GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

20. april 2021

Solskinnspadling i Ellingsøyfjorden

Så er våren endelig komme til Sunnmøre òg. Det er sol og folket er klare for å padle. Men folket er i denne samanheng ein broket forsamling med diverse skavankar, så krevjande eller lang tur utgår. Sjøl stiller eg med forstuva ankel og to golfalboger, og det er mogeleg det ikkje er nokon god idè med padling sånn eigentleg. Men sol, og sjø freistar meir enn å ta til vèt.

Vi legg ut frå Kvalstein på Ellingsøya og siktar oss inn mot Langøya. Om ein ser bort frå lyden frå biltrafikk og industri som kjem mot oss frå begge sider av fjorden, er det rett idyllisk her ute. Vi snirklar oss langs nordsida først, rundar før vi finn ein fin rasteplass. Godt med ein beinstrekk og kokekaffi. Vi tek oss godt med tid i solvarmen, før vi snur nasen heimover.

Fin tur i godt selskap var det i alle fall :)












11. april 2021

Selvågane/Eiksund

I dag fekk eg meg endeleg ein tur ut i kajakk igjen. Været har vore vindfullt og vått i lange tider, men i dag letta det. Turen gjekk frå Eiksund mot Selvågane, over mot Eika og så attende. Vinterleg og vårleg på ein gong, og ikkje så allerværst temperatur heller.Stort sett blikk stille. Berre eg og fuglane utpå.

Fin tur og kjekt å endeleg være på vatnet att :)