnuttar som Marko tok undervegs for den som vil sjå!



Takk for turen!

28. august 2021

Seinsommartur i vassflata

 Sommaren er på hell, temperaturen både på land og i sjø er i ferd med å krype nedover. Skal eg få meg ein snorkletur før det vert kaldt er det no. Det er meldt vindstille og flatt hav, og den lokale dykkespoten lokkar. Eg er ikkje så glad i publikum, så eg drar ut etter ein tidleg frukost.

Heilt sida eg var lita har livet under vassoverflata facinert meg. Eg kunne være timevis i sjøen når været tillot det, og eg var meir under vatn enn over. Og når det ein sjeldan gong var naturfilmar på TV om livet i havet sat eg klistra. Kanskje er det noko med fargane, og stillheita. Alt beveger seg så roleg under vatn. Tang og tare duvar stille fram og attende. Fiskane får fart på seg først når dei vert skremde - ellers symjer dei berre roleg i kring. Det er ein ro i dette som smittar over på meg.

I fargepsykologien vert blått omtala som ein beroligande farge. Eg forstår kvifor.

Det fine med dykkespoten min er at den er nær land, vatnet er krystallklart året rundt, og det er eit vell med ulike typar tang og tare. Og ein treng ikkje dykke for å sjå.
Her er minst 5 ulike sortar på bilete. Eg skal ikkje prøve meg på å artsbestemme....


Eg nøyer meg med å snorkle, men eg skulle så gjerne svømt nede i tareskogen. Det er fantastisk å sjå på! Det er ikkje så djupt her eg er, og ettersom det og er fjære sjø får eg likevel tareskogen tett på. Om eg synes det er vanskeleg å ta bilete når eg er i kajakk er det endå vanskeligare i vatnet. Men nokre fine bilete vart det no.





Ein skulle tru at med så mykje ulike tang og taresortar burde det vore ein del liv å sjå. Det var det ikkje. Eg såg ein blåstål og ei sjøstjerne. Ikkje noko anna. Mogeleg eg hadde sett meir om eg var på utsida av holmen eg snorkla ved, og kanskje var det for mykje sandbotn her. Kanhende må eg sjå meg om etter andre stader om eg vil sjå meir liv.


Om ikkje anna var det liv over vassoverflata då. Her anar skarven fred og ingen fare. Hadde det vore litt mindre stortare der eg låg hadde eg kanskje klart å snike meg tettare innpå. 




Det vart ikkje lange turen på meg. Sjølv om bølgehøgda ikkje var allverden vart det nok drag i sjøen til at eg begynte å kjenne på kvalmen. Det er mogeleg at ein kjenner draget meir og at kommunikasjonen mellom auger, hjerne og kropp vert meir i ulage der det er langgrunt, slik som her. Tryggleiken kjem først, så eg sluttar mens leiken er god. Uansett vart det no ein fin tur som eg avslutta med ein forfriskande dukkert  - utan våtdrakt!

2. mai 2021

Rekognoseringstur


Med en ankel som ikke blir bedre og to golfalbuer med padleforbud er det ikke mye igjen å finne på av aktiviteter. Fridykking bør vel være skånsomt nok? Jeg har tenkt på det lenge, men å dykke alene sitter litt langt inne. Hva om jeg får tøbbel under vann liksom? Og så trenger jeg et sted som både er nærme veg, men heller ikke midt i glaninga til folk og fe. Jeg er ikke sååå glad i oppmerksomhet - i alle fall ikke til en aktivitet jeg ikke behersker så godt. Men etter litt befaring til fots og studering av flyfoto har jeg funnet en spot jeg ville teste.

Søndag og finevær. Det ser OK ut på fjorden. Skal skal ikke......? Etter noen runder med meg selv blir det skal! I allefal skal jeg ta på meg utstyr og kjenne på hvordan det føles når jeg er fremme. 


Fantastisk dag ved dykkespoten. Det hjelper på at ingen andre er der, så jeg bestemmer meg få å gi det et forsøk. Men det er kaldt både i lufta og i vannet.....Om ikke annet kan jeg se på det som vanntilvenning om jeg feiger ut? Bli litt våt og så gå på land igjen liksom. Klar for sjøsetting oppdager jeg sjølsagt at kamera er tomt for batteri. Amatørmessig! Når jeg da endelig hadde mannet meg opp....Uansett - for seint å snu nå.

Litt trøbbel med snorkelen i begynnelsen, men jeg fikser det ganske greitt når jeg bare kobler inn hjernen. Og så sikter jeg meg inn på skjæret midt i bildet øverst her. Og FOR et syn som møter meg under vannet! Kritthvit skjellsand og masse tare av ymse slag (sikkert litt tang også - jeg er ikke god på forskjellen). Jeg ser minst 6 ulike sorter innenfor en radius på et par meter.....og så har jeg ikke kamera.......!!! Lite sjønellik og annet kryp å se, men den tareskogen der altså....! Og på fjære sjø er det ikke spesielt dypt her heller, 2-3 meter på det meste.

Jeg holder meg på innsida av skjæret og utfordrer ikke skjebnen med å undersøke yttersida denne gangen. Men jeg prøver meg på et par dykk. Det går faktisk overraskende greit. Og jeg som bare hadde tenkt å snorkle! 


Jeg måtte jo selvsagt ta bilde etter jeg kom på land for bevisbyrdens skyld. Og ja - jeg tok en dukkert uten våtdrakt helt til slutt også. Det var kaldt, mer er det ikke å si om den saken. Klapp til meg selv på skuldra etterpå og velfortjent pizzarester i solveggen vel hjemme! Her skal jeg definitivt dykke flere ganger! 






 

24. mai 2020

Ikkje akkurat dypdykk


No er ikke akkurat Tovågen den mest spektakulære dykkeplasser eg veit om, men iom at eg ikkje veit om så mange er den betre enn ingen. Det har vore ein rel. kald vår så eg vart litt overraska over kor dårleg sikten var. Men no var turen i utgangspunktet berre meint som oppfrisking, så det var grunn ikkje så nøye. Litt var det no å sjå då. Og kjekt at eg klarte å dykk ned for å sjå på sjønellikane. Teknikken er framleis ikke spesielt god så her er det berre å øve.....

Værre var det at batteriluka på det nyinnkjøpte kamera til fleire tusenlappar opna seg i det eg steig ut av vatnet. Mykje vatn kan det ikkje ha komme inn for det fungerte etterpå. Ei stund.  Og etter ein rask skylling i ferskvatn, 2 døgn i ovn på varmluft viste det seg at jaudå, her er det liv....For å være på den sikre sida vart det sendt inn att til Olympus for sjekk - og vipps fekk eg eit nytt eit i retur. Om det var fordi Coronakrisa har gjort dei ekstra snille, eller om det faktisk var feil med batteriluka er ikkje godt å seie...

Uansett - kjekt å dykke att!




14. september 2019

Utstyrstest


Været er litt ymse og lysta til å bevege seg utandørs er ikkje heilt på topp. Men nokon har planar om å teste ny dykkermaske og har veldig lyst ut i vatnet. Berre ei lita stund altså. Kompromisset vert Osnessanden. Kva skal eg seie - ein flott stad å bade eller drive med rulletrening, men til dykking......tja. Uansett bra nok for ein liten testtur. Å kunne kle på seg utstyret heime er jo uansett alltid ein fordel.

Merkbart kaldare i vatnet no og det er litt vind og regn. Eg kjenner eg er litt smånervøs. Det går ei lita stud før eg finn roen, men den kjem etterkvart. Veldig djupt vart det ikkje dykka denne gongen - Odnessanden er langgrunn og ein må eit godt stykke utover før det vert djupt. Og med godt drag i sjøen utover er ikkje det så veldig aktuelt. Vi held oss på grunna.

Ikkje så veldig mykje å sjå på sandbotn, men eg kom over ei flyndre - det var litt kult. Straumen utover var ganske merkbar - og til tider hadde eg ikkje framdrift i det heile. Ein grei erfaring å ta med seg......Etter slitsom svømming i motstraum fann vi til slutt ein fiskestim i ytterkant av stranda. Men då var eg både sliten og sjøsjuk blitt og klar for å gå på land att. Eg lurer av og til på kvifor eg gidd.......

Anyway - fin tur med mykje læring var det. Dykkinga gjekk nesten like greitt som i sommar, og eg hadde lite problemer med vatn i snorkelen til trass for sjøgang. Så det kjem seg så absolutt! Neste gong vert det ikkje dykka på sandbotn og alle må ha snorkel med!