GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

Viser innlegg med etiketten Å. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Å. Vis alle innlegg

29. juli 2026

Rødsand - Indre Selfjord


Også i år var eg så heldig å få lov til å t meg ein tur til Å på Senja. Været har ikkje alltid spelt på lag dei gongene eg har vore her, så om ein har som mål å få padla mest mogeleg kan ein fort verte skuffa. Det sosiale er minst like viktig, og det er alltid kjekt å prate med padlefolk frå andre delar av landet, utveksle erfaringar og ellers berre ha det kjekt i lag. Og dersom været spelar på lag, vert det kanhende ein padletur eller to og.

Pga av ei stadig dårleg skulder, lite padling og ein haug med andre bortforklaringar var det ikkje aktuelt å padle korkje langt eller bratt for meg i år. Men det er heilt greit når ein får padle stadar ein ikkje har padla før. Med utgangspunkt i Rødsand var vi ein lite gjeng som sikta oss inn mot Indre Selfjorden. Resten av gjengen for mot Hallvardsøyan  - dit eg og skal ein gong....

Snart klar for avgang

Kryssing over mot Steinjorda. Lomstinden tv og Bunkeskjoldet th.

Heftig og begeistret - Bunkesjoldet rett forut

Første biten av turen var å krysse over mot Steinjorda som det står på kartet, men Alf kalte det berre Bunken. Og det heiter no Bunkfjorden her, så da då. Ein bitteliten beinstrekk på land her og så bar det vidare forbi Dyrsneset og Lomsneset.


Det er lett å la seg lure av avstandar her oppe, og medan skuldra sa langt nok sa Alf 3-4 km. Tove og eg var klare for ein rast, og rett rundt neset visste Alf om ein fin stad å raste.

Indre Selfjord th, Flakstadvåg tv

Indre Selfjord - berre lekkert sjølv på ein gråværsdag.

Litt studering og ca-måling på kart i pausa viste at vi hadde padla i underkant av 6 km ( og ikkje 3-4...). Altså passe langt syntes Tove og eg - vi skulle trass alt heim att og. Skulder er skulder, og det hjelp lite å ønske seg ein lenger tur om kroppen protesterer. Det er viktig å gi seg medan leiken er god.

Ikkje alltid lett å få tatt bilde av Alf for han har makk i baken, men også han må ha ein pause på tur.

På veg heim att. Taggane tv er Fiskenestindan, og den vesle øya heilt th i bildet er Hallvardsøya.


Rødsand i sikte


Snart framme! Alf i fint driv

Det var utruleg kjekt å få padle på ein ny stad, sjølv om eg gjerne skulle fått oppleve Hallvardsøyan og. Eg får krysse fingrane for at det byr seg eit høve til det ein anna gong. Tusen takk til Tove og Alf for nok ei fantastisk helg på vakre Senja.

11. juni 2025

Senja

Eg har vore på Senja to gonger før for å padle, men begge gongane har det blåse litt i overkant mykje til at eg kan skryte på meg dei heilt store utfluktene. Bles det so bles det - ikkje nokke å gjere med. Sosialt og kjekt har det vore likevel, og eg er no godt vand med både regn og vind. Men det hadde no vore kjekt å få padla liiiiitt meir denne gongen. Alle gode ting er 3 heiter det, og når eg drar oppover i pinsa ser faktisk vêrmeldingane lovande ut.

Det er sol og sommar når eg landar i Tromsø. Alf er som vanleg på tilbodssida og plukkar meg opp på flyplassen. Etter litt sjauing og 3 timar i bil er vi endeleg på Å. Det er kjekt å treffe både nye og kjende fjes - latter og klemmar sit laust, og eg er visst ikkje for søring å rekne lengre heller. Stas!

Vel framme på Å og vêret ser lovande ut for morgondagen

Lemmingvær

Laurdagen kom med sol og lite vind og endeleg vart det tur ut til Lemmingvær! Glede!! Vi starta inst i bukta ved Å og padla utover langs land så langt det gjekk før vi kryssa over mot sjølve Lemmingvær. Eg konstanterer at padlekulturen varierer frå landsdel til landsdel. På Sunnmøre er det gjerne padling i bølger som er greia og effektive framdriftstak er gjerne ikkje i fokus. Det er det derimot i nord, men eg klarar å halde følge utan alt for mykje blodsmak i munnen.

Klassisk før start bilde

Lemmingvær i det fjerne

Snart kryssing over

Mariann i sin flett nye NDK Sportive

Sol og silkeføre utover. Jan Viggo er fornøgd.


Vel ute ved Lemmingvær er det berre å nyte. Det er så lekkert så lekkert! Grunne laguner, sandbotn, kvite strender, yrande fugleliv, turkisblått hav og kvite fjelltoppar. Vi snirklar oss mellom og rundt der det er mogeleg og ser oss i kring før det vert beinstrekk i sola.

Det fotograferast over ein låg sko

Ikkje heilt ulikt padling på Sunnmøre faktisk

Snart beinstrekk



På returen slår eg følge med dei som tok kortaste vegen utover - det er ikkje om å gjere å slite seg heilt ut heller. Turen vart på ca 14,5 km måler eg på kartet i ettertid og akkurat passe langt.

På heimveg. Inger Johanne er sjef.

Så stilt som det kan bli! Kirsti og Jan Viggo.

Tranøy

Søndag er kirketid, og når det attpå til er pinse er det vel høveleg å besøke Tranøy kyrkje. Der har eg rett nok vore ein gong før, men det er så flott der ute så ein reprise er berre greit! Det er vått og grått denne dagen, men det gjer ikkje så mykje når ein uansett har tørrdrakt. Det vart litt motvindspadling begge vegar, men ikkje så mykje at ein kunne skulde på vinden for at det vart eit relativt stort strekk i feltet på returen. Alf kunne ikkje anna enn å riste på haudet og legge seg såpass langt bak at han klarte å ha heile feltet innan synsvidde. Ingen blåse bort og vi var like mange tilbake som då vi dro.

Padling i prateavstand til naboen. Alf instruerer.

Midtfjords og litt motvind

Kirketid...

...men først litt ferdamat

Tranøy gard

Retur. Framleis nokonlunde samla

Vinden snudde til vi skulle heimatt så det vart motvind då og

Siste bilde av samla flokk før det vart fullstendig sprik i feltet


Det er ganske kjekt og sosialt å være i lag med denne gjengen ei heleg. Folk kjem med godt humør, kaker og skrøner. Vi grillar, et, tyt og kosar oss. Kviss med Renate og Bjørn heldt spennende foredrag av sin planlagde tur til Grønland.

Og før vi veit ordet av det er helga over. Dvs eg tok meg litt ekstra god tid denne gongen og vart ei natt til. Sola kom tilbake og eg fekk sjå Senja frå si beste side før eg for heim att. Tusen takk for for denne gong - så sjåast vi vonleg igjen før eller seinare!!




28. juni 2022

Snartur til Senja

I pinsa var eg så heldig å få meg ein tur til Å på Senja. I strålande sommarvær gjekk turen frå Tromsø og vidare til Å. 3,5 timar på "vestlandsvegar" i variert og flott natur. Innlosjering i lånt utstyr mellom bjørkeleggane attmed grendahuset. Vi gjer som heime og legg oss i le for vind og regn som er meldt (noko vi vestlendingar rimeleg gode på...) Og yr held det dei lovar - regnet kjem i det siste teltpluggen er nagla til bakken.

Framleis sol og sommar ved grendahuset.

Første kveld vert brukt til sosialisering. Kjekt å helse både på kjente og ukjente. Mogelege turmål for dagen etterpå vart presentert. Det er meldt rett mykje vind, så vi går i fellesskap inn for å padle innaskjærs - til Tranøya. Her bør ein kunne padle nokon lunde i le for vinden som er meldt. Planen er å gå ut frå Tranøybotn og padle det korte stykket bort til Tranøya, være litt turist og kike litt på Tranøy kyrkje, og så padle attende.

Framleis optimistar og klare for tur.

Medan vi pakkar kajakkar aukar vinden på, og den ser ikkje ut til å ville gje seg heller.

Det er ruskut å leggja utpå...Tranøy et hønseskræv unna.

Han bles godt. Eg får ålt meg ned i Pilgrimmen (Expedition åffkårse..) eg har fått låne, og alle mann alle kjem seg etterkvart ut på vatnet. Vi kjenner litt på været alle i hop. Dette er kan hende ikkje dagen for å ha ei stor gruppe på vatnet med begrensa moglegheiter til kommunikasjon pga. vind, og ulikt nivå på gruppa likevel. Tur til Tranøya vert i staden omgjort til teknikktrening i bølger og vind attmed land for den som vil. Og tur til fots for dei som foretrekk det.

Grei skuring - det er under slike tilhøve eg uansett treng å få teste ut ein potensiell ny kajakk. Og teste fekk eg. Ikkje at Playen er så breid, men Pilgrim Expedition er hakket smalare. Men at den skulle opplevast som såååå ustabil i sidebølger kom overraskande på meg. Heilt til eg innsåg at halve cockpit var full i vatn....Puh! Etter å ha fått tømt kajakken for vatn vart det ei heilt anna sak. Usedvanleg god kontakt med skroget gjorde at eg sat trygt og godt  - både med vind og sjø frå  sida, bakfra, forfra etc etc....Den gjekk greit å snu, sjølv i dei sterkaste kasta (15 m/s +?), verka rel. retningsstabil uansett kor vinden kom i frå - i det heile var eg godt fornøgd. Eg bomma rett nok på ei rulle, men eg har faktisk trua på at eg skulle fått det til det ute i kavet med litt trening. Kammeratredning gjekk greitt sjølv med nok for liten cockpit. Så om ein ser bort frå at padleform- og teknikk ikkje er på topp for tida, trur eg at eg greide meg bra.

Bilde lyg alltid. Men det var både vind og bølger. Eg tv i Pilgrimmen. Foto: Mariann

Ser fornøgd ut og er fornøgd. Foto: Mariann

Sveitt og forkava gir vi oss etter ein time (eller to? - hugsa ikkje) på sjøen. Eg har fått testa kajakk så grundig som det let seg gjere på så kort tid og har bestemt meg - denne må eg ha. Litt skreddersaum må rett nok til - eg er for lang i beina til std cocpit, og framskottet må flyttast litt på. Men ellers trur eg ikkje eg har hatt så god kontakt med skrog på nokon kajakk som det eg fekk i denne. Kan hende finst det raskare kajakkar å få, eller kajakkar som fangar betre surf (var ikkje spesielt surfevillig denne dagen i alle fall), men til turar, både korte og litt lengre, med dei behova eg har - trur eg den er så nære blink det går å få. For meg. Ingen kajakk passar alle, og ingen kajakk duger til alt. Slik er det berre. Men det ER ein kajakk for små personar, så eg kan ikkje legge ubegrensa mykje på meg....Men det er kanskje ingen ulempe når det kjem til stykket.

Godt med ein dukkert etter all kavinga i vind og bølger - sjølv om det var kaldt...

Passe mødd etter ein innhaldsrik dag og kveld er det godt å krype til køys i teltet. Sjølv om det regnar og bles.

Kjekt å sove i telt att. Her med lånt bustad.

Neste dag er vinden framleis like stri. Det er ikkje noko vits i å planlegge tur på sjøen. Her er nok å finne på likevel. Anten ein vil utforske sjølve Å eller dra litt lenger unna. Mariann, Wenche, Ragni og eg valgte oss ein tur i Ånderdalen Nasjonalpark. Og til dei som lurer på om den er verdt eit besøk - det er den! 



Her er det flott tilrettelagt både med universelt utforma turvegar, stiar som er nennsomt lagt i ulendt terreng, arkitektteikna gapahuk med flott utsikt vidare innover fjellheimen og med utedass i same stil. Det er så lekkert og forseggjort at eg vert over meg av begeistring!! Eg er ein liten augneblink på "jobb" og studerer så auget vert vått og stort.

Fleire frå gruppa hadde og teke turen hit i dag. Kjekt med tid til å bli litt betre kjend med folk medan vi ruslar innover.

Gapahuken er akkurat passe stor for to å overnatte i. Tenk for ein luksus å vakne til denne utsikta!!

Fin og blid gjeng!!

Lekrere dass uti skauen skal du leite lenge etter. Rangi er fornøgd.

Nesten som på Nittedals Hjelpestikker. Uberørt og vakkert.

Etter turen i Ånderdalen var det lunsj på kafeen hos Hege på Norwegian Wild. (kan anbefalast - eg koste meg sopass mykje at eg gløymde å ta bilete...) før dagen vart avslutta på Gammelbutikken i Skrolsvik vest for Å. Her har tida har stått stille i omlag 150 år (fersk kaffi og vaffler då..). Ein artig butikk for oss som likar skeive hus og raritetar frå gamle dagar.

Gammelbutikken i Skrolsvik

Pinsa nærmar seg slutten og tida har gått forrykande fort. Det har vore mykje vær og lite padling, men det gjorde i grunn ikkje så mykje.  Eg får heller ha det til gode. Kjekke folk, flott stad og fantastisk vertskap - det held i massevis.

Takk for meg - og på gjensyn!! Senja viser seg frå si beste side. Til slutt.