GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

16. juli 2025

Senja

Eg har vore på Senja to gonger før for å padle, men begge gongane har det blåse litt i overkant mykje til at eg kan skryte på meg dei heilt store utfluktene. Bles det so bles det - ikkje nokke å gjere med. Sosialt og kjekt har det vore likevel, og eg er no godt vand med både regn og vind. Men det hadde no vore kjekt å få padla liiiiitt meir denne gongen. Alle gode ting er 3 heiter det, og når eg drar oppover i pinsa ser faktisk vêrmeldingane lovande ut.

Det er sol og sommar når eg landar i Tromsø. Alf er som vanleg på tilbodssida og plukkar meg opp på flyplassen. Etter litt sjauing og 3 timar i bil er vi endeleg på Å. Det er kjekt å treffe både nye og kjende fjes - latter og klemmar sit laust, og eg er visst ikkje for søring å rekne lengre heller. Stas!

Vel framme på Å og vêret ser lovande ut for morgondagen

Lemmingvær

Laurdagen kom med sol og lite vind og endeleg vart det tur ut til Lemmingvær! Glede!! Vi starta inst i bukta ved Å og padla utover langs land så langt det gjekk før vi kryssa over mot sjølve Lemmingvær. Eg konstanterer at padlekulturen varierer frå landsdel til landsdel. På Sunnmøre er det gjerne padling i bølger som er greia og effektive framdriftstak er gjerne ikkje i fokus. Det er det derimot i nord, men eg klarar å halde følge utan alt for mykje blodsmak i munnen.

Klassisk før start bilde

Lemmingvær i det fjerne

Snart kryssing over

Mariann i sin flett nye NDK Sportive

Sol og silkeføre utover. Jan Viggo er fornøgd.


Vel ute ved Lemmingvær er det berre å nyte. Det er så lekkert så lekkert! Grunne laguner, sandbotn, kvite strender, yrande fugleliv, turkisblått hav og kvite fjelltoppar. Vi snirklar oss mellom og rundt der det er mogeleg og ser oss i kring før det vert beinstrekk i sola.

Det fotograferast over ein låg sko

Ikkje heilt ulikt padling på Sunnmøre faktisk

Snart beinstrekk



På returen slår eg følge med dei som tok kortaste vegen utover - det er ikkje om å gjere å slite seg heilt ut heller. Turen vart på ca 14,5 km måler eg på kartet i ettertid og akkurat passe langt.

På heimveg. Inger Johanne er sjef.

Så stilt som det kan bli! Kirsti og Jan Viggo.

Tranøy

Søndag er kirketid, og når det attpå til er pinse er det vel høveleg å besøke Tranøy kyrkje. Der har eg rett nok vore ein gong før, men det er så flott der ute så ein reprise er berre greit! Det er vått og grått denne dagen, men det gjer ikkje så mykje når ein uansett har tørrdrakt. Det vart litt motvindspadling begge vegar, men ikkje så mykje at ein kunne skulde på vinden for at det vart eit relativt stort strekk i feltet på returen. Alf kunne ikkje anna enn å riste på haudet og legge seg såpass langt bak at han klarte å ha heile feltet innan synsvidde. Ingen blåse bort og vi var like mange tilbake som då vi dro.

Padling i prateavstand til naboen. Alf instruerer.

Midtfjords og litt motvind

Kirketid...

...men først litt ferdamat

Tranøy gard

Retur. Framleis nokonlunde samla

Vinden snudde til vi skulle heimatt så det vart motvind då og

Siste bilde av samla flokk før det vart fullstendig sprik i feltet


Det er ganske kjekt og sosialt å være i lag med denne gjengen ei heleg. Folk kjem med godt humør, kaker og skrøner. Vi grillar, et, tyt og kosar oss. Kviss med Renate og Bjørn heldt spennende foredrag av sin planlagde tur til Grønland.

Og før vi veit ordet av det er helga over. Dvs eg tok meg litt ekstra god tid denne gongen og vart ei natt til. Sola kom tilbake og eg fekk sjå Senja frå si beste side før eg for heim att. Tusen takk for for denne gong - så sjåast vi vonleg igjen før eller seinare!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar