GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten ski. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ski. Vis alle innlegg

8. april 2023

Påsketur til Vassteinvatnet

Påsken i år har vore heilt fantastisk. Godt med snø for oss som likar å gå på ski, og sol, sol, sol! Då er det berre å komme seg ut - innearbeid kan vente til vêret snur. Og ein kosetur med med lovnad om pølsegrilling, appelsin og sjokolade i lag med jentene er vel kjekt når alle for ein gongs skuld er samla? No skal eg vedgå at ikkje alle syntes dette var ein god idé. Minsta hadde ikkje pakka korkje ski eller klede, men det kjekke med at ungane veks opp er at dei då kan låne mor sine ting. No mercy!

Tur til Vadsteinvatnet frå Krøvelseidet (Volda) har blit eit av mine favoritturmål. Ikkje alt for langt å køyre, passe langt, passe bratt og stort sett godt med snø når det er lite ute hjå meg. Dessutan er det utruleg vakkert her oppe. Eg hadde gjort avtale med Therese om eit treff i løpet av Påska, og no la det seg til rette for å kombinere sosialt med tur, så dei slo følge. Kjekt!

Det er berre lekkert! Dagens turfølge.


Første bakkane er unnagjort. Eit par til aå er vi ved Rotevassetra.

Her har vi nett passert Rotevassetra. Berre nokre få bakkar att!

Siste kneika!

Det er varmt og fint oppover. Blaut snø og fellar gjer det litt trått. Motbakkane er lengre enn kva mor forespeila og minsta byrjar å bli lei. Dette er ikkje ein tenårings draum for korleis påska skal nyttast. Heldigvis for mor legg dei to andre vaksne i følget ein dempar på sutringa, og med lovnad om sjokolade og pølser (fungerer uansett alder) kjem vi oss heilt fram til målet. Og som vanleg med ungar på tur vert det lite tid til å ta bilete....Service takk!

Obligatorisk pølsegrilling i påska

Turfølget har andre avtalar og dra ned i forvegen.

Heile flokken samla!

Medan dei to andre drar ned att sit vi ei stund til. Folketomt, stilt og fint. Sola gjer godt. Til og med minsta er fornøgd! Vi pakkar saman  og vender nasen nedover att. Farta er det ingen ting å sei på så det går radig. Og ved nede er alle einige om at det var ein fin tur! Sjølv om enkelte syntes den vart i lengste laget.....

4. april 2023

Rjåhornet (598 moh)

 I år har påska verkeleg vore fin, og til alt overmål har det vore skiføre her ute i Nordvest. Tysdag etter palmehelga fekk eg og eldste jenta oss ein finfin tur opp til Rjåhornet ute i Herøy.

Vi starta på parkeringa ved Leikongsætra. I seinaste laget skulle det vise seg. For når vårsol i bakkane blenker, forsvinn skiføret under føtene våre. Om ikkje lenge er det fjellsko som gjeld. Vår snø er tungt å gå i, men så lenge turen er målet er det ikkje så nøye om vi ikkje kjem oss på ein topp.

Dei første bakkane opp frå Leikongsetra. Det er vår!

Sollia eller Rjåhornet? Åse nyt utsikta medan vi tenkjer oss om.

Ingen av oss er heilt i slaget, så vi funderer på kor langt vi orkar å gå. Vi studerer litt kart og terreng, og satsar på enten Sollia eller Rjåhornet. Og om vi ikkje orkar nokon av delane, er det og greit å snu oppe på Sletteheidane. Vi ser.

Flott utsikt mot fjella i Syvde (?).


Vel oppe på Sletteheidane. Flott utsikt mot Sunnmørsalpane!!


Vi kjem oss greit opp på Sletteheidane, og vert stadig lurt av avstanden. Som til forandring er kortare enn det vi i utgangspunktet trudde. Frå Sletteheidane ser vi ein knaus med mast på som kan være eit fint turmål. Ettersom den ikkje ser ut til å være så langt unna, så vi siktar oss inn på den. Det viser seg faktisk å være Rjåhornet!

Rjåhornet rett forut. Det er ein liten tanke lengre og brattare enn kva som vises på bilete.


Toppen!!

Det er nesten t-skjortevarmt heile vegen opp og skikkeleg påskestemning. Alle andre ser ut til å ha valgt seg Sollia som turmål. Det er i grunn litt fint å tusle avgarde for oss sjølve. Vel oppe er det obligatorisk kakao, sjokolade og appelsin, før vi må skunde oss ned att før det frys på og vert vrient å renne.

Flott lys!

Nede på Sletteheidane att.



Nesten nede att.

Vi kjem oss heilberga ned, men det var i siste liten for føret sin del. Det går litt ut over lårmuskulaturen, men det gjeld same regelen ned som opp - det er berre å ta tida til hjelp. Dette omsrådet har eg hatt lyst å utforske lenge, så kjekt å endeleg fått gjort det. Skiterrenget her er fenomenalt - når det er snø. Og slikt er fint å vete til seinare :)

19. mars 2023

Mosvarden (550 moh)

Snøen har det med å la vente på seg her på Ytre Sunnmøre, men når den først kjem er det ikkje måte på. Og ettersom den heller ikkje har det med å ligge så lenge, er det berre å nytte høvet og bruke den til noko fornuftig mens ein kan. Nedoverski er det som freistar mest, men med knekt halebein friskt i minnet er det nok best å gå for noko som er mindre brutalt for stussen. Viddene ovom Ulsteivik ligg fine og kvite, og både Lene og eg har yst å utforske terrenget her.

Vi var innstilt på å vasse til knes i djupsnøen, og gå så langt vi hadde krefter til. Med lågt ambisjonsnivå og med turen-er-målet-innstilling legg vi av garde ikkje alt for tidleg. Og vi er heldige: nokon allereide har trakka spor! Dels er det køyrt opp løyper, og dels har nokon labba vidare innover. Heilt opp til Mosvarden faktisk. Og den ser jo ikkje alt for langt unna ut heller....Vi stoppar før dei siste bakkane for påfyll av energi og litt ekstra klede. Målet er framleis sjølve turen, så det er ikkje om å gjere å komme seg til topps. Men vi ser det an.

Ein skulle tru vi var på mini-Hardangervidda. Kvite vidder og slake toppar. Det er ikkje akkurat dette er forbinder med Søre Sunnmøre. Sola bryt litt igjennom og det er nesten påskestemning. Kortreist lukke! Vi traskar roleg oppover, og sakte, men sikkert nærmar vi oss toppen. Rett nok byrjar eg å kjenne det i beina, men no er det for dumt å snu. Eg hentar fram det eg har av viljestyrke, og til slutt er vi oppe ved varden. Om ikkje utsikta er i øverste sjiktet, er den absolutt verdt det og vel fortent!

Nedover tok eg ikkje bilete. Eg hadde nok med sjølve nedkøyringa. Pudderføre med gjennomslag er ikkje alltid like lett. Fordelen er sjølvsagt at ein fell mjukt. Ulempen - at det ikkje er så lett å komme seg på beina att. Trøysta er at ingen andre ser ut til å meistre føret fullkomment heller. Vi kjem oss ned til middels stilkarakter, vel fornøgde og møre i beina. Ein fantastisk flott tur eg sikkert kjem til å gjenta om det er nok snø! Takk for turen Lene!

Fin start med oppkøyrde løyper!
Ferdig med dei første bakkane. Kiberget th. Kanskje eg må opp dit eing gong og...

Fint å sjå seg tilbake og nyte utsikta litt.

Kvite vidder og berre lekkert!

Lokalt landemerke mellom Hareid og Ulsteinvik sett frå "baksida". Eg synes dei liknar ein caravane med kamelar i ørkenen. Andre kallar dei for indianarar.

På veg opp mot Mosvarden. Slak og fin stigning.

No smakar det fuggel - nesten oppe!!

Oppe med varden. Utsikt mot Leinøya, Remøya og Runde.

18. april 2022

Vinternatt i naturen

 

Finvéret held fram, påska er knapp og tida strekk ikkje til for å gjere alt ein har lyst på. Då får ein berre prøve å slå to floger i ein smekk. Kva med sosialisering og vennebesøk i kombinasjon med telting? Som sagt så gjort. Avtale om å møtast på kvelden for tyt og båling ein høveleg plass der eg kunne telte og ikkje alt for langt å gå.

Greit med trakka spor mesteparten av vegen. Og ved må ein ha når ein skal båle!

Therese stilte med pølser og eigen båldreng, så medan eg fekk meg nokre gode tips på bruk av snøpluggar ordna Erik med bål. Så sat vi der då i skauen og kosa oss i den fine vårkvelden

Nydeleg kveldslys i vintervårnatta! Pølsegrilling på gang.

Gjestene takka for seg når kveld går mot natt. Berre meg åleine. Eg sit attmed bålet ei stund til dei siste vedskiene sloknar. Det byrjar å bli kaldt, og soveposen ligg og lokkar det oppe i teltet.

Fint å sitte slik å kokkelure åleine framom bålet etter at gjesten var gått.

Ikkje enkelt å finne lett tilgjengelege teltplassar langt unna folkeskikken på Sunnmøre, men ein får gøyme seg så godt ein kan mellom trea. Volda i det fjerne.

Luksus å vakne til gneistrande sol og vindstille.

Frukost i det fri er undervurdert. Sjølv om det ikkje er like lettvint som heime. Ting tek tid på telttur.

Natta gjekk greit. Eg sov som ein stein og fraus ikkje det grann. Varmeflaske i soveposen gjer seg. Når ein vaknar utkvild til nydeleg vér er dett berre å være takksam for at vi har denne moglegheita her til lands. Å fare til skogs og være i eitt med naturen for ei lita stund og få litt mentalt og fysisk påfyll. Men pliktene kallar også i påska, så etter ein betre frukost i det fri er det heim og beise terrassen!

17. april 2022

Rotevassætra og Vassteinvatnet

 Det som kunne teikne til å bli ei grå og våt påske, snudde brått om og vart ei veke med strålande solskinn. Av og til er det godt når véret snur om, og det må ein nytte. Dei siste åra har det vorte heller lite skigåing på meg, og når det først både er snø og sol samstundes falt valet på skitur framfor padling.

Ytterst ute i havgapet har snøen smelta bort, men ein dryg halvtimes køyring unna ligg framleis godt med snø. I overgangen mellom Ørsta og Volda er det Stikk Ut tur innover Vadsteindalen til Rotevassætra. Turen er av typen lettgått, og akkurat det vi treng.

Klar for tur!

Slakt og fint terreng. Heldigvis, for føret var noko dritt!

Rotevassætra.

Pause ved Rotevassætra. Det er heitt i sola og skarpt lys! Alltid nokke å klage på!


Føret er håplaust for oss utan felleski. Våt og tung snø og det er korkje glid eller godt feste. Passe sliten i armane konkluderer vi med at Rotevassætra er lang nok i dag. Men vi har litt lyst å sjå oss om litt meir, og satsar på at vi kjem oss lengre neste dag.

Dag 2 inne ved Rotevassætra. Ungdommen insisterer på å gå til endes på løypa og tilbyr seg å bære sekk for å sikre at mora ikkje snur.

Vassteinvatnet. Aldeles nydeleg. Her kjem vi garantert attende.

Dagens rasteplass ved Vassteinsætra. Sætrevatnet lenger nede.


Sjølv om føret var like elendig som dagen før, var motivasjonen større. Skisporet var lagt vidare frå Rotevassætra og heile vegen inn til Vassteinvatnet. Litt meir stigning denne biten, men overkommeleg. Utsikta ned mot Vassteinvatnet var verdt alle motbakkane - fantastisk vakker, og planar om teltturar til sommaren vart umiddelbart sådd. Vi gjekk til enden av vatnet og fann ein pausestein med utsikt ned mot Sætrevatnet. Litt sur vind så vi sat ikkje so lenge før vi snudde nasen heim att.

Denne turen kjem nok inn på favorittlista mi for vinterturar. Her er lettgått, opptrakka og vakkert. I tillegg er det flust av mogelege teltplassar langsmed både sommar og vinter, der ein lett kan stikke seg vekk utan å måtte gå så langt. Vi kjem heilt sikkert att!!




10. april 2022

Frostatind (807 moh) - endelig!!

Véret har vore ustabilt store delar av vinteren, og påskevéret ser heller labert ut i følge meldingane. Då må ein faktisk nytte høvet når det byr seg - sjølv om det betyr tur etter jobb og eldgamalt (og tungt) utstyr raska saman i farta, fordi mitt eige ikkje befinn seg på same plass som meg sjølv. Skredfaren er stor på Sunnmøre no, så vi gjekk for ein trygg og enkel tur som eg har hatt mål om ganske lenge, nemleg Frostatind i tidligare Skodje kommune.
Knallfint vér og framleis optimist trass tungt utstyr. Fotot: Lene

Det er heitt opp bakkane. Og tung nysnø. Heldigvis er det trakka oppover.

Ingen ting å seie på utsikta!

Toppen i himmelsjå? NOT! Her er det berre å bite tenna saman, ignorere gnagsår og gå så lenge ein har krefter i skrotten.

Det er no heldigvis lettgått terreng då. Sjølv om eg byrjar å kjenne det i beina.

Tilbakeblikk.

Utsikt frå toppen! Upåklageleg, men j....kla kaldt!! Og Lene traff kjentfolk!

Det vert sjølvsagt utnytta! Foto: Kjell Lennart Nygård

På veg ned att. Fantastisk lys som ein berre må forsøke å ta inn (og gir ein velsigna pause til låra)

Og slik ser det ut frå varden med bra zoom på kamera når Lene og eg renn nedover. Foto: Kjell Lennart Nygård

Føret er heilt fantastisk og lyset magisk! Vi pausar og mannar oss opp til den (vonleg) beste delen av nedkøyringa.

Og slik ser det ut der vi står og funderer på løypevalget ned.....Foto Kjell Lennart Nygård

Ingen av oss er i veldig god form for tida, og med lånt utstyr var planen eigentleg berre å gå så langt som vi orka. Toppen var ikkje det eigentlege målet, men det å være ute og nyte. Vi (dvs Lene) valgte ei rute som passar betre for oss med fjellski. Jamn stigning gjer seg. Dessutan fekk vi fjellet meir for oss sjølve - ekstrabonus spør du meg! Litt våt og tung nysnø oppover, men det og går greitt når nokon har trakka i forvegen. Og nedkøyringa - for ein draum! Sving på sving på sving -  sjølv med rusten telemarkteknikk gjekk det bra! Og gud kor gøy!!!

Dette vart ein tur av dei heilt sjeldne trass i tungt utstyr frå midten av 90-talet, utrena legger og lår, gnagsår og bitande kulde på toppen. Og ein tur eg heilt sikkert kjem til å gjere på nytt! Kan anbefalast på det varmaste!!


Takk for turen Lene!