GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

6. august 2020

Telting ved Billingen/Torddalen

Det er siste ferieveka og eg har ingen planar. Therese treng skyss til Bismo, og sidan det er lenge sidan vi har sett kvarandre såg eg eit høve til å slå to floger i ein smekk. Tyt i bilen fram til Bismo, og ein kort avstikker med telt på returen. Therese skulle på jobb dagen etter, så då vart det telttur mutters åleine.

Eg parkerte oppe ved gardane på Billingen. Utruleg billedskjønt og velstelt.

Tenk å bu her?
Utsikt ned dalen. Strynefjellsvegen ein stad langt der nede.

Eg valgte å gå i retning Torddalen. Jamnare stigning og litt meir ute av glaninga frå bobilturistar med kikkert. Etter eit par kilometer slo eg leir. Eg rigga meg til for å nyte kvelden med ein øl, når eg vart vare bjeffing rett att med. Ikke kjekt om det luskar folk rundt teltet til natta...Øyrene på stilk og vaktsomt blikk ut i skymninga. Nytt bjeff. Likar ikkje......!!! Med eitt vart eg var eim hjort som stod og kikka på meg omlag 100 meter unna. Nytt bjeff. Det var frå hjorten! Der stod altså jaggu meg hjorten og kalte på meg! Kven er du? Så begynte ho å gå mot meg. Rett nok synes eg det var artig med hjortebesøk, men helst ikkje heilt oppi leiren. Så eg gav beskjed. Men lettskremt var ho ikkje. Kalte på meg på nytt. Er du heilt sikker på at du ikkje vil ha selskap? Ho holdt på slik lenge - for litt fram og tilbake, stoppa opp og kalte på meg. Etter ein halvtime og med litt strengt tilsnakk forsvann ho. Og eg kunne legge meg i trygg forvissing om at ikkje korkje folk eller hjort kom til å luske rundt teltet til natta.


Fram med kokeapparat og kaffi på morgonen. Natta vart ikke så aller verst, sjøl med den tynneste dunposen og det lettaste liggeunderlaget. Litt kaldt vart det rett nok, så eg måtte sove med to lag ull. Etter frukost vart det ein liten tur innover Torddalen.
Oppover og innover
Tilbakeblikk. Zoomar du inn kan du sjå teltet.
Elva Torda slynger seg vakkert nedover Torddalen. Frå bratte juv og fossende stryk, til stille loner der det sikkert er kjekt å fiske. Kanskje kjem eg attende med fiskestang ein gong? Vakkert er det er i allefall.



Etter omlag 5 km var eg inne ved ein liten foss. På tide å snu nasen heimover att. Tilbake i leiren tenkte eg det kunne være fint å teste kokeapparatet innomhus til ein gong vêret er litt ruskete og eg må. Litt stress å passe på teltduken var det no -  i alle fall i starten når flammane stod litt til værs. Men det gjekk sint likevel. Og så var det OK med litt lufting og, så ein ikke plutseleg går i bakken av oksygenmangel. Det gjekk no greitt, og eg fekk laga meg litt graut før heimturen.

Returen ned til bilen gjekkk ganske kjapt. Det er stor forskjell i tempo på opp og ned når ein har sekk på ryggen. Eg fekk gjort meg nokon nyttige erfaringar til seinare og. Teltet eg kjøpte tidligare i sommar (Frisport Youranga UL II)er kanskje ikke det teltet eg kjem til å ta med meg på padletur fordi eg synes det er litt lågt inni, men på denne turen var det heilt perfekt. Det veg lite, har OK storleik på forteltet og er lett å sette opp. Og sjøl om det er grønt, er det lett å få auge på frå langt hold om du veit kva du skal sjå etter. Eg har vore med på å ikke finne attende til telt før  fordi det går i eitt med lyngen....... Eg klarte meg med lettvektspakking ellers og. Stolen kan eg droppe på lengre turar, ølen og. Og eg klarte meg heilt fint utan jervenduken. Så alt i alt ein finfin tur og med nyttige erfaringar å ta med meg vidare!

1 kommentar: