Lene H og eg fekk os ein fin tur til Flåvær tidleg i juni. Vi tok vegen via Moltustranda og Langholmane - der er det så fint. Kanskje vert det og telting her ute ved høve.
Over mot Flåvær kom havdønningane inn - då måtte vi no ligge litt intil skjæra og kjenne litt på det. Litt uvanleg mykje bølger inn i havna når vi skulle på land så vi måtte passe litt på for ikkje å få alt for mykje riper i kajakken, men det gikk fint med litt tolmod og rett timing.
Ettersom Lene ikkje hadde vore her ute før måtte vi (i tillegg til å raste ved fyret sjølvsagt), snirkle oss på innsida langs med holmane her ute og under brua på veg heim att.
Litt sidevind hadde vi begge vegar og både med- og motstraum så det gikk i null hadde eg neste sagt. En aldeles fortreffeleg tur i fabelaktig selskap mao.
 |
| Klar! |
 |
| Obligatorisk rute forbi Herøy Gard |
 |
| Langholmane i sikte |
 |
| Reine idyllen. Ikkje lange stykket ut til Flåvær no. |
 |
| Snart midtsommar |
 |
| Rast i solveggen ute ved fyret. Skorpa rett forut. |
 |
| Flåværidyll! |
 |
| Litt låg vannstand, men vi kom oss gjennom! |
 |
| Snart tilbake via Herøy Gard. Nytt jektenaust under bygging i bakgrunnen tv. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar