GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

28. november 2022

Dykking i Eiksund

Det er lenge sidan eg har vore ute og fridykka no - faktisk over eit år. Ikkje veit eg kor det er kjekt å dykke, og det tryggaste er jo å dykke i lag med nokon andre. Eg fulgt fridykkeklubben ute i Herøy litt frå sidelinja siste året i håp om å få meg nokre turar i lag med andre. Og ettersom mannfolka er i fleirtal og eg har begrensa erfaring, sit det litt inne å invitere meg sjølv med. Dessutan vert eg lett sjøsjuk også under vatn - noko som begrenser kor eg kan dykke - og det er litt kjipt å kjenne seg som festbrems allereide i frå start.


Men her ein dag vart det eit passeleg høve til å bli med. Eg hadde planar om å ta meg ein tur åleine - meldingane for vær og før var kanon - men så hadde Marko i klubben lyst på ein tur og lurte på om nokon ville bli med. Marko kjenner eg litt frå før - og då kjennes det ikkje like skummelt - så eg meldt mi interesse.

Med tanke på sjøsjuka foreslo Marko at vi kunne sjekke ut Eiksund. Under brua er det godt med liv og mykje fint å sjå på. På maks flo har vi ca ein time på oss med roleg sjø og lite straum. Ypperleg for ein nybegynnar. Og som sagt så gjort - i strålande solskinn og såvidt over null grader glei vi uti vatnet sånn ca kl.12.30.

Mykje fint som veks på brukaret.

Her er eg på veg nedover! Foto: Marko

Sikta er fantastisk - ein stad mellom 10-15 meter - og det er jo litt kult. Det går overraskande greit å dykke denne gongen sjølv om det er lenge sidan, men eg slit med å utlikne og det gjer vondt i øyrene allereide på 2-3 meters djup. Dykkekondisen er heller ikkje allverden, så det vert mest kjapt ned og kjapt opp att. Kamera overlet eg for det neste til Marko (som uansett har fotografering som hobby) - eg har nok med meg sjølv. Om eg synes det er utfordrande å ta bilde frå kajakk er det hakket meir krevjande å fotografere under vatn...

Bilete frå oven. Marko på 5-6 m djup eller noko slikt.

Etterkvart klarer eg å nyte litt meir eg og. Foto: Marko

Det er haust også under vatn. Opplagt når ein tenkjer over det, men det har eg altså ikkje gjort før. Tang og tare veks i løpet av vinteren, blomstrar i løpet av vår og sommar og forvitrar att på hausten. Og no er det definitivt haust under vassoverflata. Litt grått og grumsete langs botnen faktisk, men vi finn fine ting å sjå på likevel. Td perlesnormanet. Dei er sjeldne, men det har vore ei oppblomstring i Noreg no i haust. Havforskningsinstituttet vil gjerne ha beskjed om slike observasjonar, så ser du nokon så meld i frå! Vi såg 4 ulike (minst), den eine over 3 meter, men dei kan altså bli opp til 30 meter lange!

Perlesnormanet. Liknar litt på tjukt ullgarn spør du meg. Og veldig kule!

Etter ein times tid byrjar vi å bli kalde, og eg kjenner sjøen er i ferd med å røre på seg att. På tide å gi seg. Utruleg kjekt å dykke att, og veldig kjekt å ha selskap.

Har lagt ved nokre filmsnuttar som Marko tok undervegs for den som vil sjå!



Takk for turen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar