I midten av August inviterte Gloppen Padleklubb HKK (Herøy Kajakklupp) til å bli med på tur i Selje. Målet var å padle rundt Selja, med ein innlagt beinstrekk ved klosteret. Eg har for det meste holdt meg i lokale farvatn dei siste åra, så det freista å komme seg litt lengre unna stovedøra. Treffe nye folk og få eit gjensyn med klosteret. Eg har padla til Selja før, den gong med innlagt overnatting, men det er jaggu lenge sidan (og den turen kan du lese om her).
Vi er framme ved Seljesanden til avtalt tid, og startar sjauinga. Kekt å helse på gamle og nye padlevener. Det vert fort kaos når 15+ padlarar skal gjere seg klar samstundes. Og det tek litt litt tid å komme seg utpå....
Endeleg ute på vatnet og klar for tur. Jon Anders instruerer, smiler bredt og ber oss padle samla utover.
Det går sånn passe......Men vi begrensar det til oppdeling i to grupper, og held oss samla innafor kvar vår. Vi er uansett godt med erfarne folk i begge gruppene.
Samling i bånn. Jon Anders tel opp og konstanterer at alle framleis er med før vi gir oss i kast med storhavet.
Kystvarselet sa bølgehøgde på 0,5-1,5 meter. Det stemte nok godt. På det jamne tenkjer eg det var rundt meteren. Ikkje lett å sjå, men her padlar vi i motbakke.
Legg merke til forskjellen på horisonten. Om det ikkje vises så godt på bilde, merkes det godt på kroppen.
Vi nærmas oss nordvestenden av Selja og havna. Stadlandet i bakgrunnen rett forut.
Selja Kloster. Reist til ære for kongsdottera Sunniva som flykta frå Irland rundt år 960 og etterkvart dreiv i land på Selja. Ho vart etter sin død erklært til Norges aller første helgen. St. Sunniva er vernehelgen for Bergen og Vestlandet, og vaktar særleg over dei sjøfarande. Kjekt i vite for oss som kjem i relativt små farkostar...(Les meir om Sunnivalegenden her og her).
Flott utsikt frå vegen opp til hola der Sunniva måtte gøyme seg for Håkon Jarl og følget hans. Legg merke til røsslyngen ned mot sjøen. I år er den helt fantastisk på farge med sterk ange av honning!!
Etter ein god og lang beinstrekk er det på tide å snu nasen heim att.
Tenk å bygge eit kloster her, ytterst ute mot havet! Dramatisk plassering er det i alle fall. Vi vinkar farvel til Sunniva og 1000 år med historie og gir oss i kast med bølgene att.
Heimvegen var endå meir humpete enn utover. Det enda med mann over bord, men St. Sunniva passa på og snart var han på plass i farkosten att. Litt våt, men ei god erfaring rikare. Kjekt å sjå kor effektivt gruppa handterte kammeratredninga i relativt grov sjø. Det er berre å konstantere at det er mykje god kompetanse i klubbane våre!
Litt dristig å padle utan tørrdrakt denne gonge. Og med grønlandsåre i tillegg, kjende eg at eg kanskje hadde feilvurdert ein smule. Men bytte til euroåre under vegs senka pulsen. Truleg sat det mest i hovudet, men ein skal aldri undervurdere effekten tørrdrakt og utstyr har på psyken.....
På siste stykke inn mot Seljesanden roar sjøen seg, og det kjennes i grunn litt godt. Det er litt for lenge sidan eg har padla i såpass mykje bølger, så eg er litt lei og sliten av å duve opp og ned. Men uansett har det vore ein fantastisk tur i veldig kjekt selskap! Eg vert gjerne med ein gong til!
For en tur!
SvarSlettJa, den var flott!
SlettFin tur og fine bilete! :-)
SvarSlettTakk :)! Og turen var fin den!
Slett