GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

15. juli 2014

På ein snurr!

No hadde eg i utgangspunktet ikkje tenkt å skrive om kvar einaste rulleøkt, men det er no greitt å ha ei slagt rulledagbok, slik at eg kan spore evt. framgang. Og ettersom eg har forbandt meg på at eg skal få den derre standard grønlandsrulla til å sitte 100 % (i allefall 95%) må det øving til. Og når no Lene og eg har fått smaken på å utforske diverse andre ruller også, er ikkje vegen fram mot mål beinkløyvd. Inne på reportoaret har vi førebels- i tillegg til standardrulla- Butterflyrulla, Shotgunrulla og Paddle in crook of elbow- rulla (puh). I allefall inn i mellom og i greenlanderen. Kva ein skal med alle desse fancy rullene? Neeeeei? Ha det morro kanskje!!!!!??

Under viser bilder eit lite utval av meir og/eller mindre vellukka ruller (ikkje lov å flire altså):

Shotgunrulla- smoooooooth!

Paddle in armcrook-rulla........eh.......nei!

GoPro´en gir uante moglegheiter til diverse blinkskot....

Lene tar ei Shotgunrulle på vranga....

....og ei Paddle in armcrook-rulle på retta.

12. juli 2014

Erkna på blikkstille hav

Ferien nærmar seg og det hadde vore kjekt med ein padletur i lag før alle fer til kvar sin kant. Sola skin, det er heilt vindstille og det er hett i byen. Så heitt at Lene dristar seg til å padle i sommarhabitten. Vi går for Erkna, sjøl om det no er ilandstigingsforbod- vi får heller nyte på litt avstand. Veret og forhalda er for bra til ikkje å dra utover.

Vi forlet sydenstemninga på Blimsanden og padlar utover. Luftspegling (hildring) og blikkstille hav gjer det magisk. Havet er heilt paddeflatt på utsida av Erkna og, det er ikkje mange dagar det er slik her ute! Vi somlar oss rundt og nyt kvart eit åretak før vi snur nasen innover att. Ein magisk tur på ein sommardag av dei heilt sjeldne.

Nyt sommaren!









8. juli 2014

Rulletrening på Giske

Når man først har fått seg nytt leketøy må man jo........eh........leke litt, sant? Så da 
var det jo fristende å lokke Lene med seg ut på Giske for framvising og testing 
av farkosten. Som sagt så gjort. Heldigvis lar Lene seg lett lokke!

Vi rulla og tulla til vi rett og slett ikke orket mere. Testet ut nye ruller 
og øvde på den gamle og fikk frisket opp eskimoredning. Jeg sliter ennå med 
å rulle på vrangsida, men håper det kommer seg i løpet av sommeren. 
Og så blir det spennende å se om rulling i Greenlanderen 
bidrar til bedre rulling i Romanyen.

Time will show!


Portrettbilde av nykomlingen.

 "No strings are holding me...." - Pinocchio

 GoPro`en gir av og til overraskende og fine portrettbilder!

Vi tester om kammeratredning lar seg gjøre med liten cockpit.

Skal vi se...snu seg, få begge beina i cockpiten, åler seg nedi.....

Jessda- No big deal!


 Tid for bytte- Lene sikler etter å prøveGreenlanderen
and here we go!

Skal vi se.......

Jadda! 








6. juli 2014

Testrulling med nykajakken

Då har eg etter mykje fundering og leiting på nett, fått meg ny kajakk. Ein Tahe Greenland. Svart og raud. Mildrid fann ein til meg på finn.no- an offer I could`nt refuse, som dei seier på nynorsk. Strengt tatt treng eg vel ikkje meir enn ein kajakk, men no har eg ein eg kan øve meg på å rulle i der eg veit eg kjem meg opp uansett. Og sparer kreftene på å få inn rett teknikk til å sitje i kroppen, og ikkje minst i haudet. Dessutan er det no kjekt å prøve seg på andre ruller enn standardrulla og då, og slikt er mykje lettare i ein grønlandsbåt......

Og jaudå: kajakken funkar både til både rulle og bortoverpadling!Eg var så ivrig etter å få kajakken på vatnet at eg ikkje hadde tid til å ta eit høveleg portrettbillete av den nyankomne, so det får verte til neste gong. På Billeta under ser han berre raud ut, men han er altså raud OG svart. Mildrid har laga ein fin, liten filmsnutt av turen som de finn på bloggen hennar.

 Lekker? Den raude er min :)

 Første rulleforsøk i nybåten. Det gjekk, men bilete er avslørande..

 Første forsøk på Shotgunrulla. Det gjekk det og!!

Går det på vranga mon tru? Å jaudå, om enn ikkje heilt smooth.

Tid for tur. Farkosten må testast på bortoverpadling og.

 Kajakkspegling vert aldri feil!



3. juli 2014

Bølgerulleforsøk

Artige saker kan ein ikkje gjere for ofte. Leik i kajakk på Alnes er ei av dei. I dag var målet å rulle i bølgene. Men først ein test i havna. Jaudå- rulla satt den, men wtf......? Eg kjende kor vatnet sildra nedetter ryggen- eg som nett har fått meg ny tørrdrakt!!!!??? Kenneth sjekkar- "hehe, du har ikkje late att glidelåsen heilt", gliser han.

På veg utover mot stranda tenkjer eg på rulla. Slikt er ikkje lurt Eg veit det, men kan ikkje la det være. Medan dei andre kastar seg ut i det ligg eg og studerer forhalda. Teller på knappane- korleis gripe an saka. Eg vel dei litt mindre bølgene lengst ute og allierer meg med Edd. Ein, to.... og rundt- NOT! Hmf.....Ein gong til, og eindå ein gong. Niks. Nedtur. Dessutan er eg kald og våt etter glidelåstabben inne i havna. "Jaja, kammeratredninga sitt no", trøystar Edd.

Det var anskjeleg å fange surf denne gongen, men vi fekk oss nokre fine surfar alle saman. Det er utruleg kjekt når det først klaffar! Etterkvart fekk vi selskap av surfarar på brett- dei hoia og lo så eg trur forhalda var bra for dei. Men ikkje heilt optimalt for oss altså.

Ein flott avslutning på ein heilt alminneleg onsdag vart det i allefall- sjølv om bølgerulla uteblei. Og som alltid på bilder- bølgene er borte :/