Noko må eg ha gjort rett som mamma når avkommet har byrja med fridykking og blitt hekta. Når ho i tillegg spør mor om å bli med er det ekstra kjekt. Og når ho etter den første turen med meg ikkje har gitt meg opp men spør om eg vil være med å dykke i Lyngstøylsvatnet og - jau då boblar det litt ekstra av glede i skrotten. Lite Disney Channel og mykje naturvitenskapeleg TV-titting, samt Ole Brumm-turar i skog og mark har endeleg gitt uttelling.
Eg må innrømme eg var skeptisk. Ikkje kjende eg dei andre som skulle være med, ikkje har eg dykka noko særleg og ikkje held eg så lenge ut i kaldt vatn. Men som før - mas og gnål til mor gir etter funkar no og. Liisa frå den lokale fridykkarklubben skal også med - det kjennes jo litt betryggande, sjølv om eg ikkje kjenner ho.
Litt sliten etter gårdagens padletur og seint i seng, er det berre å bryte seg opp att tidleg på morgonen. Det er aldeles strålande vær! Litt kjølig, men ikkje ei sky på himmelen og stilt og fint! Vi møter Liisa i Volda, tek ein kjapp helse på runde, før vi må hive oss rundt for å rekke ferga frå Sæbø. Det er så vakkert så vakkert over mot Sæbø. Det grønast i liene og Hjørungfjorden viser seg frå si beste side.
Vi vart teken i mot med eit stort smil frå gjengen i Team Puffin. Det var dei som inviterte til tur, og som tok både regi og ansvar for sikkerheit. Med røynde dykkarar som turleiarar og kjekke folk kjenner eg at eg slappa litt meir av. Phu!
![]() |
Kristine og Liisa klar for tur til seters under vatn. Litlehornet i bakgrunnen. |
Og for ei oppleving!! Vi svømte over skog og gamle tufter - heilt magisk. Her har tida stått stille heilt sidan raset dundra ned fjellsidene og dempe opp elva i 1908. Vakkert og spøkelsesaktig. Og j....kla kaldt! Fjellvatn tidleg på våren er ikkje veldig behageleg så det vart litt hjernefrys.
![]() |
Ein skigard kan ikkje leva evig veit du, men ein steingard kan! |
![]() |
Eine brua under kjerrevegen kan skimtast ca 10 m lenger ned... |
Kristine stakk etterkvart av med kamera til mor og hang med dei som var litt meir erfarne, medan Liisa og eg tok oss tilbake innover mot dei gamle tuftene attmed land. Eg fekk ikkje til å dykke så mykje denne gongen (heller) - haudet holdt på å eksplodere - men det var veldig kjekt å snorkle og, så får heller ferdigheitene bli betre etterkvart. Og ettersom eg ikkje lenger hadde kamera for handa har eg fått låne nokre bilete frå Liisa. Som forøvrig er fotograf (kor heldig var ikkje eg!!):
![]() |
Foto: Liisa |
![]() |
Foto: Liisa |
![]() |
Foto: Liisa |
Som sagt - Kristine stakk av med kamera og fekk knipsa nokre bilder borte i skogen. Neste gong kjem eg meg kanskje bort dit eg og.
![]() |
Brua på nært hald. Støvsky etter ein som har svømt under.Foto: Kristine |
![]() |
Foto: Kristine |
![]() |
Akk so vakkert! Foto: Kristine |
Sjølv om eg stort sett berre snorkla var dette ei utruleg kjekt oppleving! Og vi var heldige som hadde røynde folk med oss som hadde vore her før. For det er nokre hensyn å ta. Attmed vegen ved grinda står det eit informasjonsskilt - les det før du hoppar uti! Det er nemleg ikkje alle stader i vatnet du har lov å dykke. Pga trea er det lett å hekte seg fast med liner - så det er ikkje lurt å ha med. Botnen er mudrete og difor ver sikta vert fort dårleg om du symjer mykje langsmed. Unngå og å komme borti trea - det er lett å brekke av greiner og det skal ikkje mange uvørne dykkarar til før heile skogen er rasert. Så om du er litt forsiktig når du symjer i skogen og er merksam på kor du har finnane dine (dei er lengre enn du trur) øydelegg du ingen ting. Og det er jo kjekt for dei som kjem etter. Avhengig av nedbørsmengden varierer det og kor god sikta er, så her kan det være lurt å forhøyre seg med lokale folk.
Alt i alt veldig kjekk tur altså, og veldig kjekt med ny dykkebuddie Liisa! Vi får satse på at det blir nokre fleire turar i lag utover sommaren!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar