GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

26. mars 2022

På tur med NDK Pilgrim

Eg driv og testar ulike kajakkar for tida. Playen er fin den altså, men det hjelp ikkje å være slank og fin om det likevel er noko som manglar. Eg saknar rett og slett betre kontakt med kajakken, og om eg slepp å drive på med padding og tilpassing i stort omfang, går eg heller for ein ny om eg finn ein som passar meg betre.

Heldigvis for meg har klubben ein relativt bra utval av kvalitetskajakkar eg kan teste. Og NDK Pilgrim er ein av dei. I utgangspunktet ein båt som er litt liten for min eh....vektklasse, men det finst ein større versjon - Pilgrim Expedition - eg er meir interessert i. Men man tager hva man haver, og bortsett frå lengda (480 mot 519) cm er mykje likt.

Litt spent er eg før eg legg ut frå klubbnaustet. Den er jo noko kortare enn Roamnyen som eg hadde tidligare, men slankare og har mindre spring. Det eg er aller mest spent på er farten.

Vindstille og lekkert utforbi klubbnaustet.


Det er noko med gamal kjærleik - det kjennes godt å sitte i ein NDK kajakk att. Dvs sittekomforten til NDK kan diskuterast - den passar ikkje mi ræv - men bytte av sete er alltid ei moglegheit.

Eg klarer såvidt å smette ut og inn av cockpit, som på std Pilgrim er kortare enn vanleg. Det går med litt konstentradjon og stille farvatn, men neppe i bølger. Men så kan no Pilgrim Expedition bestillast med lang cockpit som nok er det beste alternativet om ein ikkje er spesielt liten og nett.


Bondestokksundet

Det er ikkje spesielt mykje vind, men i byrjinga av turen er det eit jamt drag i lufta. Kajakken verkar å være lite vindpåvirka, men det er mogeleg det endrar seg når vinden aukar på. Eg hadde knapt ute skegen på heile turen - sjølv med sidevind og strøm på enkelte parti. Ikkje at eg opplever Playen som spesielt vindpåverka, men eg må stort sett ha skegen ute når det er litt drag i lufta. No låg er relativt djupt i vatnet då, og er kanhende ein del av forklaringa.


På utsida av Gullura. Her ser vi i retning Leinøya.

Pilgrimmen verkar å være vesentleg lettere enn Romany å drive framover. Om den ikkje nødvendigvis går så myke fortare, brukar eg mindre energi. Når eg prøver å dra på litt har den ein tendens til å grave seg litt ned med baugen. Her har nok tyngda min ein del å seie vil eg tru.

Gullura. Om det finst gull her er vel heller tvilsomt...Her tenkjer eg å teste rulla på heimveg.

Eg skal ta meg ein runde rundt Kvitøya og nytte høvet til å bli litt betre kjend i området i same slengen.  Eg er på stadig leit etter alternative leirplassar utan at eg fann så himla mykje denne gongen heller. Men her er potensielt mange fine plassar å dykke!!

Kvitøya rett forut

Kvitøya er større einn ein trur. Det tek tid å komme seg rundt.

Over halvvegs på turen og framleis nøgd med Pilgrimmen.

Tilbake i retning Gullura.

Beinstrekk på yttersida av Gullura. Kaffi og Unni sine aniskringler gjorde godt.

Etter ein betre lunsj er det på tide å teste rulla med Pilgrimmen som etter rykta skal være enkel å rulle. 5 grader i vatnet så her er det berre å glede seg....! Og jau - den ER grei å rulle. Vesentleg lettare en Romany, omtrent som eg opplever Play, men Nuka er endå lettare å rulle. For meg i alle fall. Sånn til samanlikning. Med jeeeeezzzzeeee kor kaldt.......!


På heimveg - Bondestokksundet frå andre sida.

Kort oppsummert er Pilgrimmen ein kajakk eg godt kan like. Eg er nok litt for tung for den, men ellers hadde eg god nok plass i cockpit både til bein og stuss. Sjølv om det gikk lettare å komme seg ut og inn av kajakken etterkvart, ville eg nok godt for lang cockpit sjølv. Det har noko med å gi seg sjølv litt ekstra sikkerheitsmargin når det kjem til eigenredning. Det er ein utruleg lettsvingt kajakk, den er relativt lite vindpåverka med meg oppi (ligg litt djupt i sjøen og det hjelper nok), den er enkel å rulle, og sjølv om den er kort (480 cm) er den overraskande rask. Raskare enn Romany (det skal no ikkje så mykje til), men eg brukar nok litt meir energi for å halde same farten som i Playen (509 cm). Eg fekk dessverre ikkje prøvd den i mykje bølger, men alt tyder på at den vil gå mjukt i vatnet slik eg likar det.

Konklusjon: Eg må nok prøve både ein NDK Pilgrim Expedition og ein NDK Latitude (endå litt lengre enn Expedition) som nok passar meir til min storleik. Om eg finn nokre å teste då - det er litt langt mellom dei langs vestlandskysten......Lengre kajakk betyr rett nok større fart, men og potensielt meir vindfang og tyngre å manøvrere, og einaste måten å finne ut av det på er å teste sjølv.... Time will show!
 

19. mars 2022

Første padletur i år!

Forrige helg fekk eg meg ein fin tur åleine rundt Hatløya. Vinteren og våren har så langt i år blåse vekk, så det har rett og slett vore litt vanskeleg å få seg ein tur. Men no altså vart det.

Sanden er endeleg komme attende på Osnessanden. Fin start berre det!

Hatløya rett forut!

Mot Håkonsholmen.

Denne gongen gjekk eg på utsida av Håkonsholmen. Husa på BØ i det fjerne

Måtte sjå litt i retning havet og. Byholmane rett fram.

Det vart snirkling på yttersida av Hatløya denne gongen. Snøkledte fjell i Herøy i det fjerne.

Eg tok meg tid til å padle innom kvar ei vik denne gongen. Det har eg ikkje gjort før!Mykje fint å sjå. Torvika (eller Torrevieja so det heiter på folkemunne)på andre sida.

Mogeleg teltplass til venstre i bilete. Men litt vrient med store steinar i fjøra....

Halvvegs. Grøneholmen heter visst den faste haldeplassen min (th).

Kaffi og sjokolade vart servert på dekk denne gongen. Eg gadd ikkje gå i land.

Handelsstaden på Borgarøya er alltid like fin å komme til.

På heimveg. Gløtt utover i retning Flø

Ulsteinvik!

Det vart ein nydeleg tur i flott vær. Rett nok skya det til undervegs, men så lenge det ikkje bles er eg i grunn nøgd. Det som ikkje var så bra var at eg miste pakninga rundt utløysarknappen på det vanntette kamera mitt. Den berre losna sånn heilt utan forvarsel.....Men turen vart fin sjølvom altså!