GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

22. august 2025

Stille morgon i Kjeldsund

Det er lenge sidan Mona og eg har padla i lag, men mot slutten av ferien fekk vi oss ein tur. Eigentleg hadde vi tenkt å fare utover og rundt Vattøya i morgonsola, kose oss og kike utover havet. Men når eg stod opp låg havet inntylla i skodde. Som ikkje var meldt. Då har ein i grunn to val: gi seg på det eller dra til Kjeldsund.

Vi gjorde det siste. Og heldigvis var det skoddefritt der inne. Litt lågt skydekke, men stilt og framleise fin nok temperatur til å droppe tørrdrakta. Og skulle skodda sige innover er det kort veg til trygg grunn over alt.



Blikkstille!

Det er alltid kjekt med ei rast på land, så vi padla over mot Haddal-sida og fann oss ei lun vik der. Dit hadde og knotten funne fram, så når det gjekk frå relativt blikkstille til absolutt heilt blikkstille pluss yr, måtte vi gi oss. men då hadde vi no fått te og tylla i oss kokekaffi (absolutt eit must på tur) ei god stund.

Snart lunsj!

Lunsjpause med kaffi og sjokolade frå Longyerbyen


Med knott rundt øyrene var det godt å komme seg i kajakken att. Vi tok sjølvsagt vegen via holmane i Kjeldsund. På fjøre sjø er det nokre stader det ikkje går å padle mellom, så då får ein ta vegen rundt - eller drage kajakkane over. Med tang og tare å drage på gjekk det ganske lett!


Når ein ikkje gidd å padle rundt....

Kjeldsund er fint å sulle rundt i med plenty holmar å padle rundt og mellom, men superlangt vert det ikkje. Mona var spent på kor godt padlinga gjekk ettersom det har vore landligge for kajakken eit par år, men det gjekk heilt supert! Turen vart på 7,5 km og ein heilt super tur tidleg ein sundag formiddag!


Tilbake til start.

(Og ja - eg såg deg og...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar