Det vart lite både padling og skigåing i påska. Lite snø og mykje vind. Då var det sjølvsagt ekstra stas når Joakim inviterer til tur for aktivitetsleiarane ut til Grasøyane. Mellom 15.april og 15 august er der ilandstigingsforbod så dette var siste sjanse før sommaren. Og været - det viste seg frå si beste side. Litt vind skulle det bli i følge meldingane, men sjølv om padleformen og skuldrane ikkje var på sitt beste var konklusjonen at eg nok alltids skulle klare å komme meg både fram og tilbake.
 |
| Heile 6 stk klare for tur. Nydeleg i småbåthavna på Flø |
 |
| Dette er den einaste båthavna eg veit om som er direkte lekker |
 |
| Mindre vind enn meldt - heldigvis! |
 |
| I fint driv utover. Godøya i bakgrunnen. |
 |
| Landkjenning og snart framme! |
Turen utover går greit. Vi hadde vinden i ryggen, og det som var av bølger var heilt greit. Det einaste vi måtte passe på var når vi nærma oss grunnene for der reiste sjøen seg ganske bra. Brottpadling stod ikkje på min agenda denne dagen, men litt surfing inn i havna blei det og det var jo berre artig. Ellers varma sola godt i naustveggen og vi tok oss god tid til lunsjen, før vi sjølvsagt måtte opp til fyret å inspisere. Fyr er fantastiske byggverk - tenk alt dei har tolt av vær og vind opp gjennom åra! |
| Rast i naustveggen. Reine sydenstemninga |
 |
| Skjelsand er flott! |
 |
| Grasøyane fyrstasjon, oppretta i 1886 med fyrvokterbustad og fyrtårn |
 |
| Det ganle fyrtårnet fekk skader under krigen, og vart erstatta av eit nytt i 1950. I støpejern - det sista av sitt slag. |
Så var det å pakke seg ut i kajakken att. Det skulle eigentleg friskne litt til utover ettermiddagen noko som ville bety motvind innover att, men det vart tvert i mot nesten vindstille. Vi lå nok i le av fjella bak Flø for austavinden. Det er berre å merke seg til neste tur. |
| Tore og Joakim klare for heimfart |
 |
| Det går radig innover att. Vinden som var meldt viste seg ikkje. |
 |
| Lene vel fornøgd med å kunne krysse av for eit fyr til i padleboka |
 |
| Snart tilbake til Flø! |
Turen heim gjekk over all forventning. Skuldrane tolte det høveleg bra, men det var greit at det ikkje var motvind og at turen ikkje vart lenger. Pluss i margen til meg sjølv for at eg klarte rulla på første forsøk inne i båthavna att - den satt rett so bra! Ikkje værst ettersom det var eit år sidan forrige rulle! Så ein framragande tur vart det på alle måtar! Takk for tur og kjekt selskap!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar