GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten HKK. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten HKK. Vis alle innlegg

8. september 2024

Sjønær 2024

 Årets Sjønær på Runde er den 3. i rekka. Og i år som i fjor skulle klubben stille på Sunday Funday med prøv å padle. Eg skulle jo helst også prøvd meg på litt dykking for det er lenge sidan sist, men vi hadde jo lova å stille...I fjor var eg med heile helga - i år passa ikkje det så godt, men eg fekk med meg foredrag og middag på laurdagen. Det er heilt utruleg kva dei har fått til - eg likar opplegget kjempegodt så litt kjipt å ikkje få med meg heile helga, men litt er betre en ingen ting!

I alle fall - i år måtte eg og til pers med å køyre kajakkhengaren.... Eg har ikkje allverden med erfaring ut over å køyre med den tilhengaren eg har sjølv. Dessutan det er vel akkurat i grenseland for kva eg har lov til. Men må man så må man, og vi skulle grytidleg avgarde i glesgrente strok såe.....Men det gjekk no greit både til og frå.


Anne-Mette er klar for innhogg av folk...

Vi var litt spente på kor monge som ville dukke opp. På slutten i fjor kom det eit heilt rush av både store og små, men i år var det berre nokre småtassar som ville prøve seg. Men dei få som kom kosa seg! Det spørs om vi ikkje vert litt usexy, samanlikna med ball, SUP, fridykking og coasteering......





Mykje småfisk å sjå!


Mens vi venta på potensielle "kundar" tok vi oss ein runde for å sjå på kva dei andre dreiv på med. Fridykking veit eg er gøy, men til neste år har eg lyst å prøve coasteering - det ser innmari kjekt ut. Der dei holdt på var det og fine brott å leike seg i for oss med kajakk. Vi fekk ein liten surf kvar over eit sva, men utan hjelm tok vi det litt forsiktig og lot det bli med denne eine...

Fridykking

Coasteering. Her var det og fint å padle over skjæret th 

Hege og John fekk seg og ein tur medan dei venta på "kunder".

Litt liten interesse for kajakkpadling i år altså. Og kanskje er det ikkje "kom og prøv kajakk" som er greia på Sjønær. Vi klarer ikkje konkurrere med dei andre aktivitetane. Så her må vi nok i tenkeboksen til neste år! Det var no kjekt likevel. Eg (som einaste som padla kajakk fekk med meg litt av laurdagen og. Foredrag på ettermiddagen av folk frå rundt om kring i verda som studerar livet i havet, og som av ulike grunnar (ofte kalt tilffeldigheit) har ei eller anna kopling opp mot Miljøsenteret på Runde. Under middagen på kvelden (fantastisk god mat!!) vart det og høve til å prate og bli kjent med andre som og bryr seg om havet. Ein kan verte mørkeredd over alt ein les skjer med naturen no fordi vi ikkje har hatt vett til å trø forsiktig, men å høyre på fagfolk som vel å være optimistiske for framtida, gir jo litt håp!


Vel blåst for Sjønær 2024 og Miljøsenteret på Runde!

2. september 2024

Med HKK rundt Nautøya

I byrjinga av September holdt Anne-Mette og eg ein tur for HKK. Sol og fint vær og greier. Det har vore lite turar i HKK-regi siste åra, og det tenkte vi å gjere noko med. Men vi byrja forsiktig med ein lågterskertur for dei som ikkje har padla så mykje. I tillegg til Anne-Mette og meg var der tre stykk som møtte opp. Litt labert på ein solfylt dag kaskje, men det er mogeleg folk har gitt oss litt opp?


For litt variasjon tok padla vi på yttersida av sjølve Herøya.

Det var aldeles nydeleg ute på sjøen, og med så lite sommarkjensle som har vore her i år, set ein ekstra stor pris på slike dagar. Vi nikosa oss! Padla på innsida av Petterholmen og før vi runda Herøya på nordsida og kunne sjå heilt ut til Flåvær. Det er ei stund sidan eg har vore der ute, så det er snart på tide.

Nydeleg vær! Bergsøya i bakgrunnen

Finaste utsikta eg veit heromkring - Flåvær!


Så er det på tide å padle til padlehuken for pause. Men før vi gjekk på land ville Arnfinn (82!!) freiste rulla - og det får han sjølvsagt til med glans! Skvett opp att som ein kort og får det til å sjå så innmari lett ut! Eg har har ikkje rulla på eit år (?), kanskje meir, og tenkte å teste etter pausa. Så var det å håpe på at motet holdt så lenge.....

Her rundar vi innover att i retning padlehuken.

Arnfinn sluttar aldri å imponere. Her gjer han seg klar for ei rulle

Og jaudå! Han kom seg opp.


Vi tok oss ein lang og god pause på land før vi vende nasen heimover. Men eg måtte sjølvsagt teste rulla først. Og eg fekk det til med eit nødskrik! Ingen fotodokumentasjon, men plenty med vitner - det får halde. Ettersom det ikkje var ei særskild god rulle, stoppa eg med denne eine. Det som ikkje funkar har ein tendens til å sette seg fast i tankane, så eg valgte heller å sjå på det som ein siger - dog med forbetringspotensiale.


Framme ved padlehuken og det er tid for ein beinstrekk


Her er vi på innsida av Vedøya på tur heim att.


Arnfinn med Ulsteinvik i det fjerne.

Vi tok med oss det vi kunne finne av holmar for å gjere turen maksimalt lang. Klombraholmen og Vedøya vart runda før vi til slutt kunne passere på inssida av Nautøya og tilbake til naustet att! Alt i alt ein finfin tur på vel 6 km, så får vi sjå om det ikkje vert fleire turar i klubbregi.


15. september 2023

Sjønær 2023

VELKOMMEN og fredagstaco

8-10 sept. vart det arrangert Sjønærfestival på Runde Miljøsenter for 2. gong, og i år vart eg med. Det er i hovudsak Herøy dykkerklubb, Njord Freediver og Opplev Runde som står bak denne festivalen in spe, med Herøy Kajakklubb som bidragsyter. Tema er sjølvsag sjønære aktivitetar på, i, under og kring havet. Filosofien er enkel - det vi kjenner til og bryr oss om, det tek vi og vare på.

Litt spente dro eg og eldsta avgarde utan anna mål eller meining enn å ha ei kjekke helg, og kanskje og bli kjent med nye fjes, som det for oss var flest av. Og det er alltid litt spennende. Men ikkje så  langt ut i fredagstacoen var praten godt i gang, og stemninga god.


Denne fine gjengen skal vi tilbringe helga med!


God natt frå hotellet og ny dag i vente...



DAG 1: YOGA, SJØNÆRT, STORYTELL OG SILENT DISCO 

Laurdagen var tettpakka med ulike aktivitetar. Først på programmet var morgonyoga med Kishore kl 07.30. Vi var overraskande monge som karra oss opp tidleg og fekk ein nydeleg start på dagen. Etterpå vart det felles frukost på Miljøsenteret før aktivitetane tok til

Fantastisk soloppgang før yoga


Kishore tok oss gjennom ein roleg time med yoga.

Medan Åse bestemte seg for å bli med på Coasteering, ville eg freiste å få meg ein liten tur på havet med Edd og Joakim. Eg vert for lett sjøsjuk til å bli med på dykking ut mot storhavet frå båt, så då er kajakk eit betre alternativ. Dessutan var eg spent på sjå den nye kajakken som Edd har utvikla sjølv, og som han i desse dagar reiser rundt og promoterer, for den skal nemleg ut på verdsmarknaden!! Kor kult er ikkje det?! Meir om historia bak kajakken kan du sjå her. Den første turen eg hadde i kajakk ute på Runde var forresten på ein liknande dag som denne - strålande sol og rett mykje bølger - og Edd var med den gongen og. Det er nokre år sidan, så kjekt med litt mimring.

Edd med "Alnes Ocean" frå Edge Kayak.

Off we go! Joakim i gliset til Edd! Og det er IKKJE flatt hav..

Joakim er fornøgd - Alnes Ocean trives i bølger!

Legg merke til Edd i bakgrunnen, som har all sin fokus på brottet..


Det er dette Edd har hatt i tankana når han utvikla Alnes Ocean - leik!

Etter at karane hadde fått leika seg litt mellom kule steinformasjonar (som eg ikkje finn namnet på), stilar vi vidare mot grottene under Rundebranden. Det er litt for lenge sidan eg har vore ute i sopass stor sjø (som sjølvsagt ikkje vises på bilete) og eg slappar ikkje heilt av.... Det vart lite fotografering på resten av turen for å seie det slik...Til mitt forsvar kan eg legge til at dykkarane (det var både fridykkarar og apparatdykking) som eigentleg hadde sett seg ut grottene som ein høveleg turmål i dag, ombestemte seg etter å ha vore ute og sjekka...

Rotet sjø så langt auge rekk, og dit grottene er...


Joakim og Edd berre måtte..Foto: Edd

Det ser smått ut, men kjennes stort....Foto: Edd

Det er bra kraft i bølgene. Her på returen.

Attende til start og smulere farvatn.


Etter ein kjekk tur på vatnet og litt testing av Alnes Ocean i fjøresteinane (svingar på 5-øringen og verkar veldig stabil!), bar det attende til Runde Miljøsenter for å høyre historia til mellom anna Edd. Etter foredraga var det tid for festivalmiddag og meir sosialisering. Cecil frå Miljøsenteret hadde ei overrasking på lur: Silent Disco. Alle vert utstyrt med eige høyretelefonar der ein kan justere volumet sjølv, medan ein høyrer på same musikk. Artig oppleving og eit konsept vi med migrene godt kan like!! Avslutingsvis vart det omvisning i utstillinga på Miljøsenteret med Johannes, før vi tok kvelden.

Ein tam ungmåse ynskjer velkommen...

Fyrst ute var Edd Bjørke og Edge Kayak

Kim André Sund har vunne fleire prisar for sine flotte bileter.

Oceanograf Jenny Ullgren heldt eit engasjerande foredrag om sitt forhald til miljø og havet.

Festivalmiddag!

Silent disco. Artig og sært!

Nattevandring på Miljøsenteret. Johannes fortel om Rundeskatten.

DAG 2: Ny dag, nye moglegheiter!

Søndagen starta vi med vaffelfrukost på Miljøsenteret, før vi gjorde oss klare til familiedag og kom og prøv! Herøy Dykkerklubb, Njord Freediver, Opplev Runde og Herøy Kajakklubb stilte mannsterke opp til dei ulike aktivitetane. Her kunne ein komme og prøve padling, fridykking, SUP eller coasteering. Og det heilt gratis! Eg var sjølvsagt medhjelpar hjå Herøy Kajakk Klubb. Litt stilt i starten, men etterkvart kom det ein del folk og ville prøve.

Vaffel- og svelefrukost

Då er vi klare til å freiste folk med kajakk!

Mads instruerer.


Åse ville prøve fridykking

Her ligg dei og vakar i vannskorpa..

Godt fornøgd etterpå. Her med Tore Olav.

Sjønær vart ei flott oppleving. Vi var heldige med været og hadde sommartemperaturar heile helga. Maten dei laga til oss på Miljøsenteret var over middels bra - sunt og smakfullt - men det var først og fremst folka som gjorde opplevinga kjekk. Laidback, men godt organisert, flott variasjon i programmet og eigentleg rett mykje for pengane. Kortreist morro mao, og vi kjem gjerne attende!


15. august 2020

På klubbtur rundt Selja

I midten av August inviterte Gloppen Padleklubb HKK (Herøy Kajakklupp) til å bli med på tur i Selje. Målet var å padle rundt Selja, med ein innlagt beinstrekk ved klosteret. Eg har for det meste holdt meg i lokale farvatn dei siste åra, så det freista å komme seg litt lengre unna stovedøra. Treffe nye folk og få eit gjensyn med klosteret. Eg har padla til Selja før, den gong  med innlagt overnatting, men det er jaggu lenge sidan (og den turen kan du lese om her).



Vi er framme ved Seljesanden til avtalt tid, og startar sjauinga. Kekt å helse på gamle og nye padlevener. Det vert fort kaos når 15+ padlarar skal gjere seg klar samstundes. Og det tek litt litt tid å komme seg utpå....


Endeleg ute på vatnet og klar for tur. Jon Anders instruerer, smiler bredt og ber oss padle samla utover.


Det går sånn passe......Men vi begrensar det til oppdeling i to grupper, og held oss samla innafor kvar vår. Vi er uansett godt med erfarne folk i begge gruppene.


Samling i bånn. Jon Anders tel opp og konstanterer at alle framleis er med før vi gir oss i kast med storhavet.


Kystvarselet sa bølgehøgde på 0,5-1,5 meter. Det stemte nok godt. På det jamne tenkjer eg det var rundt meteren. Ikkje lett å sjå, men her padlar vi i motbakke.


Legg merke til forskjellen på horisonten. Om det ikkje vises så godt på bilde, merkes det godt på kroppen.



Vi nærmas oss nordvestenden av Selja og havna. Stadlandet i bakgrunnen rett forut.


Selja Kloster. Reist til ære for kongsdottera Sunniva som flykta frå Irland rundt år 960 og etterkvart dreiv i land på Selja. Ho vart etter sin død erklært til Norges aller første helgen. St. Sunniva er vernehelgen for Bergen og Vestlandet, og vaktar særleg over dei sjøfarande. Kjekt i vite for oss som kjem i relativt små farkostar...(Les meir om Sunnivalegenden her og her).



Flott utsikt frå vegen opp til hola der Sunniva måtte gøyme seg for Håkon Jarl og følget hans. Legg merke til røsslyngen ned mot sjøen. I år er den helt fantastisk på farge med sterk ange av honning!!




Etter ein god og lang beinstrekk er det på tide å snu nasen heim att.


Tenk å bygge eit kloster her, ytterst ute mot havet! Dramatisk plassering er det i alle fall. Vi vinkar farvel til Sunniva og 1000 år med historie og gir oss i kast med bølgene att.



Heimvegen var endå meir humpete enn utover. Det enda med mann over bord, men St. Sunniva passa på og snart var han på plass i farkosten att. Litt våt, men ei god erfaring rikare. Kjekt å sjå kor effektivt gruppa handterte kammeratredninga i relativt grov sjø. Det er berre å konstantere at det er mykje god kompetanse i klubbane våre!


Litt dristig å padle utan tørrdrakt denne gonge. Og med grønlandsåre i tillegg, kjende eg at eg kanskje hadde feilvurdert ein smule. Men bytte til euroåre under vegs senka pulsen. Truleg sat det mest i hovudet, men ein skal aldri undervurdere effekten tørrdrakt og utstyr har på psyken.....



På siste stykke inn mot Seljesanden roar sjøen seg, og det kjennes i grunn litt godt. Det er litt for lenge sidan eg har padla i såpass mykje bølger, så eg er litt lei og sliten av å duve opp og ned. Men uansett har det vore ein fantastisk tur i veldig kjekt selskap! Eg vert gjerne med ein gong til!