GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

12. juni 2020

Rull og tull

Siste tur rundt Giske med innlagt rulle, gav mersmak. Økt med rull og tull vart avtalt med Lene og nokre andre - sjølsagt på ein strålande fredagskveld. Varmen har vore her nokre dagar no, og i overflata hadde vatnet god temperatur og akkurat passe til å kave litt i sjøen. Men det er ikke betre temperatur enn at ein enno er nøydd til å kle seg godt om ein skal være uti ei stund.

Eg startar forsiktig med grønlandsåre og forlenga grep. Det går greitt. Så vanleg grep - det går ikkje greitt. Påfølgande eigenredning går derimot greitt, også tømming av båt som eg synes er noko herk, og må øvst meir på. Så går eg over på euroåre - vanleg grep. Dette kvir eg meg for, for eg veit at eg har ein tendens til å skjere euroåra ned i sjøen når eg stressar. Og no stressar eg.....Men det går høveleg greit. Både ein og to gonger. Bytte av side - går ikkje greitt. Kroppen har stivna til ila dei siste åra - alder heiter det visst - og eg klarer ikkje heilt å finne ut av opp og ned og bak og fram. Greenlandaren må nok fram att!

Det vart kaving, leik og morro i nokre timar. Kjekt med med selskap, kjekt med nye folk. Og heilt greitt med god vanntemperatur og.


Ok linjer også på Playen

Lene såvidt synleg bak Nukaen

Mykje småfisk å sjå!

Sydenstemning!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar