Når eg endeleg har komme i gang att med padlinga er det om å gjere å halde den varm. Og når yr.no attpåtil melder om fint vær laurdagen er det ikkje anna å gjere enn å lodde stemninga. Jaudå - Lene H. og Torunn Mari blir med. Sjølv om eg vil starte i gryotta. Giske rundt er det sjølvsagt målet - kanhende med innlagt rull og redning. Vi får sjå...
Giske rundt er og blir min favorittnærtur. Ein padlar i hav og fjord på same runde og lyset skifter alltid. Det er ganske grunt rundt den paddeflate øya, så havlandskapet endrar seg og ganske kraftig med flo og fjøre. Og i dag vart det ekstra langt å runde Kvalneset.
Vel inne i Øydegardshavna og 2/3 av turen unnagjort kunne det passe med litt rull og redning. Eg har knapt nok rulla Playen, og no nærmar det seg året for sist gong eg rulla. Vann i fjeset først og ein kjapp tanke om at "vil eg dette her då?" før eg lar det stå til. Yess! Det gjekk!! Såvidt. Neste rulle gjekk langt betre, og eg gir meg med flagget på topps. I mellomtida har Lene og Torunn og komme godt i gang med å øve seg. Lene på rulla og Torunn Mari på eigenredning. Og ser man det - øvelse gjer meister!
Vel nøgde med oss sjølve alle mann, var det berre å nyte siste biten rundt. Når du glir over den kvite sandbotnen og azurblått hav, er berre det temperaturen som avslører at vi faktisk ER i Noreg. Uansett har vi no tørrdrakt på, så det spelar i grunn lita rolle.
På land att og klar for heimveg kjem det fram at Torunn Mari har bursdag. Hadde vi visst det skulle vi stilt med kake og kaffi, men vi får ha det til gode! Kjekk tur og herleg selskap - gler meg til fleire :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar