GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

22. juni 2025

Rundtur Leikong-Kjeldsund

Godt i gang med med å få opp padleformen er eg ganske gira på å få fleire kilometer på vatnet. Det er finevêr og lite vind, og Flåvær lokkar der ute! Turinvitasjon vert sendt ut og heldigvis er folk gira på tur. Men som alltid - når det har vore fint vêr fleire dagar i strekk så kjem havtåka brått på og Flåvær utgår.... 

Dei som held til i indre strok har ikkje mykje lyst utover i skoddehavet, og vi som held til i ytre synes fjordpadling i Ørsta er lite forlokkande. Men vi vil jo ikkje padle i tåka heller. Kjeldsund er litt lite, Eiksund har eg akkurat vore i, så kva er alternativet då liksom? Merete og eg grunnar litt på det, heilt til Merete foreslår at vi kan padle frå Leikong til Kjeldsund og tilbake, det vert ein akkurat passe lang tur!

Og som sagt så gjort. Det vart ein fantastisk tur i strålande kveldssol og godt selskap. Tåka heldt seg i ytre strok, vinden stilna heilt av i kveldinga og det vart skikkelig zen-kjensle og godt for sjelen. Og eg fekk ein ny tur inn på Lista mi som jo alltid er kjekt. Overraskande fin, og om ein synes berre Kjeldsund vert for kort så kan eg anbefale denne varianten!

Tusen takk for turen - sjåast snart på vatnet att!!

Ved Leikong. Ulsteinvik i det fjerne.

Det blir litt snirkling ved Leikong og - her ved Nykreimsholmen


På leit etter eit kvileskjèr

Midtsommartendenser i mai!

Snirkling ved Furøya

Langs Kjeholmen

Snirkling i Kjeldsund

Det er s lekkert, så lekkert!

Seglmerket i Kjeldsund. På retur.

Leikong


Kveldssol i retning Rovdefjorden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar