GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

7. august 2020

Padletur i Selvågane


Det nærmar seg slutten av ferien. Været har vore så som så, men no skal det visst glimte til med sol att. Men piffen held på å gå ut av meg så eg veit ikkje heilt kva eg skal nytte dagen til. Det er no reint for gale å la siste mogelege feriedagen med finevær gå fra oss, meinte Mildrid - så då vart det ein liten padletur likevel.

Eg har padla mykje i området rundt Ulsteinvik. På kryss og tvers fleire gonger. Men Selvågane har eg tilgode å oppleve. Og du og du for ei perle! Det minner meg litt om skjærgarden i Hordaland. Frodige holmer, skjær og sund. Mildrid er guide og viser veg. Vi snirkles oss rundt, mellom og under.

Etter litt snirklink i sakte tempo har vi gjort oss fortent til ein pause. Fram med bålpanna, hamburger, kaffi og sjokolade. Det er ikkje om å gjere å gå i minus på energibalansen heller. Småprat, kos og speilblankt fjord...og haugevis med flygemaur! Til tider plagsomt mykje. Røyken fra bålpanna verkar mest på Mildrid, men dei stikk eller bit ikke i det minste. Men dei likar blå klede ekstra godt, så då veit vi det til ein anna gong.

på heimveg rekognoserar vi etter kortreiste teltplassar. Det er ikkje flust av dei her ved kysten i det store og det heile på Sunnmøre. Og vi er ikkje spesielt kresne heller. Vi finn til slutt ein potensiell plass og seier oss nøgde med det. Kanskje vert det telting her til hausten allerede - vi får sjå!










 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar